onsdag 29. september 2010

Trailer-trash

Vi skal vere med på eit "aktiv på jobben"- opplegg, og har fått utdelt skrittellar.
I dag har eg gått et lite stykke..


Faktisk har eg gått heilt frå byn til Fyllingsdalen (i tillegg til det eg gikk til og frå jobb) og er ganske fornøgd når eg ser at eg har gått 11.4 km i dag. Er litt kjekt å sjå kor langt det er, og ikkje berre føle det liksom..

På Melkeplassen møtte Venke meg og vi gjekk siste stykket sammen..


For vi var på vei til møte i åndelig- og sosialgruppa i Seraf. Og denne gongen skulle vi vere hos vår gode venn, Are. Are bur altså i Fyllingsdalen, til vanlig i ei leilighet, men for 8. og siste veke bur han no i ei husvogn..

Vi vart sjølvsagt ynskt varmt velkomen, og det må seiast at det var veldig trivelig.


Det er jo ikkje kor stor plass ein har, eller korleis møblane ser ut som er det viktige, men kven ein er i lag med! Og der det er hjarterom er det alltid husrom!


Og som ein takk for meg, tok eg med meg trailer-trashet og sat på med Gunvor heim. (i allefall nesten)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar