fredag 27. mai 2011

Semesterslutt

Nokre ting går i semester. Slik er det og med Seraf.
I dag var det tida for semesteravslutning - det er alltid ei glede å møtes sosialt, men også med ein litt småtrist undertone. Nokre var med for siste gang som fast inventar på Serafsamling (men er sjølvsagt veldig velkommen på besøk) og andre skal berre ha sommarferie frå Seraf og kanskje til og med Bergen!


Vår supre vertinne med skumle planer?? 


Vi samla oss hos Venke i Loddefjord til grilling. Sola hadde gøymt seg bak regntunge skyer, men Venke veit råd: for å sikre sol-steming, var leiligheten pynta med glade fargar og SOLsikker :)
Og her var god stemning rundt både grillen og bordet, sjølv om det ikkje var vêr til å sitte ute - slik vi hadde håpa på.


Litt usikker på kva dei driv med, men..


Slike kara lika vi!:)

Herlige Marianne - som desverre forlater oss.

Det var god stemning i sofaen også!:)



Stikkeplanlegging?

Gunvor, tannlegestudenten vår, kosa seg med litt snop:)

Wendy var med oss for siste gang som musikalsk leder.. 
Og tradisjonen tro, så måtte vi ha ein quiz. Og den ubestridte quizmaster i Seraf er:


Are!

Som ein snedig variant på laginndeling vart vi delt inn alfabetisk i varianten 1-2-3. Altså gjekk fyrstemann i alfabetet til eitt bord, andremann til neste, og så vidare. Det gav følgande utslag: Vi hadde bortimot same lag som på julebordet - i allefall var to av tre lag identiske! 

Og det vinnande laget vart:
Ingelin og Torgeir!:D

Det laget eg var med på! JEEEI!


Reidun visst namnet på alle -(minus)1 av idoldeltakarane frå way back! :D

Men ikkje alle kunne vinne...men det blir kanskje ekstra surt når det er 1 lite poeng som skil laga på fyrste og andreplass.. Eg må no seie ein ting: med unntak av fyrste quiz-en Are hadde i Seraf, så har eg vore på vinnerlaget kvar gong.. og det er noko som heiter "hell i spel.........." hmmm...


Berit imponerte stort med sin grand prix-oversikt!
Men om ein vann eller tapte i quiz, så er dette ein fantastisk deilig gjeng å vere i lag med. Eg håpar alle Serafane får ein nydeleg sommar med masse sol, glede og varme! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar