torsdag 31. mars 2011

Aust og vest

Laurdag reiste eg ein tur austover. Fyrste stopp var nesten Østfold, nærmare bestemt Garder i Vestby. Langt ute på bondelandet, der mi kusine Anette og mannen bur på ein kjempefin og diger gard. 

Anette og eg drakk vin i glass.. Bjarne derimot... ;)
Det var fyrste gongen eg hadde greidd å legge Osloturen via Vestby, så vi kosa oss og feira med litt veldig god mat og nydelig vin. Så var det landskamp. Anette og eg var veldig enig i at den danske målskåraren måtte vere Lars Bohinens uekte son.. (og det er når ein hugsar kor kjekk Lars Bohinen var at ein oppdagar at ein har nokre år på baken..)

Så var det Earth Hour. Når ein bur midt ute på ei mark, så vert ein fort synleg, så her skulle alle lys AV! (Tv-en fekk stå på!) Det var veldig koselig, men Bjarne syns det var litt voldsomt.
 
Nød lærer voksen mann å finne...

Søndag var eg med Anette i den lokale kyrkja på Garder. Ei flott kyrkje med herlege menneske! Det er noko vakkert med lokalsamfunna sitt engasjement rundt kyrkja si. Ein har stor omsorg for kvarandre og gjer det ein kan for å få dei gode tinga til å gå rundt i bygda. Det er lett å gløyme engasjementet for enkeltmenneska når ein bur og lever i byen, det er jo så mange andre som kan ta ansvar.. Men ein klem og eit varmt handtrykk betyr mykje meir enn fine fraser, og omsorg for våre medmenneske er noko vi alle har ansvar for!



Eg syns vindua var så fine - spesielt når ein kan sjå greinene på trea utanfor gjennom dei..
Og "himmel" var eit gjennomgåande tema i utforminga av kyrkja - eg er jammen glad eg slapp å male dette taket her, men du verden så stilig det er!


 Og på badet til Anette hang noko som eg berre måtte ta bilde av. Dette er noko dei fleste av oss kan ta med oss i den travle kvardagen vår, der vi stadig trykker oss sjølve ned med alt vi ikkje får til..

YES, WE CAN!

Så gjekk turen via Moss, der eg fekk vere med på nokre nydelege kunstgardar (eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det, for det var gardar som hadde kunstverkstadar og galleri) - og som eg vart så betatt av at eg gløymde heilt å ta bilder!- til tante og onkel på Hanaborg. 

Der var det mat og koselig prat før eg fann toget inn til Oslo, der eg besøkte Marianne og var to dagar på jobbsamlingar. Det er alltid deilig å vere på besøk med Marianne! Ho er verdens beste venninne, så omsorgsfull og herlig!

Denne gongen fekk eg med meg ein jobbmiddag også. Med IKO og kirkerådet. Det var veldig trivelig, med god, indisk mat. Og restauranten ligg under eit basseng, og det ga lukter som ga meg ein veldig tyrkiafølelse... så det var ein litt alternativ opplevelse..


Og så, i går kveld var det heimreise. Eg jobbar i eit bispedøme som er miljøvennleg. Eg har ingenting i mot å vere grei mot miljøet, men - 6,5 timar baklengs på eit humpetog - det tærer på humøret. Og eg blir nesten mannevond når NSB kallar det Comfort og krever 90 kr ekstra for det! Heldigvis hadde eg godt selskap og noko kjekt å sjå på som kunne ta fokuset vekk frå den tiltakande kvalmen..

Criminal Minds :)

Når ein kjem heim i ellevetida så treng i allefall eg litt tid å lande, så i dag tidlig var det ikkje direkte fristande å stå opp. Men eg sleit meg laus frå madrassa og det ga ein ekstra piff på dagen å sjå denne vakre anda som låg og duppa i vassflata her i Vågen.



Men det har vore ein litt intressant dag der lite har gått etter planen. Eg gløymde f.eks. å sminke meg før eg gjekk på jobb.. Og måtte gå omvegar frå jobb til ei avtale, på grunn av brann, noko som resulterte i at eg gjekk meg på to venninner med barnevogner. Life is funny that way..


onsdag 23. mars 2011

Kjedelig Liv

Eg er så himla opptatt av meg og mine ting at eg nesten syns det er flaut. Kanskje skal eg vere takknemlig for at eg ikkje er kjendis av noko slag, for eg trur eg hadde vorte ganske ufordragelig då! Diva-Liv-Helga, liksom.. Syns kanskje eg er nok diva i mitt eige, kjedelige liv..

Stort potensiale for å bli stor Diva! 

For eg har gått og fundert på ein del ting i det siste.
Eg lurer på om eg er åleine om å føle meg kjedeleg.

Det skjer lite spennande i kvardagen, det går i samme tralten.
Det er lite nytt og morsomt eg har å melde når kvar veke er oppsummert.



Eg har mine små utfordringar, som i dag då kontaktlinsa pluselig knakk på midten, brødet var mygla, eg kom for seint på kontoret og altinn nektar meg å finne ut om eg har restskatt i vente, ja og sjølvsagt er dette på toppen av en ekstremt bad-hair-day! - mine prøvelsar kan virke store nok på rette dagen(som i dag), men når ein ser på nyhetsbildet blir mine problem ufattelig små.


Eg har mine store gleder, som ein kopp kaffe i vårsola (når den kjem), gode vennar på middagsbesøk, ein unge som smiler til meg, ein vakker solnedgang (eller oppgang) eller nokon som skryt av jobben eg har gjort - kanskje stort sett kvardagslige og ganske normale for dei fleste, men for meg betyr dei mykje.



Det er lite som ropar: "SPENNANDE!" over livet mitt. Det er stort sett menneska som svippar innom som er det! Dei er unike, skiller seg ut og gir farge i kvardagen!



Livet mitt er liksom heilt normalt - grått og kjedeleg. Ikkje noko å sette seg ned å grine av, men ikkje noko å rope så veldig høgt hurra for heller. Eg er ikkje spesielt bereist, har ikkje klatra på dei høgaste fjelltoppane, opptredd på dei største scenene eller oppnådd ære og berømmelse.

like før regnet, heime på fjellet

Likevel, så bloggar eg om kvardagen og oppdaterer facebookstatusen som om det var verdens viktigste ting.. Men kanskje er det godt at nokon ikkje er så himla intressante også? At det daglegdagse kan bli omsnakka? At det ikkje alltid treng å vere at vi har så mykje å melde?

"en alminnelig dag på jobben"

Kanskje kan det vere godt - i eit samfunn der du blir målt på alt du får til, på alt livet du skapar - å berre være tilstades i sitt eige kjedelige liv?

søndag 20. mars 2011

Livet frå si beste side!


I Forkynnaren 2:24 står det:
"Det beste eit menneske kan gjera,
er å eta og drikka
og unna seg gode dagar
midt i alt sitt strev."

Kokka - som for ein gongs skuld hugsa forkle!


Eg tar slikt på alvor - så eg inviterte gode vener til heilsteikt indrefilet med noko godt attåt.. Kor godt det egentlig var får dei inviterte uttale seg om, men til meg sa dei no at dei likte det. Eg syns og det funka bra. (eg må innrømme at den ferske brokkolien forsvann i søpla etter at kokka gløymde den på plata, og det vart brokkoli frå frysaren.. ikkje heilt det same, men det var bedre enn svidd brokkoli!)


Men, det må seiast, at uansett korleis maten hadde smakt så hadde det vore ein bra kveld. For eg har nokre fantastiske menneske i livet mitt! Så trur eg at bildene fortel resten av historia..




Eg fekk roser! Slikt blir eg veldig glad for!! :D

Ingenting er vel meir naturlig enn å stå i sofaen..

Eller ta seg ein.. dans?


Menyen var: heilsteik indrefilet, fløtegratinerte poteter, cognacsurra sopp med valnøtter.


Dessert i utvikling

Grisa litt..

Reint og fint!

Fleire kom etterkvart


Dessert: sjokoladefondant med vaniljekesam og bringebær.


mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm!

Så kom han som hadde vært lovsangsleder på kvinnekonferanse...


fine jentene!
Og så var det en bildeserie som bare må takast med, men eg trur ikkje eg treng å kommentere noko vidare. Men eg kan slå fast at eg har i allefall nokre veldig vakre venninner - både utenpå og inni!!! 










Vi har bikka midnatt.. 

trøtt?
Neida, bare gjorde seg klar for litt tigerfakter :)

Kameraet var fritt for alle å bruke..


Kva gjer ein når kompisen har fått seg dame og ein ikkje veit kven ho er??
Jo ein går inn på facebook og leitar ho opp!!


Ho vart godkjent!

Så var det dansekurs.. indisk dans - Jai ho

Egnasjementet var stort - bevegelsane likeeins..

og plutselig..

teamwork!


Eg likar vennane mine! veldig godt!