søndag 15. mai 2011

Knust og dagen derpå

Min kjære, kjære iPhone fikk eit ublidt møte med eit steingolv i går, der vi var på ein ellers hyggelig bytur. Eg hadde akkurat vore eplekjekk og storkjefta og skytt av at eg hadde mista den i golvet hundrevis av gongar uten at eg hadde fått ei stripe på den.. Sånt lønner seg ikkje!

:'-(
Men ellers var det ein veldig kjekk kveld, ein skikkelig jentekveld, og det vart visst nesten morgen før eg kom meg heim. Då er det fint å ha mor og far på besøk som sørger for at eg ikkje søv vekk søndagen. (men eg må innrømme at eg sløva eit par timar på sofaen hos dei...)

Men dei reiste heim i dag, etter ei helg her, og då dei for kom Ingelin og vi kjøpte oss kaffe og køyrde på tur. Vi enda på Trollhaugen. Der har eg aldri vore før - kanskje på tide etter snart 9 år som innbyggar i Bergen?

Sol, kaffe og beina på bordet - fint liv! :) (og ein heil mobil...)

Edvard Grieg har eg eit elsk-hat forhold til. Eg elskar musikken hans, eg syns det er nydelig å høyre på - men pianomusikken er ikkje skriven for oss som ikkje har dei lengste fingrane. Same kor mykje eg øvde då eg gjekk på vidaregåande så greidde eg aldri å spele Grieg fint, sjølv om det var dei enklaste stykka.

Her budde nasjonalkomponist nr.1 for ca 100-125 år sidan.

Og det er ein turistatraksjon - så vi sjekka jo ut doa som om vi var tyske bussturistar. Og eg må seie det er intressant å sjå kva skilting ein treng på eit do...


Det er deilig med sol og søndag, spesielt når ein kan tilbringe nokre timar med ei god venninne i fine omgivelsar. :)

1 kommentar:

  1. Hei! Ikke meningen å spamme bloggen din, men send meg en mail så skal du få en god pris på reparasjon av iPhonen din :)

    iphonefixern@hotmail.com

    SvarSlett