mandag 29. september 2014

Den vanskelige helbredelsen

I dag var preiketeksten frå Markusevangeliet kapittel 7. Ei kort historie om ein man som var døv og hadde vondt for å tale som møter Jesus og blir helbreda. Eg syns alltid det er litt vanskelig å møte disse tekstane om når Jesus gjer sensasjonelle ting. Kanskje fordi ein del av meg er veldig skeptisk til slikt, medan ein annen del av meg trur faktisk på det.

Den siste veka har eg møtt denne teksten fleire gonger. Og eg har tenkt masse på dei ulike måtane eg har blitt helbreda på. Og eg har tenkt på det eg ikkje har vorte helbreda frå.
Eg har tenkt på all den forkynninga eg har hørt om temaet. Eg har tenkt på alt det eg ikkje forstår i møte med temaet.


Denne historia her er litt spesiell.
For det første er det dei andre som fører mannen til Jesus. Og møtet skjer tydeligvis i folkemengda. Eg tippar forventningane var store blant dei som hadde hørt om Jesus. Og så tar Jesus med seg mannen vekk frå alle folka. Det er så mykje omsorg i denne vesle setninga. For tenk deg om du ikkje høyrde nokon ting og plutselig vart lyden skrudd på full styrke, med masse folk rundt deg som venta på reaksjonen.

Det neste Jesus gjer er ganske ekkelt når ein tenker på det, sånn reint hygienisk. Han stikker fingrane i øyrene på mannen, og så brukar han spytt og berører tunga til mannen - og plutselig er han frisk.
Det er kanskje ekkelt, men samtidig, Jesus berører og det blir bra.
Det er gjennom berøring og gjennom å få del i Jesus at det skjer. Tankane mine går i allefall til det vi deler ved nattverdsbordet kvar søndag... Det er kanskje å dra det litt langt. Kanskje er det heilt tilfeldig, eller kanskje er det noko som skal peike fram mot det. Eg veit ikkje. Eg veit berre at assosiasjonen var der for min del..


Men, det store problemet er kvifor skjer ikkje helbredelse med alle? Eg har hørt mange snakke om at det handlar om at ein ikkje har nok tillit til Gud og dersom ein berre takkar nok så vil det komme.
Til det vil eg berre seie at eg er uenig.
Eg trur ikkje det handlar om kor sterk tru du har eller kor mange takkebønner du ber.

Jesus helbreda ikkje alle. Men vi får høyre at han kan helbrede i evangelia.
Det er stor forskjell på kan og skal.

Gjennom heile min oppvekst var det folk som ba for meg.
Alle som kjende meg visste at eg ikkje var heilt frisk.
Eg har tre tynne, spreke søsken, og så kom eg med magen min og ein stadig dårligare energi.
Eg vart bedt for - gang på gang.
Legane visste ikkje kva det var. Eg visste ikkje kva det var.


Og det føltes heilt surrealistisk då eg fekk oppleve spontan helbredelse. Eg hadde fått eit sår i nakken som på grunn av kombinasjonen av permanentveske og ein merkelapp som gnog hadde blitt kraftig betent. Eg var på eit stevne, og måtte inn til helsesøstera tre gonger om dagen for å skifte bandasje fordi såret væska sånn. På kvelden gjekk eg til forbønn. I ein stille krok la ein mann eg ikkje kjenner handa si utanpå bandasjen og ba. Ti minutt seinere gjekk eg inn til helsesøstera og ho lurte på kva eg hadde gjort, for såret, som nokre timar tidlegare hadde vore undersøkt av lege som sa at det ville ta minst tre veker før det ville bli bra, hadde lukka seg. Det var ikkje meir materie eller gørr. Det var heilt fint.
Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har spurt Gud om kvifor han fiksa eit lite fillesår i nakken, men den store greia lot han meg kjempe med vidare.


Og la meg seie det med ein gong: At alt har ei meining er pisspreik! Det er mi meining i allefall. Alt har ikkje ei meining. Det er heller ikkje sant at Gud gir oss alle etter kva vi kan tåle. Det er regelrett stygt sagt til dei som har mista nokon umistelige fordi dei ikkje orka meir av dette livet!

Men eg har vore heldig og opplevd ein heilt annan helbredelse enn eg forventa på mitt store problem. Nei, eg har ikkje fått på plass forbrenninga og ein kropp som fungerer optimalt. Men eg har fått ei diagnose. Ei diagnose som sendte meg rett i kjellaren då eg fekk den. Eg visste bedre enn dei fleste som får diagnosa kva Cøliaki er. Vi hadde nemlig levd med denne diagnosen i familien i 11 år. I alle familieselskap handla det om å legge til rette for mi nydelige niese som har samme diagnose. Og dagen etter at eg fekk meldinga så ringde ho meg, hoppande glad. Eg vart, kanskje forståelig nok, litt sur og spurte: "Syns du det er bra at tante er sjuk?" Og svaret ho ga meg var meir helbredande enn om eg hadde vorte frisk: "Nei, men no er eg ikkje lenger åleine!" Sidan den dagen har eg ikkje sørga over alt eg ikkje kan ete, men eg har gleda meg over alt eg kan ete.


Det er mange måtar å bli helbreda på, og det er mange som aldri opplever å bli det. Nokre gonger treng vi legekunsten for å bli friske, andre gonger er heller ikkje det nok. Kvifor det er slik har eg ikkje svaret på - og eg vil våge å påstå at ingen teologar har svaret på det heller. Det er eit av livet sine mange mysterier. Det eg er rimelig sikker på er at vi ikkje skal spekulere i det eller prøve å tjene pengar på det. Og vi skal IKKJE tillegge folk mangel på verken det eine eller det andre dersom det ikkje skjer.


Men eg trur aldri vi må slutte å be om det.
 For vi veit ikkje når eller korleis det vil skje. 
For nokre skjer det i dette livet 
medan for andre skjer det når alt blir nytt. 
Det er uansett eit håp å sjå fram mot.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar