mandag 6. oktober 2014

Bilbaneanger og smarte telefonar

Eg var sånn ca 5 år. Eldste bror min hadde endelig, etter mykje masing, gått med på å sette opp bilbana si slik at eg og naboguten kunne få leike med den ein ettermiddag. Det var den einaste bilbana eg visste om som hadde elektriske bilar som ein styrte med fjernkontroll. Naboguten visste ingenting om det store som var i ferd med å skje. Dette var jo i gamle dagar, så eg skulle gå ut og invitere han med meg heim..

Sånn stor bane hadde bror min.. trur eg.
(foto henta frå internett)

Men på vegen møtte eg nabojentene. Dei inviterte meg inn for å leike. Eg var ei svak sjel som trudde eg kunne få pose og sekk, og ei lita stund kunne vel ikkje skade?
Plutselig stod bror min der. Det hadde ikkje vore ei lita stund, men fleire timar. Han var naturleg nok sur og bilbana var trygt plassert tilbake i kassa på loftet. Det vart ingen ettermiddag med bilbane.

Dette barndomsminnet er kanskje eit av dei verste barndomsminna mine. Framleis kjenner eg det langt inne i meg når eg tenker på det. Eg angrar framleis djupt og inderlig på at eg handla som eg gjorde. For ikkje nok med at eg ødela for meg sjølv, men eg frårøva naboguten muligheten til å få leike med bilbana. Eg må berre be om unnskyldning og håpe på at eg blir tilgitt når eg no har fortalt sanninga..

I det siste har eg tenkt på denne erfaringa. Om korleis vi kan ta frå kvarandre noko kjekt og godt ved å vere tilstades ein annan plass enn der vi burde vere tilstades.

I gamle dagar....

Egentlig starta mine tankar rundt det for eit år sidan då nokon påpeika at eg var på telefonen heile tida når eg var sammen med mine tantebarn. Før smarttelefonen hadde eg sjelden med meg mobilen når eg var på besøk hos dei, eg lot den ligge på rommet mitt og svarte på eventuelle meldingar når eg kom heim om kvelden. Etter smarttelefonen kom har eg vel egentlig ikkje vore adskildt frå den meir enn eit par timar, og då høgst ufrivillig. Eg skjerpa meg, måtte ikkje sjekke kvar gong den lyste, men berre når eg var sammen med dei. Ellers var eg akkurat like "på".

Den siste tida har eg merka meg at eg altfor ofte tek opp telefonen og ser på den. Eg må berre innom snapchat, instagram, viber, facebook, mail, melding eller internett. Eller eg må google ett eller anna som har blitt påstått. Og så har eg begynt å legge merke til alle dei som gjer akkurat det samme. Det er ikkje mindretalet av menneske eg møter i kvardagen som gjer det. Dei aller, aller fleste fiklar med telefonen altfor ofte..


Mobilen er ikkje lenger berre ein telefon som ein kan sende melding med. Den er både kamera og datamaskin, og har nesten blitt som bensinstasjonane - den fungerer ofte best på alt den ikkje egentlig var tenkt å brukast til.Det er berre ei god veke sidan eg stod og snakka med ein person, som medan eg snakka tok opp telefonen og begynte å trykke. Eg veit jo at eg ikkje er verdens mest interessante person å snakke med, men eg følte meg så liten og ubetydelig der eg stod. Og tanken på kor mange gonger eg må ha gjort akkurat det samme mot nokon andre vart plutselig svært så aktuell.

Etter det har eg lagt endå bedre merke til korleis folk tek opp telefonen i tide og utide. Ein tek selfie, ein postar bildet frå det ein akkurat har vore med på, ein sjekkar stoda i verda eller "snappar".  Denne veka såg eg ein gjeng i finkleda som sat i ein ring med kvar sin mobil. Ingen snakka med kvarandre...

Ein rolig dag.. 

Dette har gjort at eg har stilt meg sjølv ein del spørsmål. For kva er så viktig på nett eller andre stader at eg ikkje kan vere tilstades der eg er? Kva er det i eposten eller på facebook som er så viktig at eg ikkje kan bruke tida på det mennesket eller dei menneska eg er fysisk saman med? Kvifor er det så viktig å få posta bildet på instagram akkurat no, framfor å nyte øyeblikket med å vere tilstades i det? Er mitt eige eksponeringsbehov så stort? Eller er mitt internett-liv så utruleg spennande?

Alle vil vel sjå dette?? ;)

Og eg har komt fram til ein litt ubehagelig konklusjon: Det blir fort til at eg gjer som eg gjorde mot naboguten og meg sjølv. Eg frårøvar meg sjølv og dei menneska eg fysisk er tilstade saman med spennande samtaler, nærvær og omsorg ved å rømme inn i eit todimensjonalt univers. Det er kanskje eit univers med mange "likes" og mange som ser meg, men det kan aldri erstatte det fysiske nærværet. Jaget etter likes kan bli ein unødvendig stressfaktor, og etter kvart veks behovet for å bli likt uten å måtte prestere eller presentere. Eg trur ofte vi prøver å få både pose og sekk, men uansett så greier vi ikkje å få det. Og det vil alltid vere den som sit eller står framfor oss som sit igjen med følelsen av å vere uinteressant om vi vel å bruke tida på mobilen. (og no snakkar eg ikkje om når vi får ein viktig telefon eller sms, men når vi vel å sjekke berre for å sjekke...)

Kanskje skulle vi prøve å vise det til kvarandre litt oftare,
sånn face to face?

Eg har ikkje lyst å sitte og angre på at eg valgte mobilen min framfor eit anna menneske om 20 år. Så derfor vil eg prøve å legge mobilen litt vekk, eller i allefall ikkje ta den opp for å sjå om det har skjedd noko spennande medan eg er saman med andre - og gir utfordringa vidare til deg som les denne bloggen. Kanskje du også bør prøve det?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar