søndag 26. april 2015

Livets labyrint

Kjære Gud! Gi meg tålmodighet - og gjer det no!
Det passar på meg.
Eg er ikkje tålmodig, ikkje på ein flekk.
Eg vil ha action - eg vil vidare.


Men i det siste har eg vorte utfordra frå fleire hold på det å stoppe opp,
å ta meg tid, roe ned, senke skuldrane og vere der eg er.
Og eg har oppdaga at det er i grunnen veldig godt.


Eg har fått meg ei lita vane.
Det begynte for eit par måneder sidan.
Eg gjekk innom Grace Cathedral på ein fridag.
Der er det ein labyrint i golvet.
Eg gjekk den.
Og så gjekk eg og sette meg ei stund
og berre var stille.
Det var godt.
Det tømde hovudet.



Så eg har begynt å gå innom Grace Cathedral når eg har fri.
Og går labyrinten.
For så å sette meg ned litt
og stoppe opp.





Det gjer at eg har tenkt masse på at livet er litt som labyrinten.

Eg kan jukse og prøve meg på å gå snarveier,
men det blir fort berre rot.
Det er krevande å få til svingane på ein skikkelig måte, 
dersom eg ikkje tek meg tida eg treng.
Og så ser eg at sjølv om eg no har gått denne labyrinten 
ganske mange gonger, 
og den ser tilsynelatande enkel ut,
så er den fortsatt så komplisert at eg ikkje greier å sjå
korleis eg skal gå om 4-5 svingar.. 
Og det er jo litt sånn i livet, 
det er ikkje mulig å sjå framover..


Skal eg gå den på ein tilfredstillande måte,
må eg vere tilstades akkurat der eg er,
og eg må ta meg tid og ikkje heile tida fokusere
på å komme meg fortast mulig til målet.
For sjølve vandringa er 
lærerik og givande.
Akkurat som livet.


lørdag 18. april 2015

Når det mangler ein bit..

Eg skulle berre bruke den der kabelen ein brukar til internett når ikkje wifien er heilt god.
Og boksen står over peisen, og på ei hylle under den stod det to lysestakar og to willowtree-figurar..
Plutselig stod det berre to lysestakar og ein willowtree-figur.
Den eine hadde ramla i golvet. Og vart knust.
Dei to store bitane var enkle å finne, men i sida mangla det ein liten bit. Eg saumfor området, også kjent som stovegolvet, men eg fann den ikkje.


Til slutt måtte eg berre kalle den tapt, og lime saman dei to bitane eg hadde. For å kaste den, det greier eg ikkje. Eg veit jo kven eg har fått den frå! Men kvar skal eg sette den, og korleis skal eg sette den for at skaden ikkje skal vere synleg?


Men dei siste dagane har eg vorte gåande og tenke på denne figuren, om skaden den har og korleis det er slik i livet også.
For det blir jo fort at vi går oss på eit samanstøt med bakken. Eit samanstøt som knuser ein bit av oss.
Og kanskje må vi ha hjelp til å lime sammen bitane og kva då om ein bit manglar?

Er det ikkje litt slik at vi prøver å dekke over det? At vi lett kan tenke at vi er klar for søpla? At vi føler at vi misser litt verdi? At vi i alle fall ikkje bør vise oss fram på noko vis?
Men - er det ikkje også slik at når vi får sjå andre sine arr, så gjer det noko med oss? Blir det ikkje litt mindre skummelt å ikkje vere perfekt lenger? Og gjer det ikkje noko med oss når vi vågar å vise fram arra våre? Eg viste fram eit av mine store, stygge arr her for ikkje lenge sidan. Eg kjende langt inn i sjela kor skummelt det var. Frykta for å bli avvist låg tjukt i lufta. Men eg vart ikkje det. Og det gjorde noko med meg. Det vart plutselig ikkje så farleg at det er der..


Nokre arr er meir synleg enn andre, men vi har alle våre ting. Nokre gonger er det store bitar som er borte, andre gonger må det berre litt lim til før skaden blir nesten usynlig - i alle fall på avstand. Ein kan lett la være å lime det sammen. Berre la det ligge der og håpe på at ingen ser. Kjempe for å skjule det for verden, og slite seg ut bak fasaden. Særleg om ein veit at ein bit vart borte og ein ikkje greier å lime det sammen sjølv. Men om ein lar hender som bryr seg lime sammen, så kan resultatet likevel bli vakkert - sjølv om det manglar ein bit.


Eg trur eg skal sette figuren min tilbake på peishylla. Ho held ein sommarfugl. Sjølve symbolet på at gjennom prøvelse og smerte kan det vokse fram noko vakkert. Den må kjempe seg ut av puppestadiet for å kunne bli ein sterk og fri sommarfugl. Og kanskje blir ho ståande slik at "såret" i sida blir synleg, berre for å minne meg på at å ha arr er ikkje farleg. Det farlege er å prøve å framstå som perfekt.


onsdag 15. april 2015

Familiebesøk og road trip gjennom tre statar


Eg kan ikkje fatte og begripe at det har gått 14 dagar sidan dette.
Sidan eg stod på flyplassen og venta i spenning,
og plutselig var dei der.
Ellen Synøve, mamma og pappa!
 

Vi har hatt to fine veker sammen.
Eg har sjølvsagt lært dei opp i gode matvaner,
ein går jo ikkje på MacDonalds, 
ein går på In-N-Out Burger!!
 

I arbeid vart dei og sett fyrste dagen.
Pappa måtte spa fram gamle kjøkkenkunster
når han diska opp med 
Tilslørte Bondepiker
til dessert på studentmiddagen 1. april.


Skjærtorsdag fekk dei og ein innføring i 
amerikansk høgkultur då eg tok dei med på Costco
(eg har dessverre ikkje bilder av det)
før vi var med på Skjærtorsdagsmesse.
 

Fredag var planen å reise opp til Muir Woods.
Det hadde resten av San Francisco også tenkt,
så etter litt feilkøyring (min feil)
vart det heller ei lita runde i Marine 
før vi tok ein liten bilsightseeing i byen.



Og etter ein så strevsom dag var det viktig 
å bygge opp igjen til neste dag.
Så vi var på Tony's og handla oss pizza
 
 

Før eg tok med Ellen Synøve
 (mamma og pappa hadde også tilbudet)
og fikk litt amerikansk kvardagsluksus.



Påskeafta vart brukt på ein busstur rundt i byen.
Var i grunnen ikkje så dumt det heller.
 

Og ein kan jo ikkje har vore i San Francisco
uten å ha tatt Cable Car!!


Første påskedag var det festgudstjeneste
med konfirmasjon


Før vi sette oss i bilen med nasa sørover,
og etterkvart litt austover..
 

I løpet av dei neste 6 dagane skulle vi tilbakelegge 3514 km
på landeveien i tre stater. (California, Arizona og Nevada)
Då er det godt at fartsgrensa ikkje er 80 km/t
men at vi snakkar om miles. 
Det er mykje kjekkare og ekstremt mykje meir effektivt!

Foto: Ellen Synøve (Sjåføren hadde sjølvsagt henda på rattet!)

Første natta var i Barstow. 
Det var berre ein stopp på vegen til
Sedona.
Om du nokon gong har mulighet,
så er eit besøk i Sedona absolutt å anbefale.
Og dei har rundkøyringar,
i motsetning til alle andre plassar eg har vore her i Statane..
 

Landskapet her er heilt fantastisk,
og bildene yter ikkje fargespelet særleg rett,
men bildene får tale for seg..


Verdens beste foreldre!

Oppe i fjellsida var det ei lita kyrkje



Selfie-time!


Frå Sedona gjekk turen via Flagstaff til Grand Canyon.
Det var eit mektig syn..


Det er dessverre ikkje mulig å forklare kor vanvittig svært
dette er, eller kor bratt og skummelt..
Og bildene greier ikkje fange det.
Det må rett og slett opplevast.
 


Og etter dette gjekk turen til Las Vegas.
Eg trur ikkje mine forelde, eller Ellen Synøve,
 nokon gong hadde sett for seg 
at dei skulle bu to døgn på eit Casino.
Men det kan dei uansett krysse av på lista.


Her var det kviletid for sjåføren,
og litt soling.
Men vi tok oss ein liten avstikkar,
til den lettare kjende
Hoover Dam.
 

Det er litt av ein konstruksjon,
som tok rett i underkant av 5 år å bygge 
på begynnelsen av 30-talet. 
Demninga er 200 meter tjukk nederst, og 15 meter på toppen.
96 menneske mista livet under bygginga.
 


Her fekk eg forresten mi første samtale med politiet i USA, 
sånn fordi eg teknisk sett gjorde noko eg ikkje burde.
For eg køyrde inn på ein slags parkeringsplass
der du må ha løyve for å stå,
for å restarte mobilen slik at vi fikk kart å køyre etter.
(ikkje at eg trengde det, eg greidde faktisk finne vegen tilbake
heilt sjølv!)
Men då kom onkel bort med litt mørkt blikk,
men med ein gong han såg at eg holdt på med mobilen
og hadde valgt å køyre ut av vegen og stå stille
mens eg gjorde det, så var både 
nåden og vennligheta stor!
 
Nye vegen over Hoover Dam.

På kvelden starta vi feiringa av bursdagsbarnet på turen.
Sjølv om det var nokre timar for tidlig på denne sida av jorda,
så var jo dagen i gang i Norge,
så vi gikk på kinarestaurant. 
 

Og ein må jo ta seg ein tur til The Strip
når ein først er i Vegas!




Etter kvart vart det tid for heimreise,
og vi la ruta via Death Valley.
Eg kan seie allereie no at 
den virkar mykje lenger enn den faktisk er!



Men det var heilt fantastisk å komme ut derifrå,
og sjå fjella som ligg der og badar i sola..
 

Siste natt på rundturen vår sov vi i 
Buttonwillow.
Aldri hørt om det?
Det hadde ikkje vi heller, 
men eg hadde booka oss eit par rom
i nærleiken av Bakersfield..
Og her havna vi.
Det var ikkje mykje å sjå der,
kan du seie..
Men dei hadde seng, do og dusj
og då var vi fornøgde.
 

ja, og ein fantastisk solnedgang fekk vi også på kjøpet!
 

Vel heime i San Francisco igjen
vart det søndag,
og vi åt ein god frokost før vi gjekk 
på gudstjeneste i Glide Memorial Church.


Etterpå åt vi burger og shoppa,
slik ein kan her... 
Men eg er framleis skeptisk
til søndagsåpne butikker.
Eg syns i grunnen det hadde vore fint
å ikkje hatt freistinga!
Og eg syns folk bør få søndagen fri
om det ikkje står om livet..


Mandag, altså i går,
tok eg og med reisefølget i ei kyrkje 
før vi gjekk på shopping.
Grace Cathedral.
 

Og i dag gjekk turen  ut til flyplassen igjen.
Denne gongen for å seie på gjensyn.
Om ein god månad er det min tur å sette meg
på flyet og reise heim.

Eg må innrømme at det var ganske stusslig
å komme tilbake til leiligheta.
Og sjølv om eg burde rydda og vaska, 
så gadd eg berre ikkje.
Eg er rett og slett litt trist.
Men samtidig er eg veldig takknemlig for at 
dei kom, for alt vi fikk oppleve i lag,
for latter og samtaler og gode klemmer.
Og så håpar eg dei har ein fin tur heim,
og gledar meg til eg sjølv skal heim.