torsdag 28. juli 2011

Korleis vert eit monster til?

Dei siste dagane har det vore sagt mange fine ord om demokrati, fred, forsoning og kjærleik. Om at vi må vise kvarandre omtanke, at vi står saman i sorga, at kjærleiken må overvinne hatet. Alt dette er sant og godt. Men samstundes var det lynsjestemning utanfor Oslo tingrett då gjerningsmannen kom dit. "Vi ønsker å drepe ham!" var det ein som sa på nyhetene. Og ein kan lese og høyre at når folk verd spurd, så ytrar mange at dødsstraff vil være for enkelt - han bør få svi!

Eg forstår dette. Eg kjenner dette. Eg vil helst ikkje at menneske som gjer slike vonde ting skal leve i same verd som meg, og i allefall ikkje at dei skal få det enkelt. Men eg veit og at når ein let hatet få tak, så er det vanskelig å vinne over det vonde med det gode. Kanskje er dette lett for meg å seie, som ikkje har mista ein av mine nærmaste. Det kunne fort vore ein av "mine" som var der, og kanskje hadde det vore vanskelegare å tenke disse tankane då?

Eg sat her i godstolen og høyrde far til ein av dei drepte seie at han ikkje hadde ofra ein tanke på tilgivelse, at han ikkje visste om han kunne tilgje - men han hadde bestemt seg for at han ikkje ville la hatet får slå rot. Det ville berre ramme han sjølv. Eg har djup respekt for denne mannen. Eg trur han har rett. Men eg trur og han har valgt ein vanskeleg veg.

Eg vil at gjerningsmannen får straffa han fortjener. Men eg spør meg og korleis kom han dit han er i dag? Kvifor var det ingen varsellampar som lyste hos nokon? Han var då ikkje åleine i verda.. Eller var han det? Eg har tenkt mykje på mor hans disse dagane. Det må vere utruleg vondt å sjå son sin begå slike handlingar. Ingen foreldre greier å sjå at borna deira kan bli slike monster. Ingen foreldre kan tru at deira barn kan få slike ekstreme meiningar, og handle ut frå ei slik overtyding! Ingen vil tru at deira barn ikkje er "normalt". Eg trur at skal vi oppdage dei som er på veg inn i slike miljø, som startar å få slike overtydingar, så er vi som ikkje står for nær nøydd å ta ansvar!

For korleis kunne ein mann få utvikle raseriet sitt mot andre i 9 år utan at nokon såg det? Korleis kan han ha fått forvrengt sitt bilete på andre menneske og på seg sjølv utan at det vart lagt merke til? Var det ingen der som fanga opp at noko ikkje stemde? Eller tenkte dei at det var element der som dei kunne kjenne seg igjen i, og difor tok ein det ikkje så alvorleg? Kanskje lytta ein ikkje etter kva som var meininga bak orda? Kanskje lot ein vere å handle sjølv om ein såg at det gjekk i feil retning? Og kva gjer vel eit menneske meir frustrert, sint og hevngjerrig enn det å oppleve å bli oversett eller ikkje tatt på alvor, ja, kanskje til og med bli ledd av. Eller var han ein så enormt god skodespelar at ingen ana at noko var gale? Dét er i allefall sikkert: Ingen kunne ane kor djupt hatet var, kor seriøs mannen var blitt i si overtyding.

Vi er jo alle litt redde for det vi ikkje kjenner. Og det har slått meg korleis media har håndtert denne saka.
På fredag, før han vart pågripen og det kom fram at det var ein etnisk nordmann - ikkje ein einaste spekulasjon tok høgde for at det kunne vere ein av våre som stod bak dette. Nei, det måtte vere frå Libya, al-Qaeda eller i allefall frå den muslimske verda. Ikkje ein gut frå beste vestkant i Oslo! Sjokket vart desto større då ein oppdaga kven som stod bak ondskapen.

Eg trur mange av oss har tenkt at krigen var over i 1945, at ideologien til Hitler døydde då. At  framandfrykt er noko dei kjempar med i USA, og at vi ikkje har problem med dette, sjølv om vi helst ser at alle naboane våre er nordmenn - i allefall til vi blir kjend med nokon som ikkje er det. Vi veit at det finnes høgreekstreme miljø, men så lenge fleirtalet av oss ikkje syns det er noko å tru på så er det ufarleg. No har vi fått motbevist det.

Media sine spekualsjonar understreka det heile.  Dei som har ein annan religion, hudfarge, kultur vart stempla som mulige terroristar med ein gong ugjerninga var begått.  Det gjekk ikkje lenge før vi fekk høyre om dei som opplevde å bli ropt etter på gata og plaga, berre fordi dei hadde ein annan hudfarge. Hadde vi hatt dei samme rause talene i ettertid dersom det virkelig var ein Ahmed eller Mohammed som stod bak? Eller hadde det vore lettare å legge ut på jakt då?

I dag leste eg spekulasjonar om kven som er farligast i ei nettavis. I følge Europol var det ikkje dei høgreekstreme, men muslimane. Har ikkje den siste veka lært oss noko? Å spre frykt for andre menneske, uansett hudfarge, fører aldri noko godt med seg! Det er eit like stort mangfold av muslimar som det er av kristne! Ein ekstremist er ein ekstremist - uansett kva Gud han tilber!

"Om ein mann kan hate så mykje, tenk på kor mykje kjærleik vi kan vise som fellesskap" var utsagnet som AUF-jenta sa til CNN. Fine ord, og ikkje minst sanne ord! Men det er berre fine ord om vi ikkje greier å vise det i praksis. Dersom vi ikkje vågar å gå inn i diskusjon med dei som har dei ekstreme meiningane, og gjer det vi kan for å overtyde dei om at menneske er like verdifulle om dei er frå Irak som om dei er får Norge. At ingen menneske har større eller mindre verdi. Hudfarge, augefarge, hårfarge, etnisk tilhørsle, tru, levevis og verdisyn gjer deg ikkje til eit betre eller dårlegare menneske. Du har like stor rett til å vere til, her og no!

Det seies at ord avlar handling. I det ekstreme har vi sett at dette er noko i. Men eg syns det er rart at vi ofte, sansynlegvis på grunn av menneskefrykt, ofte tar det litt meir forsiktig når det er snakk om å elske. Det har vore rørande å sjå korleis folk har gått mann av huse for å vise at vi står sammen for demokrati og rettferd. Vi viser at vi føler med og gjerne deler børa med dei som sit igjen i sorg. Eg er stolt av å vere del av eit folk som har reist seg så samla, for frihet, rettferd og fred! Eit folk som samlar seg om kjærleiken.

Men å elske er ikkje berre å holde rundt kvarandre og seie gode ord. Å elske er å kjempe for det ein trur på, det er å vise at vi tek andre på alvor og at vi vågar å seie frå når vi meinar dei er på feil veg. Dersom du ser nokon er på veg mot stupet må du gjere det du kan for å stoppe dei dersom du vil vere eit godt medmenneske.

Vi er vel alle enige om at vi ikkje ynskjer å oppleve ein ny 22.07.2011. Vi er enige om at vi vil ha demokrati og åpenhet. Vi er enige om at vi vil elske. Så kanskje ligg utfordringa hos kvar enkelt av oss: Å våge å elske på den tøffe måten. Å våge å forsvare det vi trur er rett. Å våge å forsvare alle menneske sin rett til å vere til - og å forsvare alle menneske sin verdi. Å våge å gå inn i diskusjonen med dei vi opplever som urimelige.  Å våge å bry oss om dei som startar å få vridd verdsbildet sitt i feil retning, før det er for seint.

Eg har ikkje svara på korleis eit monster blir til. Men eg trur at dersom vi tillet frykt for det ukjende, tillet at nokon vert stempla som farleg berre fordi dei tilber ein annan gud, tillet at nokre menneske vert rekna som mindre, eller meir, verd - då kan vi fort skape mange monster.

lørdag 23. juli 2011

stop all the clocks





Det er ikkje ord som kan beskrive det siste døgnet sine hendingar.

Bak kvart eit tal er det eit ansikt. Og bak kvart namn er det eit titalls menneske som er berørt. Heile Norge står stille og undrar seg over ondskapen som har ramma - vi har ikkje politiske meiningar som er viktige i dag. I dag er vi, som mange har sagt før meg, alle AUF-ere.

I dag rekker vi ut armar for å gje varme klemmar, vi gjer kva vi kan for å gje trøst og medfølelse. I dag er ikkje dagen for å dømme. Hat avlar hat, vi må vinne over det vonde med det gode - noko som sjølvsagt er lettare i teorien enn i praksis. 

Mange mennske sit i dag med botnlaus sorg. Dei har mista nokon dei er glad i. I dag er det ingen som kan finne meining i det som har skjedd - for det er inga meining!
Min medkjensle og bønner går til alle som sit att i sorg og smerte! 
La oss alle ta vare på kvarandre og bry oss slik at vi aldri får oppleve noko slikt igjen! 

Eg har gått og tenkt på eit dikt, og trur eg vil la det få seie sitt, for mine ord strekk ikkje til. I dag er det kanskje nokon som vil finne trøst i det...


Stop all the clocks, cut off the telephone 
(W.H. Auden)

Stop all the clocks, cut off the telephone,
Prevent the dog from barking with a juicy bone,
Silence the pianos and with muffled drum
Bring out the coffin, let the mourners come. 

Let aeroplanes circle moaning overhead
Scribbling on the sky the message He Is Dead,
Put crepe bows round the white necks of the public doves,
Let the traffic policemen wear black cotton gloves. 

He was my North, my South, my East and West,
My working week and my Sunday rest,
My noon, my midnight, my talk, my song;
I thought that love would last for ever: I was wrong.

The stars are not wanted now: put out every one;
Pack up the moon and dismantle the sun;
Pour away the ocean and sweep up the wood.
For nothing now can ever come to any good.


torsdag 21. juli 2011

Feriemodus og familietid


Det er ikkje ofte eg tek fly når eg skal heim. Men denne gongen utkonkurrerte Widerøe (!) resten av reisemarkedet. Så det vart to halvtimesøkter i lufta og ti minutt på Sogndal lufthamn, før eg kom meg til Volda. Der bur bror min med familie. Og eg var så heldig å få tilbringe ein dag i lag med dei - fint vêr vart det og!


Minstebror hadde fått arve datamaskina, utan antivirus som var oppe og gjekk. Det får fort konsekvensar...

Kristoffer sin hotmail...

Dei er nokre sjarmørar disse tantegutane mine..





Og så er dei så spreke. Lurer på kor dei genene vart av då eg vart til - dei er ikkje her i allefall!


Kristoffer begynner på befalskulen i august. Eg er heilt imponert! Fyrstemann var MP, nestemann befal MP, kva skal tredjemann bli??

Hadde jo vore kult om det var meg...

Jetmund er ein reser på Diabolo, eller, i allefall flinkare enn meg. Når ein leikar med slikt på verandaen kan det fort utløyse ein serie av hendingar som krev teamarbeid. Som f.eks. når den havna på taket, og vart liggande fast i snøfangaren..

Farmor, Jetmund og Sverre i aksjon..


Definitivt sterkare i høgda enn dei fleste av oss..


Han fant, han fant!


Vi fann og eit ringspel - der viste tanta større flaks enn talent, og det vart delt fyrsteplass med Jetmund.




Så bar det heim til Stadt. Også der skein sola, enn så lenge..


Ugras er også vakkert!


Hjertrud - ein av fire skjønne småpusar

Og denne skjønningen har fått namnet Pitbull..
Når vêret brått skifta til regn og skodde, så er det greit å ha eit par kortstokkar å leike med..

Go fish!


Og så var det ei som hadde fått ny kjole! Prinsessekjole!

Og sykkelfeberen har også inntatt Stadlandet. Spesielt ei lita tuppe på 5 år som akkurat har fått av støttehjula brukar så mykje tid som mulig på å sykle rundt og rundt. Foreløpig har det stort sett gått bra, men nokre skrubbsår må ein rekne med i starten... Eg syns ho er veldig flink!


Og av og til lånar storebror sykkelen...
 Vêret har ikkje akkurat tatt seg opp etter fyrste regnbyga etter eg kom heim.. og ein kan no lure om det er noko som kokar opp i fjellet når skodda kjem veltande inn frå havet..


Det er liksom ikkje grenser for korleis det kan bøtte ned.


Då er det godt å finne nokre enkle gleder inne..

Fantastisk ukrainsk vodka.(nei, eg har ikkje smakt på innhaldet, men
flaska er fantastisk!!)

Eg har fått mine besteforeldre sitt post-skatoll. Sverte frå stempelputa er
kjempesjarmerande syns eg! Det er frå tida då poststempelet sa FLØDE!

I går hadde vi raspeball, i dag hadde vi kræde (eller fjellørret) til middag!
Og for fyrste gong sidan eg baka bollar for bollekompaniet i Oslo, fekk eg brått lyst på bollar. Så for aller fyrste gong baka eg glutenfrie boller.

Oppskrift:
100 gram smør, smelta
1 egg
1 pakke fin semper
1,5 ss fiberhusk
ca.3 ss sukker (kan varierast etter smak og behag)
1 ts kardemomme.
4-5 dl lunka melk
1 pk gjær

Ha smør og egg i bakebollen, ha opp i det tørre(eg har fiberhusk opp i det tørre.) Bland melk og gjær(eg brukte ferskgjær), ha dette opp i bakebollen og pisk med handmiksar.
Så heller du røra i ein plastpose, klipper passe hol i hjørnet og sprøyter det ut i passe store rundingar på bakebrettet. Til slutt går du over og klappar det til med ei skei som du har spraya med formfett. (eg spraya bollane også med formfett). Du kan pensle med egg om du vil, eg gadd ikkje det i dag.

Eg steikte det på 200 grader til dei blei lysebrune oppå. (det kjem an på størrelsen og på ovnen, 10-20 min) Mine vart kjempegode, om eg skal seie det sjølv!


søndag 17. juli 2011

Feiring av den komande bruda!

Hausten 1993 flytta eg på hybel. Til mi store lukke flytta eg inn i ein kjellar med Sigrid - som er ei fantastisk jente! Sjølv om vi hadde ein noko ujamn start, takka vere at eg skapte eit særdeles dårleg fyrsteinntrykk av meg sjølv, har det utvikla seg til å bli eit solid vennskap. Vi hang sammen i nesten to år, før ho flytta ut i den store verda. Etter dette har vi knapt budd i same område i eit år. Og no er tida komen for at Sigrid skal gå opp kyrkjegolvet for å få ring på fingeren. Og då må ein ha eit skikkelig utdrikkingslag! Så det har vore mi helg.

Djup konsentrasjon over mobilen..

Vi starta fredag kveld. Sigrid fekk seg ei overrasking då forlovar Eva tok ho med til Anda flyplass. Sigrid likar best bil. Men ho var godt fornøgd etter ein roleg middag på kinarestaurant og ein tur på Finnegans.
Sigrid leika med hipstamatic på mobilen min..

Så fortsette vi på laurdag. Vi skjemde vekk jenta vår med ein tur på spa, shopping og så tillot vêret ein utepils og!

Årets første utecider.. 16.JULI!!

Ho var litt uroleg over å ikkje ha kontroll på kva som skulle skje. Det gjekk tross alt litt for snilt for seg..

Ved godt mot


Og ho vart ikkje spesielt rolegare av å bli plassert i ein taxi og dratt med til ein bunnprisbutikk i Fyllingsdalen.


litt skeptisk, men framleis ved godt mot
Kanskje grunn til å vere skeptisk?


Der venta studio på henne - og innspeling av ein cd med eit variert reportoar.. Ho fekk ha med seg ein person inn dei fyrste tre sangane, og det vart visst meg som måtte vere moralsk støtte. Men jenta greidde seg veldig bra åleine! :)

SUPERSIGRID!! :) (Foto: Stine Ursin)
Og vi har sjelden sett nokon smile så breitt som då ho oppdaga at vi sette nasa mot Nama Sushi etter innspelinga.

Happy brud!
 
Det er ikkje berre berre å ta bilde av eit langt bord..



Eit bugnande bord med godsaker!

Eg kunne ikkje slikka tallerkenen reinare.. bortsett fra wasabien då..
 Vi hadde sjølvsagt med ein gaveutdeling - av ting ho treng no når ho går inn i ektestanden.

Nokre var veldig kreative!

Forsikring for å få fisk - i følge Stine og brura..


Det vart eit solid måltid, med både kaffe og dessert. Brura kosa seg og det gjorde jammen vi andre også.


Og noko seier meg at Nama ikkje hadde noko i mot å ha oss der heller..




Og så gjekk vi ut og dansa, til sola tenkte at det er på tide å stå opp igjen - i allefall nesten. Det er utruleg gøy å gå ut og danse når ein er ein god gjeng med kjekke jenter! Eg trur alle var enige i at det var ein herleg dag!

Sigrid kjøpte seg nye helar som vart innvia i går kveld. Spreke dama!
I dag har verden vore litt roligare, med frokost, kino, tex-mex-middag og kaffe. Og Sigrid er atter på veg heim til Olden. Om tre veker er det fest igjen. Eg gledar meg!