onsdag 24. juni 2015

Det ække deg, det er meg..

Denne sommaren hadde eg heilt andre planar for enn den hadde for meg.
Og ein av dei tinga som det vart veldig framtredande i forhold til er garderoben eg hadde med meg heim. Sommaren i fjor var friskt i minnet, sommaren då eg sat inne i solrike dagar fordi eg ikkje hadde tilgang på uteplass der eg kunne få plassert den nyopererte foten. Så i år pakka eg kofferten med optimisme kun ein Vestlending med særdeles dårleg hukommelse kan ha. (Det brukar jo ikkje å vere slik som i fjor! )Eg kan vel seie det slik at bikinien og shortsen har blitt i kofferten...


Men slikt vêr blir det mykje tid til å tenke, lese, vere sosial med dei som ikkje er på jobb og å sjå på dårleg tv. Og det er nokre tankar som har surra i hovudet, kanskje særleg det siste året, som har tatt litt meir form. Eg vart nemleg sittande å sjå på eit sært program her ein kveld, der to som er singel hadde intervjurunde med dei nærmaste til den andre, for å prøve å sette fingeren på kva som gjorde at dei framleis var singel. Det var interessant, og kikkaren i meg følgde nøye med. Her var det kanskje noko å lære?

Det var i grunnen ikkje så mykje å kjenne seg igjen i med dei to eg såg på. Eller kanskje er det eg som har dårleg sjølvinnsikt? Det er jo slettes ikkje utenkeleg.
Så eg har no analysert litt for meg sjølv. Og det kan jo vere greit innimellom.

Eg har aldri vore populær. Eg kan vel ikkje seie at eg har vore upopulær heller. Eg har liksom vore ein av dei som er der, utan at det har slått ut verken eine eller andre vegen. Eg kjem frå ein heim der vi gikk både i kyrkja og på bedehuset, er velsigna med ein rundt kropp, med fregner, og briller(no for det meste linser), var og er lærer(og rektor)datter, var til tider altfor nerdete og vart ikkje velsigna med spesielt god koodinasjon. Eg stakk meg fram i enkelte samanhengar, men ikkje på ein kul måte. Eg er ikkje spesielt morsom, men kan glimte til - helst når eg ikkje hadde tenkt å gjere det. Eg har liksom berre vore der, sånn ca. midt på treet.

Eg er altså ikkje ei jente som ein snur seg etter på gata. I allefall ikkje i positiv forstand. Men det er jo mange som fell innanfor den kategorien som ikkje er singel.. Så kva er det då?
Kva er det i meg som gjer at eg endar i kategorien som Taylor Swift så fint beskriv med: " I go on too many dates, but I can't make them stay"?

Kven blir vel ikkje sjarmert av dette?




For noko må det vere. Kan det vere at eg brukar feil parfyme? Eller har eg for høg latter? Kanskje det er dobbelthaka? Er det at eg er for passiv? Eller er eg for sjølvstendig? Det kan jo være at eg har dårlig humor, og ikkje har forstått det? Eg har fundert på det, og det einaste eg er ganske så sikker på er at det er ikkje alle verda sine menn det er noko gale med...



Og her eine kvelden fall nokre brikker på plass. Av alle ting då eg sat og såg film saman med nokre nieser. The Proposal. Ein ganske lettvektig romantisk komedie, der Sandra Bullock spelar den strenge canadiske sjefen som kommanderer sin amerikanske kjekkasassistent til å gifte seg med henne slik at ho kan vere i landet(USA). Og etter mykje forviklingar, sjølvsagt, så endar det jo med at dei to fell for kvarandre. Ganske standard oppskrift. Og det som slo meg då eg såg slutten var at når han kjem der og er så superromantisk at sjølv ei gammal uttørka rosin må kjenne på det, var at hennar svar var "Du vil ikkje vere med meg" og vidare "Det er enklare om vi berre gløymer det..", eller sånn ca det...


No kan eg ikkje akkurat samanlikne meg med Sandra Bullock. Ho er jo i ein litt annen kategori enn meg. Men eg kan kjenne meg igjen i nokre av trekka til rollekarakteren hennar i denne filmen. Eg hatar der når eg blir kalt bestemt eller sterk. Eg veit at mange ser på meg som det, men for meg har det blitt noko veldig negativt. Det er eit bilde eg ikkje kjenner meg igjen i. Men eg forstår kor det kjem frå.

For det første har eg ei dialekt som for enkelte, særleg aust- og sørlendingar, virkar veldig krass og bestemt. Men eg er sjelden den som ikkje vil høyre kva andre har å seie, og som ikkje skiftar meining om det dei seier er logisk og riktig. Eg trives best med å jobbe i team, der ein er likeverdige, og alle kan seie kva dei meiner og ein kjem fram til felles løysingar. Men eg kan kjempe når eg føler at nokon blir urettferdig behandla. Eg har faktisk havna på sjukehus fordi eg har vore i slåsskamp på grunn av det. Skaffa meg arr og greier.

Forstår ikkje korleis nokon kan oppfatte meg som streng...




For det andre så kan eg nok sjå litt morsk ut når eg tenker.. og for det tredje er eg ikkje så sterk som folk vil ha det til. Men når du har vore kvinne i møte med dominerande menn i arbeidslivet, så må du vere tøff i trynet. Og når du har fått deg mange nok slag i fjeset, så bygger du etterkvart opp eit forsvar. Og den muren tek det tid før du slepp nokon innanfor... Særleg når du gong etter gong har opplevd at nokon har trengt seg inn, og spring sin veg når dei oppdagar at du er sårbar.



I ei samtale tidlegare i sommar datt det ut av meg at eg er lett å like, og forholdsvis lett å bli glad i - men eg er vanskelig å elske. Og jo meir eg tenker på det, jo tydeligare blir det for meg at det er sant. For eg er omgjengelig og har eit rimelig stabilt godt humør. Folk som er i godt humør og som smiler masse er jo ofte lette å like. Ikkje at alle likar meg, men det er ikkje så mange som direkte mislikar meg. Trur eg i allefall...
Men det å elske - og det er jo det eg egentlig vil, elske nokon som elskar meg tilbake - tek tid og krever arbeid. Då snakkar vi ikkje berre om forelskelse, begjær og tiltrekning, då snakkar vi om noko djupare og meir solid. Og då snakkar vi om innsats og vilje.

Det er vanskelig å bake om du er redd for å få mjøl på deg..

Mange eg har møtt har hatt forventinga om at vi skal oppleve det samme rushet (av hormoner) som vi gjorde då vi var 16, sjølv om vi nærmar oss faretruande 40. Og for så vidt, eg trur det kan skje - men eg trur og det kan blende oss. Det er i allefall mi erfaring. Alle som kjenner meg veit at eg kan vere impulsiv og det ville nok ikkje forundre mange om det var litt sydlandsk blod i årene på meg. Men då det intense, det spennande og herlige rushet brått møtte kvardagen, som vi faktisk har mest av, så fungete det som ei solid bøtte med kaldt vatn. Og er det ikkje noko meir der enn rushet, så raknar det rimelig fort.


Eg vil ha noko meir enn rushet. Eg har leika nok. Eg vil ha nærleik, tryggleik og dette solide, som er så umulig å beskrive, men som du ser hos menneske som har utvikla ein ekte kjærleik for kvarandre. Du veit, av typen "vi har vore gjennom nokre stormar, og vi står framleis saman". Eg skulle ønske at nokon våga å trenge seg inn forbi forsvara, og tålte det dei fikk sjå der og våga å bli. Eg vil heller ha noko som utviklar seg sakte, men som blir stødig. Enn noko som tar deg med storm, og fungerer som ein tornado.

Det er noko innanfor...

