søndag 13. januar 2013

mitt lille land..

Då eg hadde norskeksamen tredje året på vidaregåande
var eg så heldig å ha omgangssyke.
Eg sat der med ritzkjeks(ja, det var før eg fekk diagnose), cola og pose
og skulle prestere etter beste evne.
Eg fann ut at då var tida komen for å gjere noko eg aldri før hadde gjort, 
nemleg å skrive ein politisk stil.
Det vart med den eine gongen.



Eg kan ikkje skryte av nokon strålande eksamenskarakter.
Og då læraren min vurderte oppgåva, for å sjå om eg hadde grunnlag for å klage, 
fekk eg tydeleg beskjed:
"Du må for all del ikkje klage, 
sarkasmen og ironien er gode språklege virkemiddel
som du til dei grader beherskar.
Problemet er at dei høyrer ikkje heime i ei slik oppgåve!
Dessuten har du skrive alle partinamn untatt Krf og Frp med liten bokstav..."

Eg hadde ikkje teke sikte på noko politisk karriere før dette, 
og har ikkje kjent på behovet for det etterpå heller.
Det er mange ting i politikken eg ikkje forstår,
men eg forstår somregel at sakene ikkje er like enkle som media vil ha oss til å tru.
Eg forstår òg at politikk handlar om å gi og ta, om å måtte ofre noko for å oppnå noko anna.

Men det finnes og ting eg ikkje forstår i det heile.
Norsk asylpolitikk er ein slik ting.


I går var eg på markering for asylbarna.
Du veit dei ca.500 barna som har vore i Norge mesteparten eller heile livet sitt, 
som no skal deporterast til eit land dei ikkje har eit forhold til, 
berre fordi norsk lov gjev myndighetene rett til det.

Eg kjenner eg blir sint og frustrert over at vi kan ha slike tilstandar.
Og eg forstår ærlig talt ikkje at andre kan meine at dette er rett..

Norge, mitt lille land, som eg har vore så heldig å vokse opp i som etnisk nordmann, 
er eit av dei rikaste landa i verda.
Vi har helseomsorg som, til tross for nokre utfordringar, fungerer betre enn dei fleste andre plassar i verda. Vi har mat i butikkane og sosialtjenester som tek vare på oss om økonomien raknar fullstendig.
Vi har naturressursar i bøtter og spann, utdanningsmuligheter store deler av verda si befolking kan berre drøyme om og godt betalte jobbar samanlikna med mesteparten av verda.. Vi har eit demokrati som fungerer på godt og vondt, og vi har ikkje opplevd større kriser dei siste 20 åra enn at det vart ramaskrik då vi plutselig måtte bruke importert smør til julekakene i fjor...
I dette landet er vi 13 menneske som deler på ein kvadratkilometer. Til samanlikning er det i  Japan ca 336 menneske som gjer det same. Vi har liksom ikkje spesielt dårleg plass... 


Men å gje rom til menneske som kjem hit fordi det er fare for livet deira i landet dei kjem frå - det er fryktelig vanskeleg. Dei kan jo utnytte dei gode velferdsordningane våre! Dei kan jo komme og ta jobbane våre. Eller dei kan bli kriminelle! Nei, det er best å sikre seg at dei ikkje får bli her lenger enn nødvendig, og at dei berre får sitte på eit asylmottak til dei reiser heim!

Eg har til dags dato aldri møtt ein flyktning som ikkje ynskjer at dei kunne reise heim. Eg har aldri møtt ein som blir forfølgd på grunn av tru, legning eller politisk meining - som ikkje skulle ynskje at han, eller ho, kunne reise tilbake. Men eg har møtt menneske som har flykta frå alt dei eigde for å redde sitt eige liv. Eg har møtt menneske som kan fortelle om krigen si grusomme virkelighet, ei virkelighet som eg ikkje har forutsetning for å forstå.. Eg har møtt menneske som har betraktelig høgare utdanning enn meg, men som likevel er glad berre dei får lov å vaske på ein skule eller tømme bosset vårt.. 

I løpet av livet har eg møtt mange som har komt til Norge, fordi dei ikkje kan bli i heimlandet.
Eg har møtt mange som har flytta til Norge fordi dei hadde lyst og, men dei som flykta har ei anna historie. Eg kjenner menneske på min alder som eg ser som nordmenn, men som enten har flykta sjølv eller har foreldre som har flykta frå krig eller forfylgjing. Heldigvis fekk dei bli - og berike livet mitt.


Asylpolitikk er sjølvsagt eit mangefarga bilde, bokstavlig talt. Og eg skal ikkje legge meg for masse bort i det. Men når no Norge vil sende 500 born som har vore her så lenge at dei opplever Norge som sitt moderland, ja, nokre er til og med fødde her, ut til ei virkelighet som er heilt fjern for dei - då syns eg ærleg talt det blir for drygt.

Arbeiderpartiet snakkar mykje om raushet, åpenhet og demokrati. Vi snakkar mykje om kor flinke vi er, kor gode vi er, kor fantastisk Norge er. Og ja, Norge er eit fantastisk land på så veldig mange måtar. Det er fint å vere norsk i Norge. 
Men kanskje må vi utvide horisonten litt, åpne for at også andre enn etniske nordmenn kan vere viktige for den norske kulturen. 
Kanskje vil vi bli rausare om vi lar dei som virkelig treng å få vere her, få bli? 
Kanskje vil vi oppleve at vi blir eit varmare, meir inkluderande samfunn?


Eg burde sikkert ikkje skrive dette - eg er jo ingen politiker. Eg er berre meg. 
Men i går var korskirka full av menneske som er like provosert som meg over at velferdsstaten Norge kan tillate seg å sende desse borna ut frå det dei kjenner, til det ukjente. Som påstår at vi returnerer dei, men som Jan Erik Vold så fint formulerte i går: ein kan ikkje returnere nokon til ein plass dei aldri har vore, då heiter det deportere...

Mitt lille land, som eg er så heldig å vere ein del av, her eg får nyte godt av velferd og fred. 
Mitt lille land - kan vi bli stor nok til å romme ca. 500 born til?


1 kommentar: