mandag 8. september 2014

Slankepress

Dette blogginnlegget har vorte viktig for meg å skrive. Nettopp derfor har det vore vanskelig å formulere. Eg skriv det ikkje fordi eg har lyst å eksponere meg sjølv, men fordi eg i sommar såg ting litt utanfrå då eg var heime i Norge. Eg skriv dette til foreldrene eg kjenner, og kanskje til nokre eg ikkje kjenner. Eg skriv det til deg som er på konstant slankekur og som stadig føler at du ikkje greier å leve opp til måla dine. Eg skriv det fordi eg ser ein oppveksande generasjon med særdeles usunne kroppsideal. Det gjeld ikkje alle, men i sommar møtte eg påfallande mange.


I sommar har eg som kjent brukt store delar av tida på å sitte på baken med eine foten høgt.
Ein konsekvens av dette var at eg fekk med meg rimeleg mykje av kva som eksisterar på norsk tv og i ulike ukeblad og nettaviser, ja, eg var til og med innom ei og anna papiravis.
Du verda kor mykje som handlar om korleis ein skal gå raskt ned i vekt...

Eg har ikkje tal på kor mange velmeinande råd eg fekk då eg skulle sitte stille. Eg vart nesten sjokkert over kor raskt samtaler sklei inn på tematikken slanking då eg var heime. Kanskje handlar dette berre om at eg er tjukk og difor er lett å skulle gi råd til. Men det eg merka meg var at ofte var fokuset på seg sjølv, eller på ungane. At ein stod med nasegrus beundring for dei som hadde trena vekk nokre kilo, og tydelig sjølvforrakt for at ein ikkje hadde greidd det sjølv. Både i sosiale medier og ansikt til ansikt møtte eg stadig enten "sjå på meg kva eg har fått til, det er så enkelt om du berre vil" eller "hadde eg berre greidd å få av meg desse 5 kiloa..." Og eg trur dette handlar om eit press. Eit press som kjem frå alle kantar - særlig frå diverse medier. Og fordi medievirkeligheta i Norge er såpass liten, så blir det enormt og svært vanskelig å velge vekk.

Anno 2014. Big girl.

Dersom du har lese litt på bloggen min, så veit du at dette er eit tema som eg ikkje er heilt likgyldig til.
Og eg merka veldig tydelig at mange er påvirka av det mediebildet som er der heime..
Det som virkelig bekymra meg var å sjå korleis barn og unge utviklar seg i forhold til det som skjer rundt seg.

Som eg har skrive før så fekk eg gjennom oppveksten vite at eg ikkje fulgte normalen. Sansynligvis hadde dette noko med at eg åt rikelig med glutenholdige matvarer, men at eg ikkje burde det vart jo ikkje oppdaga før eg var 30 år. Eg var 12 år då legen satte meg på første pulverkur - då var eg 163 cm, 65 kg og rimelig aktiv. Resultatet etter heile ungdomstida og 20 åra som jojo-slankar med god hjelp av dei stadig nyaste motediettane er ein altfor tung kropp utan forbrenning og spiseforstyrrelse som lett tas opp igjen. Eg skal ikkje ta heile historia endå ein gong, den kan du lese sjølv på blogginnlegget "Spiseforstyrra"(Du finn det på høgre sida her..)
Poenget mitt er: Eg veit litt om korleis det er å føle på at ein ikkje er god nok, fin nok, slank nok...

When you try your best, but don't succeed..

Og hjertet mitt blør når eg høyrer om nydelige tenåringsjenter som står i prøverommet og grin fordi buksa, som etter alle andre sitt syn sit som om den var sydd til henne, etter hennar syn ikkje passar. Eller når småskulejenta omtrent ikkje smakar på maten fordi ho ikkje vil bli feit, eller ho som skal inn i tenåra tyr til maten som trøst fordi ho ikkje greier å bli like mager som søstera eller venninna. Og eg treng ikkje gå langt for å sjå at det er vi vaksne som er usunne forbilder. Dei høyrer korleis vi vaksne snakkar om oss sjølv og andre, korleis vi klagar på for masse her eller for mykje der. Og dei tek det til seg.

Det skal ikkje mange skeive kommentarane til før ting festar seg i eit barnesinn. I mitt hovud kjem eg alltid til å vere "Fleskeberget". Det er den morsomme kommentaren, som kun var morsom for den som sa det og dei andre som stod rundt og lo. Løgna som for min del vart sanning. Det var ei utilsikta kategorisering, ein veldig lite gjennomtenkt kommentar  og det var, slik eg ser det som voksen, ikkje meininga at det skulle såre meg så djupt som det faktisk gjorde.

Fleskeberget på tur.

La meg innrømme det først som sist: Eg er like fasinert som kven som helst andre av menneske som går ned 100 kg på tv. Eg stirrar like intenst og lurer på korleis dei får det til. Eg skulle gjerne hatt samme sjansen som dei - berre uten kamera som fulgte meg. Men nettopp det siste får meg til å tenke at det mest sansynlig ikkje er særlig sunt å sitte å sjå på korleis andre gjer det. Det er nemlig ikkje slik at alle som er tjukke eller har eit par kilo for masse på kroppen et for masse. Eg veit jo utmerket godt at mitt problem ikkje er 7000 kalorier for dag, alle som slit med vekta må finne ut kvifor dei gjer det før dei kan greie å gjere noko med det. Og sjølv om ein veit det, er det ikkje alltid så lett å få gjort noko med det. Og det blir ikkje bedre når alle skal hjelpe deg, ut frå det dei har sett på tv eller lest i eit blad.

Men poenget mitt her er ikkje kva eg må gjere - men at mange i dag veks opp med eit urealistisk bilde av kva som er ein sunn kropp. Mange jenter veks opp og trur at dei må vere størrelse 32-34 for å vere akseptable. Og guttane skal ha mest mulig musklar og helst ikkje berre sixpack, men vaskebrettmage med både 8 og 10 ruter. Dei er ikkje blitt særlig gamle heller før dei startar å fokusere i denne retninga heller...

Ingenting i veien med å ha bra kropp! Men når dette blir malen...
(Photo: Internett)

Kva skjedde med å ete sunt, men normalt når ein veks opp? Kva skjedde med å vere ute og bevege seg? Kvifor må ein jage etter å være tynnast og å ha lavast mulig fettprosent?

Eg såg ei episode med klassikaren "I Love Lucy" her om dagen. Lucy prøvde å komme seg inn i dansetroppen til Ricky. For å greie det, måtte ho komme seg inn i ei drakt i size 12. Det tilsvarer størrelse 44. Kor mange av oss ville seie oss fornøgd med å komme oss inn i størrelse 44 i dag? Eg var det ikkje sist eg hadde det på meg, og det er dessverre nokre år sidan... Minimum bør jo vere størrelse 38, helst 36. Og til og med blant dei som kjem seg inn i størrelse 36 har eg hørt klager.

Ca. størrelse 44 (Photo: Internett)

Kva tid vil vi kunne seie at vi er fornøgd? Kva forbilder er vi for borna "våre" (eg veit eg er barnlaus, men eg er tante til 10!) dersom vi ikkje viser at ingen kroppar er like - og det er ikkje meininga at vi skal vere det heller? Kva fortel vi dei dersom vi alltid slankar oss og aldri godtek kroppen vår som den er? Må ein leve opp til standarden for puppar, rumpe og lår å kunne bli betrakta som sexy? Eller kan sexy være noko meir enn kvar kurvene er plassert? Kan vi greie å godta at nokon av oss har litt meir kjøt på beina enn andre? Og kan vi greie å leve med at nokre faktisk har mykje mindre? (det er nemlig ikkje lettare å vere ufrivillig tynn!)



Hadde det ikkje vore bedre om fokuset var på å ete sunt og vere i fysisk aktivitet, og spare snop til helga, helligdagar og bursdagar enn å fokuserer på å nå eit mote- og mediebestemt kroppsideal? Og hadde det ikkje vore bedre å heie på kvarandre, og snakke fint om seg sjølv - og heller kjøpe buksa i ein størrelse større slik at den satt fint, i staden for å presse seg inn i den som strammar slik at ein får vondt av å sitte?
Kanskje kunne det då bli ok å bruke størrelse 44 igjen.


1 kommentar: