onsdag 30. januar 2013

Om regn og kråker


Ein ting er heilt sikkert:
Eg er ikkje laga for regn.
Eg blir så bort i natta vêrsjuk.
Og det er så slitsomt å vere så trøtt og grinete, 
og dei siste dagane har eg til og med nesten vorte sur
opp til fleire gonger. 
Og eg likar ikkje vere sur!

Dei var ikkje åleine!

På veg heim frå jobb i går
møtte eg forresten eit sært fenomen.
Kråkene i Bergen.
Dei held seg visst i Sandviken om dagen
og på kvelden flyg dei inn til sentrum..
Og dei er MANGE!!!
Følelsen av å ha havna i ein Hitchcock-film
var sterkt tilstades hos den lett ornitofobiske frk.Fure...

Dei svarte prikkane er nokre av vennane
til dei på bildet over... I DON'T LIKE!
 Men tilbake til regnet..


Hadde det berre komt rett ned,
og kanskje i byger, 
så kunne eg kanskje komt meg greit gjennom det.
Men her regnar det nedover, oppover, bortover og på skrått.
Og så bles det slik at same kva du har på deg ,
eller kva paraply du har, så må du gje tapt.


Det er berre å innsjå det:
du kjem ikkje frå det utan å sjå ut som ein drukna katt!


Å få håret til å sjå normalt ut kan i allefall eg berre gje opp,
det ser ut som ull og føles som lett kara ull når det tørkar.
Og sminka gidd eg ikkje nemne ein gong..
Og regnjakka mi har visst sett betre dagar...
og er på langt nær lang nok!

Ser kor jakka slutta ja...

Nei, regn er ikkje noko for meg.
Men eg kom meg heim i dag og.
Eg har fått på meg tørre kle
og sunke djupt ned i sofaen.
Her blir eg resten av kvelden, 
og skal jammen unne meg ein sjokoladebit
sjølv om det berre er onsdag!


søndag 27. januar 2013

Visitas, selskap og regn

Den siste veka har vore stappa med innhold.


Eg har vore så heldig at eg fekk vere med biskopen på visitas 
på Bømlo.
Bømlo er staden der kristendommen starta i Norge.
Og det er staden for kristenretten.
Eg syns det er ganske fasinerande å tenke på at Norge 
kunne vore eit heilt anna land om ikkje
Olav Trygvason hadde gått i land her i 995, 
eller Olav Haraldson (og kjend som Olav den Heilage) 
hadde bygd opp eit lovverk rundt dei kristne verdiane 
og fått dei vedtatt på Mostratinget i 1024.


Men Bømlo er meir enn Moster.
Det er ein plass der dei får til mykje.
"Driftige folk i vakker natur" er slagordet deira.
og etter tre dagar med møter i ulike fora
kan eg seie at det stemmer godt overeins med virkeligheta.


Vi fekk og besøke alle kyrkjene deira, 
og biskopen var stadig på talarstolen.
Eg må seie at eg er stolt av å jobbe for biskopen i Bjørgvin, 
han er ei svært klok og flink mann.
Eg lærte mykje av både han og andre aktørar
under denne visitasen.


Og det må seiast, 
når ein er på visitas 
så høyrer det med mat
og ikkje minst kaffe,
i enorme mengder.


Fredag var det tilbake på kontoret.
Der var også stemninga på topp :)
Vi er godt i gang med ungdomsåret 2013,
noko biskopen og er prega av.. ;)


Så vart det etterkvart helg.
Og eg skulle i min fyrste 40-årsdag.
Heldigvis har eg nokre år igjen før det er min tur, 
men det føles likevel litt rart at tida går slik..

klar for fest!

Men det er vel berre å innsjå at
ein ikkje kan bygge på følelsen av å vere ung for alltid, 
sjølv om eg har bestemt meg for at eg aldri vil bli gammal til sinns.

40 år og like blid
Og det vart ei veldig kjekk feiring av Hilde,
som var fyrste kvinne ut. 
Ho er ei spenstig dame, 
så når eg ser på henne er det egentlig ikkje 
så gale å bli 40.. ;)


Og som bildene fortel
hadde gjestene i selskapet det også
veldig kjekt ;)


lærarhumor ;)

sykepleierhumor ;)

 Nygifte folk altså ;)



Men festen tok etterkvart slutt, 
og i dag regnar det. 
Det er det faktisk ganske lenge sidan det har gjort i Bergen..
Men eg har ikkje blitt nok bergeneser til at eg kan seie at 
eg har sakna det, eller at det er velkomment.


Så eg kjenner at det er godt å ha ei kinoavtale
der eg kan få synke ned i stolen og nyte "Les Misérables"

God søndag!

fredag 18. januar 2013

Fredagsmiddagsnacks

Fredag ettermiddag er eg alltid litt sliten og fantasilaus,
og då er det godt å ha ei kjapp oppskrift å bruke til middag.
Suppe er ingen dårlig ting, 
denne er svært god
og ikkje altfor usunn ;)


Og så er den superenkel:
Eg tar først og kuttar opp ein raud og ein grøn paprika
og ein vårlauk.
Og set på ei panne med ca 1 dl vatn og ein terning hønse/kyllingbuljong.
Så surrar eg kyllingfilet i panna.
(vanligvis puttar eg berre oppskoren kyllingfilet i omnen, 
men i dag måtte eg ha mat fort..)


Når buljongen har løyst seg opp,
har eg opp i paprikaen og vårlauken,
og lar det trekke (under lokk) litt medan kyllingen blir klar.


Så har eg oppi den steikte kyllingen
og ca.2 dl fløte eller heilmelk. (det er den usunne delen..)
Så lar eg det nesten koke, 
og lar det stå på svak varme i ca.5 min
og vips så har eg middag.


Du treng ikkje tilbehør,
men du kan velge sjølv om du vil ha det.
I dag tok eg i litt ris som eg hadde frå middagen i går.
Og eg har sikkert lunsj til i morgon også :)

søndag 13. januar 2013

mitt lille land..

Då eg hadde norskeksamen tredje året på vidaregåande
var eg så heldig å ha omgangssyke.
Eg sat der med ritzkjeks(ja, det var før eg fekk diagnose), cola og pose
og skulle prestere etter beste evne.
Eg fann ut at då var tida komen for å gjere noko eg aldri før hadde gjort, 
nemleg å skrive ein politisk stil.
Det vart med den eine gongen.



Eg kan ikkje skryte av nokon strålande eksamenskarakter.
Og då læraren min vurderte oppgåva, for å sjå om eg hadde grunnlag for å klage, 
fekk eg tydeleg beskjed:
"Du må for all del ikkje klage, 
sarkasmen og ironien er gode språklege virkemiddel
som du til dei grader beherskar.
Problemet er at dei høyrer ikkje heime i ei slik oppgåve!
Dessuten har du skrive alle partinamn untatt Krf og Frp med liten bokstav..."

Eg hadde ikkje teke sikte på noko politisk karriere før dette, 
og har ikkje kjent på behovet for det etterpå heller.
Det er mange ting i politikken eg ikkje forstår,
men eg forstår somregel at sakene ikkje er like enkle som media vil ha oss til å tru.
Eg forstår òg at politikk handlar om å gi og ta, om å måtte ofre noko for å oppnå noko anna.

Men det finnes og ting eg ikkje forstår i det heile.
Norsk asylpolitikk er ein slik ting.


I går var eg på markering for asylbarna.
Du veit dei ca.500 barna som har vore i Norge mesteparten eller heile livet sitt, 
som no skal deporterast til eit land dei ikkje har eit forhold til, 
berre fordi norsk lov gjev myndighetene rett til det.

Eg kjenner eg blir sint og frustrert over at vi kan ha slike tilstandar.
Og eg forstår ærlig talt ikkje at andre kan meine at dette er rett..

Norge, mitt lille land, som eg har vore så heldig å vokse opp i som etnisk nordmann, 
er eit av dei rikaste landa i verda.
Vi har helseomsorg som, til tross for nokre utfordringar, fungerer betre enn dei fleste andre plassar i verda. Vi har mat i butikkane og sosialtjenester som tek vare på oss om økonomien raknar fullstendig.
Vi har naturressursar i bøtter og spann, utdanningsmuligheter store deler av verda si befolking kan berre drøyme om og godt betalte jobbar samanlikna med mesteparten av verda.. Vi har eit demokrati som fungerer på godt og vondt, og vi har ikkje opplevd større kriser dei siste 20 åra enn at det vart ramaskrik då vi plutselig måtte bruke importert smør til julekakene i fjor...
I dette landet er vi 13 menneske som deler på ein kvadratkilometer. Til samanlikning er det i  Japan ca 336 menneske som gjer det same. Vi har liksom ikkje spesielt dårleg plass... 


Men å gje rom til menneske som kjem hit fordi det er fare for livet deira i landet dei kjem frå - det er fryktelig vanskeleg. Dei kan jo utnytte dei gode velferdsordningane våre! Dei kan jo komme og ta jobbane våre. Eller dei kan bli kriminelle! Nei, det er best å sikre seg at dei ikkje får bli her lenger enn nødvendig, og at dei berre får sitte på eit asylmottak til dei reiser heim!

Eg har til dags dato aldri møtt ein flyktning som ikkje ynskjer at dei kunne reise heim. Eg har aldri møtt ein som blir forfølgd på grunn av tru, legning eller politisk meining - som ikkje skulle ynskje at han, eller ho, kunne reise tilbake. Men eg har møtt menneske som har flykta frå alt dei eigde for å redde sitt eige liv. Eg har møtt menneske som kan fortelle om krigen si grusomme virkelighet, ei virkelighet som eg ikkje har forutsetning for å forstå.. Eg har møtt menneske som har betraktelig høgare utdanning enn meg, men som likevel er glad berre dei får lov å vaske på ein skule eller tømme bosset vårt.. 

I løpet av livet har eg møtt mange som har komt til Norge, fordi dei ikkje kan bli i heimlandet.
Eg har møtt mange som har flytta til Norge fordi dei hadde lyst og, men dei som flykta har ei anna historie. Eg kjenner menneske på min alder som eg ser som nordmenn, men som enten har flykta sjølv eller har foreldre som har flykta frå krig eller forfylgjing. Heldigvis fekk dei bli - og berike livet mitt.


Asylpolitikk er sjølvsagt eit mangefarga bilde, bokstavlig talt. Og eg skal ikkje legge meg for masse bort i det. Men når no Norge vil sende 500 born som har vore her så lenge at dei opplever Norge som sitt moderland, ja, nokre er til og med fødde her, ut til ei virkelighet som er heilt fjern for dei - då syns eg ærleg talt det blir for drygt.

Arbeiderpartiet snakkar mykje om raushet, åpenhet og demokrati. Vi snakkar mykje om kor flinke vi er, kor gode vi er, kor fantastisk Norge er. Og ja, Norge er eit fantastisk land på så veldig mange måtar. Det er fint å vere norsk i Norge. 
Men kanskje må vi utvide horisonten litt, åpne for at også andre enn etniske nordmenn kan vere viktige for den norske kulturen. 
Kanskje vil vi bli rausare om vi lar dei som virkelig treng å få vere her, få bli? 
Kanskje vil vi oppleve at vi blir eit varmare, meir inkluderande samfunn?


Eg burde sikkert ikkje skrive dette - eg er jo ingen politiker. Eg er berre meg. 
Men i går var korskirka full av menneske som er like provosert som meg over at velferdsstaten Norge kan tillate seg å sende desse borna ut frå det dei kjenner, til det ukjente. Som påstår at vi returnerer dei, men som Jan Erik Vold så fint formulerte i går: ein kan ikkje returnere nokon til ein plass dei aldri har vore, då heiter det deportere...

Mitt lille land, som eg er så heldig å vere ein del av, her eg får nyte godt av velferd og fred. 
Mitt lille land - kan vi bli stor nok til å romme ca. 500 born til?


onsdag 9. januar 2013

Med gutta på tur

nokre gongar startar arbeidsdagen litt tidlig..

Eg likar jobben min.
Veldig godt!
Eg likar folka eg jobbar saman med.
Dei er veldig fine folk.


Dei to siste døgna har eg tilbrakt mykje tid i baksetet på ein bil.
Biskopen sin bil for å vere eksakt.
Vi, biskopen, Arnt Johan og eg, har vore til Indre Sogn 
og Sunnfjord for å snakke om
U2013 - ungdomsåret i Bjørgvin.
I år skal det nemlig vere eit ekstra fokus på ungdom i kyrkja her, 
noko som eg syns er veldig bra.

motto for U2013 :)

Vi har vore på nokre sånne samlingar i lag før, 
og det er alltid like kjekt og lærerikt å vere i lag med desse karane.
Og det manglar ikkje på festlige historier heller langs etter vegen.
Så det har gått overraskande bra å tilbringe tida i baksetet, 
for ei med lang fartstid som bilsjuk,
både frå Bergen til Sogndal,
Sogndal til Førde
og så frå Førde til Bergen igjen.

Utsikten fra baksetet

Og vi fekk nokon aldeles nydelige naturopplevingar på vegen.
Vi køyrde ut av og inn i skodda,
og det var mange gode lyssettingar langs vegen.
Det var nesten vondt å ikkje ha med speireflekskameraet..
Men her er i allefall nokre mobilbilder
som kan gje eit lite bilete av kor fantastisk natur
det er i dette landet vårt:

Ferga under skodda på Sognefjorden

Der er eit lys på vegen...





Eg likar altså jobben min.
Veldig godt!
Sjølv om eg av og til må sitte i baksetet.





lørdag 5. januar 2013

Inn i mitt hode...


Eg har eit problem.
Egentlig er det ikkje noko stort problem for meg.
Men det kan lett vere eit litt småirriterande element
for mine omgivelsar.

Eg oppdaga dette problemet for nokre år sidan,
då eg fekk muligheta til å reise på retreat.
Du veit, sånn vere stille ting..
Det passa ikkje for meg.


Det var noko av det som passa meg veldig fint.
Stille frokost f.eks. var heilt fabelaktig!
Ingen som forventa at eg skulle greie å formulere noko fornuftig, 
ingen som krevde at ansiktsmusklaturen skulle vere i gang før fyrste kaffekoppen,
supert - rett og slett supert!

Men resten av dagen var ein prøvelse.
For du forstår,
inne i hovudet mitt er det alltid musikk..
Kanskje litt skummelt å seie slikt, 
det er litt "høyre stemmer" over det.

Men ta det heilt med ro,
musikken tek ikkje over for vanlig sunn fornuft 
eller formanar meg om kva eg skal gjere.
Problemet er berre at av og til så kjem den ut...
Dei fleste har vel opplevd å få ein song på hjerna,
ein song som dei syng på ein dag eller ei periode..
Eg har det slik ca. veldig masse av tida.
Det skal veldig lite til før ein eller annan song dukkar opp
i tankane mine.


Sjølvsagt får eg den vanlige "eg høyrde ein song og fekk den heilt på hjerna"-opplevinga, 
som no i jula då eg var på nyttårskonsert og ein sang "Stjernesludd"
og etterpå har eg gått og sunge på:
"alle snille barn er kjøpt og betalt, på skjermen har sjarmen gått tom.."


Men ofte er det berre småting, eit ord, noko som skjer rundt meg, eit bilde,
det kan vere kva som helst, 
som set i gang ein song i hovudet mitt..
Og det kan skifte fort,
gå rett frå Justin Bieber til Radetzkymarsj
til Gangnam style til U2 til Ave Maria osv.
Det finnes liksom ikkje noko grense for kva som lagrar seg 
av musikk i hjerna mi,
og som kjem fram på dei mest utrulege plassar. 
Og ingenting er vel meir smittsomt enn 
nokon som plutselig nynnar på ei sangstrofe...

Foto: Arnt Thyve

Kanskje er det fordi musikk er mitt hjertespråk?
Kanskje er det fordi musikk er det som virkelig får denne jenta til å føle?
Eg veit ikkje..
Men eg opplever det jo egentlig ikkje som eit problem, 
bortsett frå når albert åberg-sangen dukkar opp, 
som er sånn ca litt for ofte..
Men då syng eg berre litt på Uptown girl,
og så forsvinn den - problem solved!


Og det er jo ganske praktisk å ha innebygd sin eigen jukebox..
Så kanskje er det ikkje eit problem, sånn egentlig?