tirsdag 8. mars 2011

How not to make Angel Food Cake!

Eg har prøvd meg på å lage ei ny kake.. Har aldri smakt den før og prøvde meg med semper i staden for kveitemjøl som stod i oppskrifta. Om eg gjorde feil eller kva som var, det veit eg ikkje.
Men det kvite smakte nesten ingen ting, og det brune smakte litt sjokoladekake.
Konsistensen var litt intressant og dekorasjonen var i utgangspunktet kul, men vart rasert av en god idè..

Lovande..

Her er kva eg gjorde:

Eg piska 14 eggekviter, 200 gram sukker og frøa i ei vaniljestang til det var sånn ca stivt.
Så sikta eg i 100 gram melis og 145 gram semper (mjøl), og piska det sammen med resten.
Så hadde eg i nokre dråpar med sitron før eg delte røra. I den eine delen hadde eg 3 ss kakao.

Då eg hadde gjort dette hadde eg den mørke delen først i forma, og så den lyse. Så pynta eg litt med nokre mørke restar frå vispar og bolle.. syns det vart alternativt og litt kult..

Framleis råder optimismen...

Den vart litt skumaktig heile kaka, og smakte som sagt lite  bortsett frå den delen med sjokolade. Er det nokon som kan fortelle meg kva eg gjorde gale?

So far, so good..

Og korleis herpa frk.Fure pynten? Jo, eg hadde typisk nok dårleg tid - og før kaka var kald måtte eg få den over på serveringsfat. Og eg tenkte at då er det jo lurt å bruke botnen på kakeforma for å snu den over på fatet - det resulterte i at øverste lag hang igjen på botnen.. så eg kan skrive under på at hastverk er lastverk! ;)

Og DER var resultatet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar