fredag 11. mars 2011

Tur-retur Rosendal

I dag har eg vore på tur. Vi hadde kurs i Rosendal. Det var kjempefint - og det gjekk heilt greit både å komme seg fram og tilbake. Sidan kurset var for dei frivillige så var det lagt til kveldstid. Det betydde at eg måtte låne meg ein bil med bildeleringen, for kollektivtrafikken til og frå er ikkje den same som mellom sentrum og Nesttun..


For dei som ikkje veit kor Rosendal er, så er det inne i Hardanger. I Kvinnherad. Det tek ca. ein time og førti minutt å køyre frå Bergen til Gjermundshamn. Derifrå må ein ta ferge, og på andre sida tek det ei lite kvarter før ein kjem inn til sjølve Rosendal.


Eg må jo seie at vi har et vakkert land. Og eg er heldig som har ein jobb der eg får sjå litt av det! :) Og det gleda meg stort då eg oppdaga at klokka var nærmare halv sju då sola gjekk ned!

Men på veg heim fekk eg testa tolmodigheta. Den er for dei som kjenner meg ikkje mi sterkaste side..
Fyrst: Endeleg var eg ferdig med det styggaste vegstykket - den smale veg mellom Eikelandsosen og Tysse. Endeleg var eg komt opp på hovedvegen frå Kvamsskogen og der:


Eg vurderte om eg skulle filme medan eg låg etter fylgebilen, for det var mange scener frå diverse filmar som gjekk gjennom hovudet når vi køyrde mellom svære lastebilar, refleksvestmenn, sanddungar og over masse humpar som eg ikkje veit kva er. Han tok på ein mann og slapp han av igjen, og dei som gikk der inne gjekk med gassmaskeliknande greier.. Det føltes veldig trygt å køyre etter ein citroën picasso med roterande gult lys!

Og for sikkerhetsskuld så var det omkøyring frå Åsane, så eg måtte køyre om Eidsvåg - heile veien! Eg var ikkje lei i det heiletatt då eg kom heim!

Men, alt i alt, det har vore ein fin dag med masse fine folk! Eg likar jobben min!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar