torsdag 4. juni 2015

Om fjerten som vart til fem høns

Eg gjekk ein gong i tida, ja, det begynner å bli nokre år sia, på skule med ein gut som var så flink å teikne. Han teikna alltid morsomme tegningar av ting og tang, og kunne underholde stort med dei. Ein dag såg eg han hadde teikna ein mann framfor ein gammaldags do med buksa nedom bakenden, og ein kunne sjå vinddraget der bak og ut frå det kom det fem høner..

Om han berre gjorde sin eigen vri på ordtaket om fjøra som vart til fem høns, eller om han hadde høyrt feil, det veit vi ikkje. Men tegninga var så god, og så morsom at eg framleis hugsar den - i detalj. Og den siste tida har den stadig svirra innom tankane mine.


Den har nemlig noko veldig sant i seg. Ordtaket handlar om korleis ein liten, og forsåvidt ubetydelig, greie kan bli til noko ganske så uhåndterbart og krevande. I allefall for meg som er så redd for fuglar..
Eg vaks opp på gard, og i ei periode hadde vi 100 høner og ein hane. Eg gjorde gong på gong forsøk på å plukke egg, men panikken tok meg kvar bidige gong. Eg greidde ikkje å fokusere, eg hadde puls på 200 sjølv om eg stod i ro og greidde ikkje puste normalt. Og det var alltid minst eitt klink-egg når eg plukka... slik det lett går når ein ikkje har kontroll på musklane sine lenger.

Men, det handlar egentlig ikkje om min panikk for fuglar. Det handlar om eit ordtak som min skulekamerat nagla på ein særdeles bra måte. Det handlar om korleis ei historie veks oss ut av fingrane og startar å leve sitt eige liv. Ein fjert, noko som ikkje treng verken å lukte eller høyrast spesielt godt, kan fort bli høglytt og illeluktande.. Ja, for eg lovar deg - har du vore i nærleiken av eit hønsefjøs, så veit du at det er ikkje særleg velluktande eller stille!


Det har vorte nokre gonger eg har tenkt på dette dei siste åra. Om korleis ein trur ein berre har sagt eller gjort noko som ikkje har noko varig betydning, og så har det plutselig blitt ei svær greie. Kanskje har ein ikkje tenkt over at ein har sagt eller gjort det heller, eller i allefall ikkje at det kunne oppfattast annleis enn det var i hovudet før ein sa det. Og ja, dette er i stor grad eit kvinneproblem. Men det er ikkje BERRE eit kvinneproblem. (sorry, kjære menn, de er ikkje så uskuldige som de likar å tru) Det handlar om sladring og baksnakking. Det handlar om å ikkje snakke til den som sa eller gjorde og finne ut kva som egentlig var meint, men i staden fortelle eller diskutere det med andre.


Ofte handlar det ofte at ein ikkje forstår kvarandre. At ein tek ting ut av kontekst. At ein blir utrygg fordi ein ikkje ser den store samanhengen. Og så vel ein å ikkje snakke om det. Ein vel å ikkje stille spørsmålet: "Meinte du slik eg oppdatta det?" Og så vel ein å begynne å snakke med andre om det.. Ja, det er faktisk eit valg! Og plutselig var denne tingen, som egentlig var som ein uskuldig, liten fjert, blitt noko som levde, som tok form og som plutselig vart eit skremmande dyr - eller fem.

Og plutselig vart dette ei stor sak. Det kjem tilbake til stakkaren som slepte fjerten, men som trudde at det gikk heilt fint. Plutselig er det ikkje lenger uskuldig eller lite. Plutselig er det sårande og vanskelig. Og enkelte gonger går det ikkje an å rette opp att skaden ein har gjort. Mistilliten er der. Ryktet ein har starta har fått sitt eige liv. Det har spredd seg og ryktet til stakkaren som berre slapp ut litt gass, har blitt til at han er hønsebonde..

Det er så lite som skal til. Kanskje var det ikkje nokon som slapp ein fjert i det heile tatt. Kanskje var det den fyrste som begynte å prate som egentlig gjorde det. Kanskje var det berre at ein trudde at nokon gjorde noko, eller sa noko, og så valgte en å seie noko om det til nokon som egentlig ikkje hadde noko med det å gjere. Og vips, så hadde ein øydelagt for eit anna menneske.


For det er det som skjer når vi vel å spre rykter, snakke om det vi ikkje egentlig veit noko om, diskutere andre sine feil og manglar. Vi veit ikkje alltid historia bak at ting blir slik det blir. Kanskje er det vi snakkar om med feite, tabloide bokstavar noko som egentlig ikkje har noko med virkeligheta å gjere? Kanskjer er det litt sånn at vi legg saman to pluss to og får det på merkelig vis til å bli 250?
Kanskje er det slik at "Eg kan dessverre ikkje den dagen" ikkje betyr at "eg vil ikkje ha noko med deg å gjere"? Kanskje handlar det noko om at vi har med oss våre egne historier inn i alle relasjonar, med delar som dei andre ikkje kjenner, og som fargelegg dei små nyansane i kommunikasjonen med dei fargane vi vel å fargelegge med? Kanskje er det at nokon andre gjer ting på ein måte som fungerer for dei, skremmande fordi vi ikkje har gjort det slik før sjølv?


Ein seier ofte at tunga er skarpare enn sverd. Det er fort gjort å gløyme. Dei såra ein påfører andre med orda sine, er ufattelig mykje vanskeligare å ta tilbake. Det er så lett når ein føler seg urettferdig behandla, ikkje forstår heilt og føler seg forbigått, eller ein rett ut er såra fordi historia vi ber med oss gjer at ein oppfattar ting feil. Det er så lett når ein er sårbar at orda som kjem skapar distanse og sår som ein ikkje kan rette opp igjen. Særleg når dei kjem ut i samanhengar dei ikkje burde komme ut - og blir brukt for å sladre eller å preike drit. Kanskje tenker ein ikkje på at dei orda ein seier til ei god venninne kan komme vidare i ei eller annen form? Kanskje tenker ein ikkje på at dei orda ein brukar er med på å danne holdningar over for andre menneske? - "for det var jo eg som vart dårlig behandla!"


Eg har blitt så bevisst på dette i den siste tida. Eg veit at eg er skuldig i det sjølv, så altfor mange, mange ganger. Men dei siste åra har fått meg til å skjerpe meg. Og eg ønsker virkelig å bli flink på å ikkje gjere det. Eg har lyst å bli flink til å spørre rett ut kva som er greia.  Eg har blitt flinkare til det. Av og til svir svaret skikkelig. Av og til løyser det opp i mange flokar. Greia er at det alltid viser meg kva som er problemet.  Og altfor ofte har det eg har tenkt på som eit problem i mitt hovud, forsvunne når eg har blitt forklart samanhengen. Eg har og fått lære, på den harde måten, at det som vart sagt ikkje var meint for å såre meg - men mi historie førte til at eg opplevde meg såra.


Eg har gått mange runder dei siste åra der eg har vore skulda for mykje rart. Eg har visst det, men eg har ikkje alltid kunne gjort noko med det. Der eg har gjort feil, og blitt gjort klar over at eg har såra nokon, har eg alltid prøvd å gå til den det gjeld og fått skværa opp. Altfor mange av desse gangane har det vist seg at den som etter ryktene var den eg hadde såra hadde ei heilt anna historie å fortelle meg.. Dei har kanskje berre sagt ting på ein uheldig måte, eller gjort noko som hadde blitt misforstått.

Det er også vanskelig å forholde seg til ting når det kjem tilbake som eit rykte, i staden for at det blir tatt opp av den det gjeld. Eg forstår jo godt at det er vanskelig å skulle seie til meg at det eg gjorde eller det eg sa vart oppfatta sårande, for eg kjenner det sjølv når nokon gjer det mot meg. Men det er likevel ei sak mellom dei to partane som saka angår. Og eg ønsker ikkje å dra andre menneske ned i møkka. Hønsemøkk er nemleg fæle greier...


Det aller værste, og det som dessverre er altfor typisk, er at ein overhøyrer ei setning eller to om noko som ein egentlig ikkje har noko med å gjere. Noko som blir sagt eller gjort inn i ein kontekst som ein ikkje har oversikt over. Og så snakkar ein med den neste ein møter og som er lydhør, og fortel kva ein høyrde, og så spinn det ut av kontroll. Plutselig er det dei udefinerte "mange som seier/opplever/føler..". Og så kjem det tilbake til den som dette gjeld, og det gjer det nesten uten unntak. Den stakkaren blir ståande og klø seg i hovudet og lure på kva han eller ho gjorde gale.


Eg har opplevd å vere der nokre gonger dei siste åra.
Kjent på sårheten og frustrasjonen over at eg skal ha gjort noko eller sagt noko som har såra eit anna menneske. Følt at eg stod åleine midt i ein storm eg ikkje heilt kunne forstå kor kom fra.
Uten mulighet til å kunne gå til den ein skal ha gjort noko.
Uten mulighet til å få rydda opp.
Og ofte når eg har fått undersøkt litt har eg funne ut at det er fordi det var ikkje eingong ein fjert, men det har likevel vorte eit heilt hønsefjøs.
Og så redd som eg er for høner, så går eg ikkje frivillig inn dit!
Det beste hadde vore å fått sleppe - at det ikkje var nødvendig. Men altfor ofte blir det det..
Men gje meg tid, og nokre som heiar på meg, som veit kven eg er og som er glad i meg, så vågar eg - sjølv om eg så må bake mange kaker fordi alle egga vart klink-egg! 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar