onsdag 23. mars 2011

Kjedelig Liv

Eg er så himla opptatt av meg og mine ting at eg nesten syns det er flaut. Kanskje skal eg vere takknemlig for at eg ikkje er kjendis av noko slag, for eg trur eg hadde vorte ganske ufordragelig då! Diva-Liv-Helga, liksom.. Syns kanskje eg er nok diva i mitt eige, kjedelige liv..

Stort potensiale for å bli stor Diva! 

For eg har gått og fundert på ein del ting i det siste.
Eg lurer på om eg er åleine om å føle meg kjedeleg.

Det skjer lite spennande i kvardagen, det går i samme tralten.
Det er lite nytt og morsomt eg har å melde når kvar veke er oppsummert.



Eg har mine små utfordringar, som i dag då kontaktlinsa pluselig knakk på midten, brødet var mygla, eg kom for seint på kontoret og altinn nektar meg å finne ut om eg har restskatt i vente, ja og sjølvsagt er dette på toppen av en ekstremt bad-hair-day! - mine prøvelsar kan virke store nok på rette dagen(som i dag), men når ein ser på nyhetsbildet blir mine problem ufattelig små.


Eg har mine store gleder, som ein kopp kaffe i vårsola (når den kjem), gode vennar på middagsbesøk, ein unge som smiler til meg, ein vakker solnedgang (eller oppgang) eller nokon som skryt av jobben eg har gjort - kanskje stort sett kvardagslige og ganske normale for dei fleste, men for meg betyr dei mykje.



Det er lite som ropar: "SPENNANDE!" over livet mitt. Det er stort sett menneska som svippar innom som er det! Dei er unike, skiller seg ut og gir farge i kvardagen!



Livet mitt er liksom heilt normalt - grått og kjedeleg. Ikkje noko å sette seg ned å grine av, men ikkje noko å rope så veldig høgt hurra for heller. Eg er ikkje spesielt bereist, har ikkje klatra på dei høgaste fjelltoppane, opptredd på dei største scenene eller oppnådd ære og berømmelse.

like før regnet, heime på fjellet

Likevel, så bloggar eg om kvardagen og oppdaterer facebookstatusen som om det var verdens viktigste ting.. Men kanskje er det godt at nokon ikkje er så himla intressante også? At det daglegdagse kan bli omsnakka? At det ikkje alltid treng å vere at vi har så mykje å melde?

"en alminnelig dag på jobben"

Kanskje kan det vere godt - i eit samfunn der du blir målt på alt du får til, på alt livet du skapar - å berre være tilstades i sitt eige kjedelige liv?

4 kommentarer:

  1. Ikkje bereist? :) Du he vore maange ganga i utlande tante! (vertfall mange fleire en ka ei he...) :P Og har ikkje klatra dei høgste fjelltoppane? :P Hekje du vore på alle dei 10 toppane på Stadt då? :D Og viss du kjeda deg so he du no 10 fantastiske tant-onga som du kan besøke... :D hint... hint...

    SvarSlett
  2. Kjedelig eller ikke - Eg lige deg veldig godt Liv Helga. Og jeg liker å lese bloggen din!
    Smil fra Marianne

    SvarSlett
  3. :)1. eg har vore i utlandet fleire gangar ja, og fleire skal det bli - faktisk om under to veker! :)
    2. Jo eg har vore på nokre fjelltoppar, men den høgaste var på 2138 over havet - det kvalifiserar ikkje som høgast i Norge en gang! ;)
    3. Eg besøker jo tanteungane mine både titt og ofte ;) Dåkke e jo nåken av dei som gir farge til og glede i livet mitt! :D
    4. eg lika deg og, Marianne, du er bare super! :)

    SvarSlett
  4. Du er ikkje kjedelig Liv-Helga, du er fantastisk normal! Og det er godt å lese noko som eg kan forholde meg til! og du veit; alle disse dagane som berre kom og gjekk, ikkje viste eg at det var sjølve livet!Og du; den einaste bloggen eg les det er din! Klem, Rita!

    SvarSlett