Men det er klart: Det er nok ikkje dei andre det er noko gale med. Egentlig er det ikkje meg det er noko gale med heller. Men det er eg som er problemet i mitt liv. Eg kan veit at eg har sprunge frå sjansar eg har hatt. Eg kan tydeleg sjå at eg har sagt og gjort ting som har støytt andre vekk. For eg får litt panikk når nokon prøvar å komme på innsida av forsvarsverka. For kva om dei ikkje likar det dei ser? Angrep er jo det beste forsvaret, ikkje sant? Eg blir lett slik som rollekarakteren til Sandra Bullock; "Du vil egentlig ikkje vere med meg.." "Det er lettast om vi ikkje satsar..." Og når han som møter det ikkje har innsatsviljen, ja, då blir det ikkje noko av. For egentlig handlar det jo om frykt. Frykt for å bli såra dersom det ikkje går. Like greit å avslutte det med ein gong.  Og eg vil ikkje trøystast med prat om at "berre eg møter den rette så..." Kven har sagt at eg nokon gong vil gjere det? Kanskje er det mitt lodd i livet å vere einsleg? Er mitt liv mindre verd då?

Som lengtar etter å komme ut...




Eg har i grunnen inga god oppsummering på dette. Å skrive det og sende det ut i den store veven er skummelt. Til no har det vore tankane på innsida av hovudet mitt. Plutselig er det der ute. Det store, såre spørsmålet. Som eg egentlig ikkje har svar på, berre litt tankar rundt.. Men samtidig så vart det plutselig viktig for meg å sette ord på noko av det..








I go on too many dates
But I can't make them sta
I go on too many dates
But I can't make them stay

fredag 12. juni 2015

Liv(et) sin salme

Eg vart spurt om å seie noko om min salme på ein salmekveld her heime.
Det tok meg to sekund å vite kva som er min salme.
Det kunne vore mange. Eg er veldig glad i salmeboka, sjølv om det ikkje er alle salmane eg er like begeistra for. Det er noko med at mange salmar er så slitesterke. Både når det gjeld melodi og innhald.


Men tilbake til MIN salme.
Den har berre eitt vers, den salmen.
Og for å forklare kvifor den salmen er MIN, så må eg begynne i det som eg syns er ei av dei finaste  kirkelige handlingane. Dåpen.


Eg kan ikkje forklare dåpen. For meg er den eit mysterium.Vi seier at i dåpen blir vi Guds born, men eg vil aldri gå med på at barn som ikkje vert døypte ikkje er Guds barn. Dei er like høgt elska og del av fellesskapet sjølv om foreldrene tek eit anna val for dei. Eg trur på ein Gud som er stor nok til å romme det teologane ikkje kan formulere. Men eg er glad i dåpen. For meg vart det ein stor opplevelse då eg bar eit av tantebarna mine til dåpen. Då eg bøygde meg fram for at ho skulle få vatn på hovudet, så slo tanken meg: "Det er som om eg skal legge ho i nokre andre sine armar. Faktisk - akkurat no legg eg ho, og hennar liv, i Guds hender."


For meg er det der noko av greia med dåpen ligg. Vi gir barnet vårt i Guds varetekt. Vi seier at det er det vi ynskjer for barnet. Og så står vi, som kyrkjelyd, og lovar at saman med foreldre og fadderar skal vi: HA OMSORG OG BE FOR BARNET, LÆRE DET SJØLV Å BE OG Å DELTA I HERRENS NATTVERD. Ved å gjere dette, skal barnet få vokse opp og sjølv få velge kor det vil høyre til.


Eg vaks opp i ein kristen heim. Og eit av mine første musikalske minner er at nokon sit på sengekanten og syng denne salmen, som er min salme, skriven av Thomas Kingo, saman med meg. Eg må ha fått lære den, for eg sang med:

Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte,
du min konge og min Gud,
at ei lyst, ei heller smerte,
deg formår å slette ut!
Denne innskrift på meg sett:
Jesus ifra Nasaret,
den korsfestede, min ære
og min salighet skal være.


Dette er ei bønn som har forma livet mitt.
Eg ser på den som overskrifta på mi trushistorie.
For:
Uansett kor langt vekke eg har vore,
uansett kor mykje eg prøvde å stenge Gud ute,
så har eg alltid vorte dradd tilbake.
Når tvilen slit i meg
og eg ikkje kan forstå korleis eg kan tru,
når Gud er fjern og livet urettferdig
og eg aller helst vil sleppe alt
som har med Gud og Jesus å gjere,
då kjem spørsmålet:
"Kan eg la vere å tru?"
Svaret blir alltid nei.
Det er for mykje der.


Kanskje er eg naiv.
Men eg trur på bønna si kraft.
Og eg trur at det at eg fekk lære denne salmen som barn,
og at andre sang denne bønna saman med meg
har gjort den sann.
Difor syng eg den framleis,
særleg når eg tvilar.

mandag 8. juni 2015

Til deg som har funne den eine..

Kjære deg som har funne...
... nokon som du irriterer deg grøn over at ikkje greier å legge sokkane frå i går i skittentøyskorga, men lar dei ligge på golvet 20 cm unna..
... nokon som gjer deg frustrert fordi dei på død og liv må komme seg ut dørene i god tid, og sender beklagande tekstmelding i bilen fordi dei trur dei er seint ute når dei egentlig er minst ti minutt for tidlig...
... nokon som okkuperer fjernkontrollen når du vil sjå favorittprogrammet ditt..
... nokon som enkelte netter snorkar så inderlig at du ikkje får sove - og som skremmer deg våken dersom dei ikkje gjer det ei natt..
... nokon som du må kjempe med om siste smash-biten eller dei best nonstop-bitane...
... nokon som kan gjere deg så sint at du føler du held på å eksplodere over dei dummaste ting..
... nokon som ikkje tenker på at det er lurt å skylle oppvasken og sette den rett i oppvaskmaskina, men som set den i oppvaskkummen...
... som pratar og krever di oppmerksomhet når du er opptatt med noko anna...


Kjære deg. Er du klar over kor heldig du er?
Hugsar du å sette pris på det du har?

Det er bryllaupssesong. Og eg har det siste året tenkt mykje på dette med å finne den du vil dele livet med. Eg har hatt mange samtaler om kva det betyr. Kva veit vel eg, som nærmar meg 40, framleis er singel og ikkje har noko som tilseier at det vil endre seg i overskuelig framtid?

 


Eg kjenner etterkvart mange par. Og eg har no både sett og høyrt ein del opp gjennom åra.
Og eg kjenner på at eg har lyst å minne deg som har funne nokon som du deler livet med på at dette ikkje er noko som er sjølvsagt. Ein god del finn nokon dei lever sammen med i tjukt og tynt eit heilt liv, stadig fleire opplever at det raknar og nokre må leve med tapet etter den dei elska. Og nokre av oss er ikkje så heldig at vi finn nokon i det heiletatt. Kvifor er ikkje lett å seie, men det er slik.


Eg sat her ein kveld og fekk ikkje sove, og då enda eg opp med å sjå på noko reality-tv frå akutten. Eg såg den eine etter den andre som kom inn med skadar i ulike omfang, og så kom intervjua med dei som var nærmast... Særleg ei dame gjorde veldig inntrykk på meg. Dei hadde vore  saman i over 40 år. Ho ville ikkje seie at ho var forelska i mannen sin, så lo ho litt og så kom det: "Men eg elskar han. Det er ingen eg heller vil komme heim til og bli holdt av."


Så eg hadde så lyst å seie til deg at du er heldig..
.. som har nokon å dele skittentøysvask med..
.. som har nokon som dreg deg ut døra, slik at du ikkje kjem forseint..
.. som har nokon som du kan dele sofaen med..
.. som har ein kropp ved sida di når natta senker seg, som du kan krype inn til..
.. som begrensar sjokoladeinntaket ditt..
.. som du kan diskutere med, om både dei viktige og dei uviktige tinga..
.. som deler måltid med deg..
.. som har nokon du kan prate med om alt..


Summen blir at du har nokon som tåler den du er, ja, som ikkje berre tåler det - men som elskar deg og som du elskar tilbake. Eg kjenner at eg misunner deg.. men eg unner deg det også!
Ta godt vare på det. Beskytt det. Kjemp for det.
For slikt er ikkje lett å finne.



torsdag 4. juni 2015

Om fjerten som vart til fem høns

Eg gjekk ein gong i tida, ja, det begynner å bli nokre år sia, på skule med ein gut som var så flink å teikne. Han teikna alltid morsomme tegningar av ting og tang, og kunne underholde stort med dei. Ein dag såg eg han hadde teikna ein mann framfor ein gammaldags do med buksa nedom bakenden, og ein kunne sjå vinddraget der bak og ut frå det kom det fem høner..

Om han berre gjorde sin eigen vri på ordtaket om fjøra som vart til fem høns, eller om han hadde høyrt feil, det veit vi ikkje. Men tegninga var så god, og så morsom at eg framleis hugsar den - i detalj. Og den siste tida har den stadig svirra innom tankane mine.


Den har nemlig noko veldig sant i seg. Ordtaket handlar om korleis ein liten, og forsåvidt ubetydelig, greie kan bli til noko ganske så uhåndterbart og krevande. I allefall for meg som er så redd for fuglar..
Eg vaks opp på gard, og i ei periode hadde vi 100 høner og ein hane. Eg gjorde gong på gong forsøk på å plukke egg, men panikken tok meg kvar bidige gong. Eg greidde ikkje å fokusere, eg hadde puls på 200 sjølv om eg stod i ro og greidde ikkje puste normalt. Og det var alltid minst eitt klink-egg når eg plukka... slik det lett går når ein ikkje har kontroll på musklane sine lenger.

Men, det handlar egentlig ikkje om min panikk for fuglar. Det handlar om eit ordtak som min skulekamerat nagla på ein særdeles bra måte. Det handlar om korleis ei historie veks oss ut av fingrane og startar å leve sitt eige liv. Ein fjert, noko som ikkje treng verken å lukte eller høyrast spesielt godt, kan fort bli høglytt og illeluktande.. Ja, for eg lovar deg - har du vore i nærleiken av eit hønsefjøs, så veit du at det er ikkje særleg velluktande eller stille!


Det har vorte nokre gonger eg har tenkt på dette dei siste åra. Om korleis ein trur ein berre har sagt eller gjort noko som ikkje har noko varig betydning, og så har det plutselig blitt ei svær greie. Kanskje har ein ikkje tenkt over at ein har sagt eller gjort det heller, eller i allefall ikkje at det kunne oppfattast annleis enn det var i hovudet før ein sa det. Og ja, dette er i stor grad eit kvinneproblem. Men det er ikkje BERRE eit kvinneproblem. (sorry, kjære menn, de er ikkje så uskuldige som de likar å tru) Det handlar om sladring og baksnakking. Det handlar om å ikkje snakke til den som sa eller gjorde og finne ut kva som egentlig var meint, men i staden fortelle eller diskutere det med andre.


Ofte handlar det ofte at ein ikkje forstår kvarandre. At ein tek ting ut av kontekst. At ein blir utrygg fordi ein ikkje ser den store samanhengen. Og så vel ein å ikkje snakke om det. Ein vel å ikkje stille spørsmålet: "Meinte du slik eg oppdatta det?" Og så vel ein å begynne å snakke med andre om det.. Ja, det er faktisk eit valg! Og plutselig var denne tingen, som egentlig var som ein uskuldig, liten fjert, blitt noko som levde, som tok form og som plutselig vart eit skremmande dyr - eller fem.

Og plutselig vart dette ei stor sak. Det kjem tilbake til stakkaren som slepte fjerten, men som trudde at det gikk heilt fint. Plutselig er det ikkje lenger uskuldig eller lite. Plutselig er det sårande og vanskelig. Og enkelte gonger går det ikkje an å rette opp att skaden ein har gjort. Mistilliten er der. Ryktet ein har starta har fått sitt eige liv. Det har spredd seg og ryktet til stakkaren som berre slapp ut litt gass, har blitt til at han er hønsebonde..

Det er så lite som skal til. Kanskje var det ikkje nokon som slapp ein fjert i det heile tatt. Kanskje var det den fyrste som begynte å prate som egentlig gjorde det. Kanskje var det berre at ein trudde at nokon gjorde noko, eller sa noko, og så valgte en å seie noko om det til nokon som egentlig ikkje hadde noko med det å gjere. Og vips, så hadde ein øydelagt for eit anna menneske.


For det er det som skjer når vi vel å spre rykter, snakke om det vi ikkje egentlig veit noko om, diskutere andre sine feil og manglar. Vi veit ikkje alltid historia bak at ting blir slik det blir. Kanskje er det vi snakkar om med feite, tabloide bokstavar noko som egentlig ikkje har noko med virkeligheta å gjere? Kanskjer er det litt sånn at vi legg saman to pluss to og får det på merkelig vis til å bli 250?
Kanskje er det slik at "Eg kan dessverre ikkje den dagen" ikkje betyr at "eg vil ikkje ha noko med deg å gjere"? Kanskje handlar det noko om at vi har med oss våre egne historier inn i alle relasjonar, med delar som dei andre ikkje kjenner, og som fargelegg dei små nyansane i kommunikasjonen med dei fargane vi vel å fargelegge med? Kanskje er det at nokon andre gjer ting på ein måte som fungerer for dei, skremmande fordi vi ikkje har gjort det slik før sjølv?


Ein seier ofte at tunga er skarpare enn sverd. Det er fort gjort å gløyme. Dei såra ein påfører andre med orda sine, er ufattelig mykje vanskeligare å ta tilbake. Det er så lett når ein føler seg urettferdig behandla, ikkje forstår heilt og føler seg forbigått, eller ein rett ut er såra fordi historia vi ber med oss gjer at ein oppfattar ting feil. Det er så lett når ein er sårbar at orda som kjem skapar distanse og sår som ein ikkje kan rette opp igjen. Særleg når dei kjem ut i samanhengar dei ikkje burde komme ut - og blir brukt for å sladre eller å preike drit. Kanskje tenker ein ikkje på at dei orda ein seier til ei god venninne kan komme vidare i ei eller annen form? Kanskje tenker ein ikkje på at dei orda ein brukar er med på å danne holdningar over for andre menneske? - "for det var jo eg som vart dårlig behandla!"


Eg har blitt så bevisst på dette i den siste tida. Eg veit at eg er skuldig i det sjølv, så altfor mange, mange ganger. Men dei siste åra har fått meg til å skjerpe meg. Og eg ønsker virkelig å bli flink på å ikkje gjere det. Eg har lyst å bli flink til å spørre rett ut kva som er greia.  Eg har blitt flinkare til det. Av og til svir svaret skikkelig. Av og til løyser det opp i mange flokar. Greia er at det alltid viser meg kva som er problemet.  Og altfor ofte har det eg har tenkt på som eit problem i mitt hovud, forsvunne når eg har blitt forklart samanhengen. Eg har og fått lære, på den harde måten, at det som vart sagt ikkje var meint for å såre meg - men mi historie førte til at eg opplevde meg såra.


Eg har gått mange runder dei siste åra der eg har vore skulda for mykje rart. Eg har visst det, men eg har ikkje alltid kunne gjort noko med det. Der eg har gjort feil, og blitt gjort klar over at eg har såra nokon, har eg alltid prøvd å gå til den det gjeld og fått skværa opp. Altfor mange av desse gangane har det vist seg at den som etter ryktene var den eg hadde såra hadde ei heilt anna historie å fortelle meg.. Dei har kanskje berre sagt ting på ein uheldig måte, eller gjort noko som hadde blitt misforstått.

Det er også vanskelig å forholde seg til ting når det kjem tilbake som eit rykte, i staden for at det blir tatt opp av den det gjeld. Eg forstår jo godt at det er vanskelig å skulle seie til meg at det eg gjorde eller det eg sa vart oppfatta sårande, for eg kjenner det sjølv når nokon gjer det mot meg. Men det er likevel ei sak mellom dei to partane som saka angår. Og eg ønsker ikkje å dra andre menneske ned i møkka. Hønsemøkk er nemleg fæle greier...


