mandag 13. september 2010

Brrrrrrrrrrrrostein!

Kva er vitsen?
I dag fikk eg den forsvunnede koffert levert på jobb, noko som resulterte i at eg måtte dra den med meg heim. Og eg kan berre ikkje fatte og begripe kva som er vitsen med brostein..

Eg kan, med sterkt forbehold, være enig i at det KAN
vere dekorativt!

1. Det er umulig å gå på med høge hælar
2. Det blir spinnglatt når det er vått - noko det ofte er i Bergen..
3. Det er et slit å dra trillekofferten over, for ikkje så snakke om at det er tungt på grunn av at det blir fort ujevnt.
4. Og på grunn av at det er så ujevnt så treng du egentlig nyrebelte for å kjøre på det med bil, du bør i allefall ikkje måtte særlig mykje på do når du skal gjere det.
5. Som oftast manglar det ein stein eller to her og der, og så har vegvesenet lappa litt her og der, gjerne med ein porsjon asfalt, slik at det ikkje er spesielt fint å sjå på heller!
6. For ikkje å snakke om lyden det lagar å dra eller køyre noko over det... Det kan vekke døde!

Men ja, eg kan være med på at det KAN vere fint når det er skikkelig lagt og sola skin og du slepp å dra noko over det, køyre på det, gå på det eller liknande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar