tirsdag 15. mars 2011

Penger rett inn i vinduet!

Eg har fått meg nye vindu - HURRA! Dei lek ikkje og er kvite og fine på innsida! HURRA!


Det kostar litt, men du verden så godt det skal bli å sjå ut gjennom vindua - for eg har i løpet av mine 8 år som leilighetseigar ikkje våga å vaske dei gamle på utsida..


Det seier seg kanskje litt sjølv at det er eit skremmande prosjekt når du bur i 4.etasje og vindua har mål på noko slikt som 1.40 (høgde) x 3.50 (lengde)

I det heiletatt oppdaga eg at det var mange ting eg ikkje hadde vaska så godt då eg demonterte vinduskarmen. Vinduskarmen var då "laga" av ho som eigde leiligheten før meg, og var nokre fæle svarte greier (som skulle sjå ut som marmor) og var feste god opp på den egentlige vinduskarmen.. Slik såg det ut under der.


Jammen godt at det fulgte ny vinduskarm med vindua då! :)




Eg fekk gratulerer med nye vindu - tulipanar
med mamma før dei reiste i dag :)

Det er jo alltid spennande å få handtverkarar på besøk. Dei var veldig hyggelige, sjølv om dei ikkje sa eit ord på norsk. Og det ser ut som dei har gjort ein solid jobb så langt. Men - det var litt å vaske etter dei kan du seie. Og soveromsgolvet mitt - som eg omtrent ofra liv og helse for å male grønkvitt med oljemaling - er ikkje lenger like kvitt og fint.. Men, men, det må vel byttast ut det og etterkvart..

Eg fann i allefall ut at eg måtte no flytte så masse på møblane at eg like godt kunne prøve meg med ein ny variant av stua... Så slik ser det ut no. Syns det vart ok. Men eg kan konkludere med at eg må nok ha noko i vindua, for slik som det no er så har eg ikkje spesielt mykje privatliv. ;)


1 kommentar: