lørdag 28. mai 2011

Magiske Jarle

Nokre mennesker er så musikalske at det er på grensa til å vere kvalmt!
Jarle Bernhoft er eit slikt menneske.


Eg var på konsert med han på nattjazzen for to år sidan, då hadde han med seg fullt band og det var ei fantastisk oppleving, sjølv om eg hadde problem med å høyre noko særleg dei to neste dagane.


Konserten i kveld var ei heilt anna oppleving. Og endå meir fantastisk. Det var rett og slett magisk.

Han spela på tangentar, strengar, slo, klappa og beatboxa - i tillegg til å synge.  OG FOR EI STEMME DEN MANNEN HAR!! Det slo meg litt sånn ut på slutten at egentlig har han nokre fellestrekk med Prince, for begge vrenger stemma på ein veldig spesiell måte. Ein slik falsett kombinert med feit klang i dybden er det få mennesker forunt å ha!



Denne konserten var så gjennomført at det var nesten skummelt. Lys og lyd fungerte optimalt. (til tross for nokre små tekniske problem under vegs, men dei vart fint rodd i land med ei god dose humor)
Mange gonger tenkte eg at eg hadde egentlig berre lyst å lukke augene og lytte, men eg kunne ikkje, for det var så vakkert å sjå på det som foregikk på scena. Eg trur ikkje eg har opplevd det før.



Det er sjelden at eg går på konsert der det berre er ein mann og leiketøya hans på scenen, og eg går ut igjen og manglar ord for å beskrive kor bra det faktisk var. Det er når ein tek vekk alt rundt og strippar showet fullstendig at ein får sjå kva ein ekte musiker kan vere! Eg kan berre konkludere med at eg er full av beundring!

fredag 27. mai 2011

Semesterslutt

Nokre ting går i semester. Slik er det og med Seraf.
I dag var det tida for semesteravslutning - det er alltid ei glede å møtes sosialt, men også med ein litt småtrist undertone. Nokre var med for siste gang som fast inventar på Serafsamling (men er sjølvsagt veldig velkommen på besøk) og andre skal berre ha sommarferie frå Seraf og kanskje til og med Bergen!


Vår supre vertinne med skumle planer?? 


Vi samla oss hos Venke i Loddefjord til grilling. Sola hadde gøymt seg bak regntunge skyer, men Venke veit råd: for å sikre sol-steming, var leiligheten pynta med glade fargar og SOLsikker :)
Og her var god stemning rundt både grillen og bordet, sjølv om det ikkje var vêr til å sitte ute - slik vi hadde håpa på.


Litt usikker på kva dei driv med, men..


Slike kara lika vi!:)

Herlige Marianne - som desverre forlater oss.

Det var god stemning i sofaen også!:)



Stikkeplanlegging?

Gunvor, tannlegestudenten vår, kosa seg med litt snop:)

Wendy var med oss for siste gang som musikalsk leder.. 
Og tradisjonen tro, så måtte vi ha ein quiz. Og den ubestridte quizmaster i Seraf er:


Are!

Som ein snedig variant på laginndeling vart vi delt inn alfabetisk i varianten 1-2-3. Altså gjekk fyrstemann i alfabetet til eitt bord, andremann til neste, og så vidare. Det gav følgande utslag: Vi hadde bortimot same lag som på julebordet - i allefall var to av tre lag identiske! 

Og det vinnande laget vart:
Ingelin og Torgeir!:D

Det laget eg var med på! JEEEI!


Reidun visst namnet på alle -(minus)1 av idoldeltakarane frå way back! :D

Men ikkje alle kunne vinne...men det blir kanskje ekstra surt når det er 1 lite poeng som skil laga på fyrste og andreplass.. Eg må no seie ein ting: med unntak av fyrste quiz-en Are hadde i Seraf, så har eg vore på vinnerlaget kvar gong.. og det er noko som heiter "hell i spel.........." hmmm...


Berit imponerte stort med sin grand prix-oversikt!
Men om ein vann eller tapte i quiz, så er dette ein fantastisk deilig gjeng å vere i lag med. Eg håpar alle Serafane får ein nydeleg sommar med masse sol, glede og varme! :)


onsdag 25. mai 2011

Meditasjon i Sognedomen

Eg har vore i Sogn i dag - på jobb. 
Der fekk eg vere med på ei deilig samling i kyrkja
Med Bach sine tonar frå orgelet fekk eg berre vere.


Det var roleg inni meg. 
Det er det ikkje ofte det er. 
Eg vil alltid vidare, sleppe å tenke, eg vil handle
Eg festar for sjelden blikket på det som er viktig
Det er for mange ting å tenke på
i mitt travle, egoistiske liv.

Men i dag måtte eg sjå Han


Han som ga alt
Han som ga meg livet
Han som lever
Han som held heile mitt univers i si hand
Han som aldri sviktar


"Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det."
Joh.1:5

søndag 22. mai 2011

early in the morning..

I dag har eg vore tidleg oppe, sjølv om det var søndag. Vi skulle ut og synge, for siste gong dette semesteret.. kl.08.30 stod eg utanfor Kaffemisjonen, og såg inn i mørke vindauge. Der var det ikkje åpent endå, og eg trudde eg var seint ute så eg laga meg ikkje kaffe før eg for...


Men - Torgeir delte kaffekoppen sin med meg - SNILLE TORGEIR!- og livet vart plutselig mykje bedre igjen. Skal ikkje så mykje til med denne jenta ;)
Og så gjekk turen til Frekhaug, der vi altså skulle synge på sommarsamling i Normisjon.
09.40 var det lydprøve - og nokon var meir klar enn andre..


Søskenene Hauge er strukturert nok til å ta med
kaffe - smarte folk! :D

Wendy - som har vore musikalsk leder i vår :)

Rune frå perspektiv nr.1

Rune fra perspektiv 2

Torgeir - også kalt dagens helt! :D

Kristine :)

Maja:)

Den søvnløse... Are

Venke :)

Berit og Reidun

Thor Øyvind og Berit

Og det var så kjekt at Eva tok med seg familien og kom på samlinga. UTRULEG GODT å sjå ho (og Emma og Steinar) igjen :)

Vi snakka akkurat om at vi snart skal på tur.. til KYPROS! :D

Jostein hadde og tatt turen, og har fått ny look - we like:)

Det var god stemning :)


Vi var nok ein smule trøtte, både av gråveret og av ein tidleg morgon. Eg sat på med Venke og Tord inn igjen, og fekk besøk av Venke og Frida medan Tord trena.. Og etterpå var det utruleg deilig å sjå inn i kjøleskapet og oppdage at eg hadde pizzarester frå fredagen igjen :)


Det er rett og slett veldig deilig å avslutte helga med å synke ned i sofaen med ein film og litt digg.. Snart er eg klar for ei ny veke, må berre nyte helga litt til :)

tirsdag 17. mai 2011

HURRA!


17.mai = lite søvn, tidleg på'an, frokost, venner og vonde føter.
Lite søvn takka vere russ, buekorps og annna tradisjonsbundne lydeffekter.
Tidleg på'an handlar om at morgenprosesjonen startar utanfor soveromsvinduet mitt. Men i år, for fyrste gong sidane eg flytte hit, sov eg over den. Så enten må det ha vore stille (noko det ikkje brukar å vere med eit par hundre russ og eit korps.) eller så har eg rett og slett vore veldig trøtt.

Ein står når ein syng "Ja, vi elsker!"

Venner og frokost høyrer saman. Vi har etterkvart bygd oss opp ein tradisjon med frokost hos meg. I år var det 4.året.


Det er utruleg koselig å ha så masse kjekke folk på besøk! :)


 Vonde føter handlar mest om det som skjer etter frokost. For då skal vi trakke i byn - fyrst skal ein sjå hovedprosesjonen (det heiter ikkje tog i Bergen!).
Ingelin :)

Marianne :)

Mi vakre kusine, Cecilie og ein venn :) (foran fine MTB-en)

Elisabeth Mari :)


Thor Øyvind :) Hurra, hurra, hurra!

Kvifor er ikkje vi nordfjord-jentene invitert?

Kara i kilt e stilig! ;)

Kara uten kilt kan og vere stilige. Rune og Are :)

Tord og Frida :)

Venke :)

Kjenner på et litt anstrengt forhold til han i midten..

Så skal ein finne ein plass å kvile litt..

Jepp, det er noen steder det regner mer enn andre steder..


Vi fikk plass på Kaffemisjonen!!



Og i år som i fjor vendte nokre av oss tilbake til frokostbordet, som no var omgjort til lunsjbord.



Litt slakking på sofaen må til før ein orkar å bevege seg vidare.



Gratulerer med dagen kjære landsmenn!  Håpar din dag har vore minst like fin som min! :)