fredag 16. august 2013

Kjære kristne, single gutter....

Kva leitar du etter i ei kvinne?

Gerd Liv Valla si motsetning.... ;)

No har eg gått i ulike kristne samanhengar i mange år.
Eg har møtt mange av det motsatte kjønn,
og til og med likt nokre av dykk litt meir enn berre som venn.
Men eg trur eg kan seie med stor sikkerhet
at eg aldri har opplevd at ein kristen kar 
har vore særleg intressert i meg.


Jo, som venninne er eg intressant.
Som ei som kan å lage mat i omgangskretsen
er eg også bra å ha. 
Men som noko meir, 
nei, då er eg uinteressant.
Sjølvsagt handlar det om kjemi,
det må vere noko der liksom.
Det er snodig at kjemien kan vere så god som berre juling,
men når det kjem til stykket så er det visst ikkje så interessant likevel.

Kvifor er det egentlig slik?


Eg veit jo at eg ikkje er den søte, blonde, 
vevre sykepleieren/læreren fra det forsiktige sørland.
Og eg har sjølinnsikt nok til å vite at eg ikkje er 
noko klassisk skjønnhet, 
eller lever opp til kroppsidealet i den vestlige samfunnet...
Men eg har snakka med fleire jenter
den siste tida,
virkelig nydelige jenter,
som fortel om akkurat det same;
menn i dei kristne miljøa er ikkje interessert.
Og det er faktisk ein del bra menn å velge i,
om dei hadde vore interessert.
Det er derfor eg har begynt å lure...

pynta med norsk flagg og greier..

Kva er det de vil ha?

Og med fare for å skjere alle over same kam
og vere fullstendig unyansert:
Kvifor er det slik at eg opplever å bli invitert ut 
på både kaffe og middag
av menn/gutter som ikkje går i noko kristent miljø,
medan det lyser panikk ut av augene på dykkar 
om eg smiler og held blikket eit sekund for lenge?
Kvifor får eg aldri eit kompliment frå ein singel, kristen mann,
men får mange frå dei som er trygt gifte eller som bevegar seg i
andre kretsar enn dei kristelege?
Kvifor blir det tolka som om eg er klar til å gifte meg med deg,
dersom eg foreslår at ein kunne jo ta ein kaffe for å bli litt kjent?

Er det at vi ikkje lever opp til eit ideal som de har i forhold til utseende?
Er det at det er skremmande når vi har litt mellom øyrene
og vågar å stå for noko?
Eller er det vi som er utilgjengelige og kravstore?
Eller tar vi ikkje hinta?
Er det historia om flisa og bjelken?
Eller er det at det er nokre urealistiske ideal som svirrar i lufta
i forhold til kva kjærleik er?


Eg berre lurer, eg.
Eg skriv ikkje dette fordi det er synd på meg på nokon måte.
Eg har det heilt fint.
For eg er ikkje klar til å gifte meg med nokon eg ikkje kjenner godt.
Og det er rikelig med fine fyrar utanfor dei kristne miljøa..
Men eg er klar til å møte nye menneske,
og bli kjent med dei.
Eg likar det.
Det hadde og vore fint å finne nokon å dele livet med,
som eg og kunne dele trua med.
Og eg er klar til å tåle det
om eg skulle falle for deg,
og du ikkje fell for meg.
Men kanskje, 
om du tok deg tid,
til å bli kjent med meg
så ville du bli litt sjarmert... 
For eg er,
i likhet med mange av mine medsøstre
som ikkje passar inn i den snill-kristen-pike-forma
som ser ut til å vere så tiltrekkande,
ei skikkelig bra dame!


5 kommentarer:

  1. Du e ei knakandes kjekke jente med glimt i auge. Litt galen, men med mykje humør ;)
    (hugsar tilbake på fhs og Firda)
    Kanskje e vi litt kresne? Forventar for mykje tilbake?
    Lukke til vidare. Der er nuk gøymt ein *prins* til deg óg :)

    SvarSlett
  2. Godt sagt! Tror de kristne guttene er sååå TREEEEIIIGE fordi de redd for å bruke den ene sjansen de tror de har (for man skal jo gifte seg med den første man drikker annen kaffi enn kirkekaffi med?!?) på "feil" jente. Man må rett og slett ta saken i egne hender når man finner noen man liker; det skal ihvertfall jeg gjøre. Og nå vet du hvordan, hehe!

    SvarSlett
  3. Me er fleire som har tenkt dei tankane der, gitt!

    SvarSlett
  4. Lykke til! Ser ut som Anne Marit har eit poeng. Er ikkje særleg lov å prøve og feile for kristne..... dei treng då ikkje prøve så frykteleg intimt i starten!!!! Slapp av, våg å bli kjende, våg å bli avviste - utan å ha gått så langt på den intime vegen...

    SvarSlett
  5. Takk for at du sa det!! De kristne mennene som er ugift, virker helt bedøvde, de gjør ingenting!!

    SvarSlett