Det aller værste, og det som dessverre er altfor typisk, er at ein overhøyrer ei setning eller to om noko som ein egentlig ikkje har noko med å gjere. Noko som blir sagt eller gjort inn i ein kontekst som ein ikkje har oversikt over. Og så snakkar ein med den neste ein møter og som er lydhør, og fortel kva ein høyrde, og så spinn det ut av kontroll. Plutselig er det dei udefinerte "mange som seier/opplever/føler..". Og så kjem det tilbake til den som dette gjeld, og det gjer det nesten uten unntak. Den stakkaren blir ståande og klø seg i hovudet og lure på kva han eller ho gjorde gale.


Eg har opplevd å vere der nokre gonger dei siste åra.
Kjent på sårheten og frustrasjonen over at eg skal ha gjort noko eller sagt noko som har såra eit anna menneske. Følt at eg stod åleine midt i ein storm eg ikkje heilt kunne forstå kor kom fra.
Uten mulighet til å kunne gå til den ein skal ha gjort noko.
Uten mulighet til å få rydda opp.
Og ofte når eg har fått undersøkt litt har eg funne ut at det er fordi det var ikkje eingong ein fjert, men det har likevel vorte eit heilt hønsefjøs.
Og så redd som eg er for høner, så går eg ikkje frivillig inn dit!
Det beste hadde vore å fått sleppe - at det ikkje var nødvendig. Men altfor ofte blir det det..
Men gje meg tid, og nokre som heiar på meg, som veit kven eg er og som er glad i meg, så vågar eg - sjølv om eg så må bake mange kaker fordi alle egga vart klink-egg! 




onsdag 3. juni 2015

Draumen om ein dusj

Forrige torsdag sat eg på flybussen på veg inn mot Bergen og ana fred og inga fare.
Vel, eg landa i Bergen i strikkejakke utan tanke for at ein kanskje treng noko som beskyttar litt meir mot ver og vind - og vart svært klar over at det var ei vel optimistisk haldning til både livet og Bergen. Men det er jo tross alt bedre å vere optimist enn å ta sorgene på forskudd!

Eg sende ei tekstmelding til ho mor om at eg atter var på norsk jord, og det tok ikkje eit halvt minutt før telefonen ringde. "Vaktmesteren ringde akkurat. Det har vore lekkasje i veggen på dusjen, så du kan ikkje bruke den i helga." Men, hæ? Kvifor kunne ikkje den lekkasjen vente til mandag?

Helga sine dusjfasiliteter..

For det høyrer til historia at flyet frå San Francisco var ein time forsinka ut frå SFO. Det resulterte i tidenes løpetur i København, kun avbrutt av passkontrollen - der kontrolløren knapt nok såg på passet fordi han forstod at jenta hadde dårlig tid. Dei heldt på å stenge døra då eg kom, og var veldig grei og slapp meg med. Og eg hosta heile veien til Bergen - joda, astmaen har eg framleis...

Så den dusjen eg hadde gleda meg til heile vegen frå San Francisco vart på flyturen mellom København og Bergen endå viktigare for meg. Og fredagen skulle eg til Oslo og hadde ei avtale med ein person eg aldri før hadde møtt. Og eg som ikkje likar å møte mine beste venner, som har sett meg på mitt værste, utan å få ta meg ein dusj! Det er mange slags prøvelsar ein må gjennom her i livet.. Det må og seiast at ei heil helg utan dusj fortona seg mildt sagt lang som ei evighet..


Eg er kanskje vel glad i å dusje. Eg føler berre at eg ikkje blir skikkelig rein dersom eg ikkje gjer det. Eg skulle på besøk til ei venninne på torsdag kveld, så var heldig og fekk låne dusjen. Då eg kom ned etterpå såg ho overraska på meg og sa: "Er du ferdig allereie?"
Svaret vart  sjølvsagt: "ja, eg bur i California veit du!"

Eg har alltid hatt evnen til å vere kjapp i dusjen, noko som kjem av behovet for å få sove på morgonane. Eg står ikkje opp før eg må. Og då må ein få ræva i gear fortast mulig og korte inn tid der ein kan. Og å vaske seg med vaskeklut og lett skvetting med vatten, det finn eg lite tilfredstillande. Noko eg kjende veldig på heile fredag. Og laurdag. Og søndag. Og mandag. Men kanskje særleg fredag. Dei andre dagane møtte eg jo berre folk som allereie kjende meg, og som er glad i meg sjølv om eg har ein dårleg dag. Men det er noko med dusjen som tek vekk all sovelukt, og det greier på mange måtar ikkje vaskekluten.. Kanskje er det berre i mitt hovud, men sånn er det no ein gong eg føler det.


Og eg har gjort meg bemerka med dusjinga mi før. Heile sommarvikariatet i København var det ein ståande vits at eg trengde ein dusj. For ein av første dagane skulle heile gjengen ut. Eg stod og vaska golvet i 30 grader, og svetten hadde runne i fleire timar medan eg jobba. Så kom beskjeden: "Vi går om eit kvarter!" Det var sjølvsagt ikkje eit problem for han som sat på kontoret med datamaskina heile dagen, men eg ville helst ikkje ut blant folk - og eg ville jo gjerne vere venner med dei eg jobba med, så eg ga klar beskjed: "Gje meg ein halvtime! Eg treng ein dusj først!" Dette sette standarden for sommaren..

Eg likar altså å dusje. Eg likar å kjenne meg nyvaska og rein. Og eg kunne sikkert berre tatt på meg bikinien, tatt med såpe, shampo og balsam og gått ut i bakgården i helga - det kunne sikkert kvalifisert som ein dusj. Men i staden vart det kjøkkenvasken til hårvask og vaskeklut. Eg kjende på korleis eg tøya den hygieniske strikken noko enormt.. Eg er ikkje laga for slikt provisorisk liv.


Med så rikelig med vatten rundt meg på alle kanter, og ikkje muligheta til å ta ein dusj. Og eg som hadde lengta sånn etter ein god, lang dusj! Gleda var stor i går morgon(sånn i 12-tida, eg er jo tross alt litt jetlaged endå) då eg kunne åpne dusjkabinettet hos mor og far, stige inn og skru på vatnet. Og eg kunne berre stå der og la det renne. Ein luksus som er over eit år sidan eg erfarte!

For vatn er ei luksusvare! Det er lett å gløyme det når ein føler at Vår Herre har innført permanent regntid. Og eg kjenner allereie, berre etter nokre dagar på Vestlandet, at eg vil jo helst ha sol og fint vêr. Samtidig ser eg meg rundt og ser kor grønt og frodig det er her. Ei stor kontrast til dei uttørka markene vi såg då vi var på rundtur i California, Arizona og Nevada. Ei stor kontrast til dei brunflekkete plenane i parkane i San Franscisco.


Det er nemleg ikkje fleip at eg dusjar fortare no fordi eg bur i California. Der er tørke. Der trengs regn. Eg tenker meg om når eg pusser tennen. Eg lar ikkje vatnet renne slik som eg brukte i Bergen. Eg skrur av. Eg set ikkje på ei halvfull oppvaskmaskin. Eg er uhyre bevisst på kva eg brukar vatn til - og korleis eg brukar det. Eg har også kjøleskapet halvfullt av vassflasker. Sjølv om vatnet i springen er heilt fint å drikke. Eg har lært at vatn ikkje er sjølvsagt. Eg har lært at det er livgivande, nødvendig og noko ein må sette stor pris på. Kven skulle vel tru at eg, etter 11 år i Bergen, skulle vakne ein morgon og høyre den velkjende lyden av vatn som dryp mot vinduet - og tenke: "Halleluja! Det regnar!" - for så å lære at dei spredte bygene, og til tider heftige bygene, som kom i desember var på ingen måte nok...


Det gjer at ein set endå større pris på å kunne stå i dusjen og berre nyte at vatnet renn over kroppen.
For ingeting kan måle seg med ein god, lang, norsk dusj! I alle fall ikkje når det er lenge sidan sist!