onsdag 3. juni 2015

Draumen om ein dusj

Forrige torsdag sat eg på flybussen på veg inn mot Bergen og ana fred og inga fare.
Vel, eg landa i Bergen i strikkejakke utan tanke for at ein kanskje treng noko som beskyttar litt meir mot ver og vind - og vart svært klar over at det var ei vel optimistisk haldning til både livet og Bergen. Men det er jo tross alt bedre å vere optimist enn å ta sorgene på forskudd!

Eg sende ei tekstmelding til ho mor om at eg atter var på norsk jord, og det tok ikkje eit halvt minutt før telefonen ringde. "Vaktmesteren ringde akkurat. Det har vore lekkasje i veggen på dusjen, så du kan ikkje bruke den i helga." Men, hæ? Kvifor kunne ikkje den lekkasjen vente til mandag?

Helga sine dusjfasiliteter..

For det høyrer til historia at flyet frå San Francisco var ein time forsinka ut frå SFO. Det resulterte i tidenes løpetur i København, kun avbrutt av passkontrollen - der kontrolløren knapt nok såg på passet fordi han forstod at jenta hadde dårlig tid. Dei heldt på å stenge døra då eg kom, og var veldig grei og slapp meg med. Og eg hosta heile veien til Bergen - joda, astmaen har eg framleis...

Så den dusjen eg hadde gleda meg til heile vegen frå San Francisco vart på flyturen mellom København og Bergen endå viktigare for meg. Og fredagen skulle eg til Oslo og hadde ei avtale med ein person eg aldri før hadde møtt. Og eg som ikkje likar å møte mine beste venner, som har sett meg på mitt værste, utan å få ta meg ein dusj! Det er mange slags prøvelsar ein må gjennom her i livet.. Det må og seiast at ei heil helg utan dusj fortona seg mildt sagt lang som ei evighet..


Eg er kanskje vel glad i å dusje. Eg føler berre at eg ikkje blir skikkelig rein dersom eg ikkje gjer det. Eg skulle på besøk til ei venninne på torsdag kveld, så var heldig og fekk låne dusjen. Då eg kom ned etterpå såg ho overraska på meg og sa: "Er du ferdig allereie?"
Svaret vart  sjølvsagt: "ja, eg bur i California veit du!"

Eg har alltid hatt evnen til å vere kjapp i dusjen, noko som kjem av behovet for å få sove på morgonane. Eg står ikkje opp før eg må. Og då må ein få ræva i gear fortast mulig og korte inn tid der ein kan. Og å vaske seg med vaskeklut og lett skvetting med vatten, det finn eg lite tilfredstillande. Noko eg kjende veldig på heile fredag. Og laurdag. Og søndag. Og mandag. Men kanskje særleg fredag. Dei andre dagane møtte eg jo berre folk som allereie kjende meg, og som er glad i meg sjølv om eg har ein dårleg dag. Men det er noko med dusjen som tek vekk all sovelukt, og det greier på mange måtar ikkje vaskekluten.. Kanskje er det berre i mitt hovud, men sånn er det no ein gong eg føler det.


Og eg har gjort meg bemerka med dusjinga mi før. Heile sommarvikariatet i København var det ein ståande vits at eg trengde ein dusj. For ein av første dagane skulle heile gjengen ut. Eg stod og vaska golvet i 30 grader, og svetten hadde runne i fleire timar medan eg jobba. Så kom beskjeden: "Vi går om eit kvarter!" Det var sjølvsagt ikkje eit problem for han som sat på kontoret med datamaskina heile dagen, men eg ville helst ikkje ut blant folk - og eg ville jo gjerne vere venner med dei eg jobba med, så eg ga klar beskjed: "Gje meg ein halvtime! Eg treng ein dusj først!" Dette sette standarden for sommaren..

Eg likar altså å dusje. Eg likar å kjenne meg nyvaska og rein. Og eg kunne sikkert berre tatt på meg bikinien, tatt med såpe, shampo og balsam og gått ut i bakgården i helga - det kunne sikkert kvalifisert som ein dusj. Men i staden vart det kjøkkenvasken til hårvask og vaskeklut. Eg kjende på korleis eg tøya den hygieniske strikken noko enormt.. Eg er ikkje laga for slikt provisorisk liv.


Med så rikelig med vatten rundt meg på alle kanter, og ikkje muligheta til å ta ein dusj. Og eg som hadde lengta sånn etter ein god, lang dusj! Gleda var stor i går morgon(sånn i 12-tida, eg er jo tross alt litt jetlaged endå) då eg kunne åpne dusjkabinettet hos mor og far, stige inn og skru på vatnet. Og eg kunne berre stå der og la det renne. Ein luksus som er over eit år sidan eg erfarte!

For vatn er ei luksusvare! Det er lett å gløyme det når ein føler at Vår Herre har innført permanent regntid. Og eg kjenner allereie, berre etter nokre dagar på Vestlandet, at eg vil jo helst ha sol og fint vêr. Samtidig ser eg meg rundt og ser kor grønt og frodig det er her. Ei stor kontrast til dei uttørka markene vi såg då vi var på rundtur i California, Arizona og Nevada. Ei stor kontrast til dei brunflekkete plenane i parkane i San Franscisco.


Det er nemleg ikkje fleip at eg dusjar fortare no fordi eg bur i California. Der er tørke. Der trengs regn. Eg tenker meg om når eg pusser tennen. Eg lar ikkje vatnet renne slik som eg brukte i Bergen. Eg skrur av. Eg set ikkje på ei halvfull oppvaskmaskin. Eg er uhyre bevisst på kva eg brukar vatn til - og korleis eg brukar det. Eg har også kjøleskapet halvfullt av vassflasker. Sjølv om vatnet i springen er heilt fint å drikke. Eg har lært at vatn ikkje er sjølvsagt. Eg har lært at det er livgivande, nødvendig og noko ein må sette stor pris på. Kven skulle vel tru at eg, etter 11 år i Bergen, skulle vakne ein morgon og høyre den velkjende lyden av vatn som dryp mot vinduet - og tenke: "Halleluja! Det regnar!" - for så å lære at dei spredte bygene, og til tider heftige bygene, som kom i desember var på ingen måte nok...


Det gjer at ein set endå større pris på å kunne stå i dusjen og berre nyte at vatnet renn over kroppen.
For ingeting kan måle seg med ein god, lang, norsk dusj! I alle fall ikkje når det er lenge sidan sist!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar