mandag 9. mars 2015

Sunn tru og vanvittige dietter

Eg har tenkt mykje etter besøket mitt i Redding. Eg har tenkt mykje, samtala mykje og tenkt endå meir.
Eg har blitt oppdratt til å ikkje vere ukritisk. Eg har blitt utfordra på valga eg tek. Eg har fått gjere meg opp mine eigne meiningar, sjølv om dette har vore meiningar som mine nærmaste har vore, og kanskje framleis er, uenig i. Eg har vore med på å la meg rive med, uten tanke på morgondagen - og eg har lært av det. Eg har gått frå å leve under stempelet konservativ, til å bli det mange vil karakterisere som liberal. Eg har latt følelsane råde, men opplevde etterkvart at jaget etter opplevelse og riktig stemning vart for mykje. Og derfor har eg siste veka tenkt mykje på kva det vil seie å ha ei sunn tru. Og dette er det eg har komt fram til til no. Det kan hende eg tek feil, eller at lista blir endra eller lenger med tida. Eg er absolutt åpen for innspel. But here goes:


1. Det handlar om kvar ein legg fundamentet. Det er som med kosthald og trening. Korleis legg ein det opp? Kva er det ein lyttar til? Dersom du kjøper pulverkur på pulverkur, så gjer det mirakel på kort sikt for dei fleste av oss. Men i det lange løp så er ein så utsulta på alt ein ikkje får ete at dei aller, aller fleste legg på seg mykje meir enn dei har tatt av når kuren er over. Det blir korthus som kollapsar med det minste vindpust. Eller satsar ein på noko som er meir langsiktig, kanskje treigare i resultatoppnålese men som endrar livsstil? Legg ein fundamentet til kva ein trur på i følelsane sine, i kva ein predikant eller leiar seier, i stemninga i salen, i kor mange ein ser helbreda eller kor ofte ein får oppleve noko overnaturlig, då blir det ei tru som er lett å rokke. Jesus snakkar om å bygge huset på steingrunn.(Matt.7) Solid Rock. Noko som har fått heilt ny betydning for meg etter eg flytta hit til San Francisco. Det er stor forskjell på skadane bygga får i dei ulike delane av byen her om det store jordskjelvet kjem. Det såg ein då det kom i 1989. Det som var bygd på berget, det stod. Mykje av det som var bygd på kunstig jordmasse rasa.. Og kva fundament er det Jesus snakkar om? Eg trur han snakkar om Bibelen. At vi veit kva som står. At vi veit kva Jesus har sagt og blir kjend med han gjennom Guds Ord. Og beklager å seie det, men det gjer vi ikkje ved å kun lytte til kva andre har å seie om det som står i Bibelen.


2. Det fører meg vidare til dette med teologi. For eg trur vi altfor ofte slår kvarandre i hovudet med det vi meiner er rett lære på bakgrunn av kva vårt kyrkjesamfunn seier er rett. Mitt første virkelige møte med teologi var då eg skulle skrive gruppeoppgåve om dåp og vart plassert i ei gruppe med ein pinsevenn, ein baptist, ei frå frikyrkja og så var det meg som aldri hadde tenkt på kvifor vi i den norske kyrkja hadde barnedåp. Det var for det første lærerikt fordi eg måtte virkelig tenke gjennom kvifor eg framleis kan vere medlem i eit kyrkjesamfunn som døyper borna våre. For det andre var det lærerikt i forhold til å respektere at andre tolkar det som står i Skrifta på ein litt annen måte. Mange blir så opptatt av å ha rett, noko eg sjølv har prøvd meg på nokre gonger, at dei ikkje ser at mykje av det som står i Bibelen kan tolkast i ulike retningar ut frå korleis ein les i forhold til konteksten det er skrive til. Det fører meg vidare til:

Trekker vi raske slutninger?

3. Eg vil også påstå at mange kristne har lese for lite i Bibelen. Eller kanskje er det rettare å seie at mange har lese berre utdrag frå Bibelen ofte nok til å la seg blende, og ikkje ser at samanhengen det står i kan kanste nytt lys på tingenes tilstand. Og at det kanskje står ting andre plassar som gjer at det dei har høyrt er klinkande klart, ikkje lenger er det. Dette heng sammen med teologi-punktet. For mykje av det som har vorte brukt til å danne grunnlag for ein del teologi er bibelord som blir lausrive frå samanhengen det står i. Eit enkelt eksempel på dette kan vi f.eks. finne i 1. Kor.7,4. Det er ganske stor forskjell om ein berre les første delen av dette verset: "Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen." enn om ein tek med andre del: "Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona."
Paulus snakkar ikkje her om at mannen skal herske over kvinna. Han snakkar om noko så elementært som begjær i eit kapittel der han på grunn av trua på at Jesus snart kjem igjen, og forfølgelsen er intens, oppfordrar folk til å velge sølibatet - slik som han. Men samtidig oppfordrar han ektefolk og dei som har funne nokon om å leve saman i ekteskapet.


Det er mange ting i Bibelen som kan bli forvridd om ein ikkje les det i samanhengen det står. Om ein kun les kapittelet om nådegåvene (1.Kor 12), eller kun les om ordninga i gudstjenesta (1.Kor.14), eller berre les desse to utan å sjå kapittel 13 som står i mellom dei to, og som fortel minst like mykje om både kapittel 12 og kapittel 13 som dei to andre, så kan ein gå glipp av viktige ting. Eg trur ikkje det er tilfeldig at Paulus skriv om kjærleiken mellom desse to kapittela!

Når det gjeld teologi så er det viktig å hugse at det meste av det som står i Bibelen blir diskutert av dei som studerer den. Det er svært store deler av Bibelen teologar frå ulike retningar ikkje er enige om tolkinga av. Det handlar om korleis ein les boka, om korleis ein tolkar og forstår samanhengar. Det er fort gjort å henge seg så opp i enkelte problemstillingar at ein misser synet av kva som er det vesentlige: Kva seier teologien til ei menighet om Jesus? Det er der du finn ut om nokon faktisk praktiserer kristen tru eller ikkje. Ikkje om dei har eit anna syn på dåp og nattverd, eller om ein har ei anna vektlegging på synde-registeret...


4. Uttrykksmåte er uvesentlig. Om vi har hendene løfta over hovudet i lovsang eller kneler og korser oss er uvesentlig. Dette handlar berre om korleis vi uttrykker oss. Om vi bruker liturgi der orda er formulerte av kloke menneske før oss, eller om vi berre følger ein fastlagt formel på korleis møtet skal byggast opp er ikkje viktig. Det viktige er at det er rom for å vere der i alle livet sine stadier og situasjonar. Vi er ulike som menneske, vi har ulike måtar å uttrykke oss på og ulike måtar å forstå ting på. Nokre er gode på logikk og matematikk, andre forstår bedre det abstrakte og filosofiske. Nokre treng det som har system og orden, andre foretrekker det mjuke og uforutsigbare. Gud veit det. Eg trur det er derfor vi har ulike menigheter med ulike uttrykk.


5. Andens frukt. Ja, kva var no det? Gal.5,22-23: "Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!" Eg kunne sjølvsagt lista opp alle dei tinga som står som motstykke i versa før, men poenget mitt her er: Eg trur dette er ting som skal følge oss som er kristne. Eg trur ikkje at det er noko som vi skal presse kvarande til å skulle oppnå. Eg trur det er noko som vil komme naturlig etter kvart som vi lever livet sammen med Jesus. Altfor ofte blir det sett opp som eit krav for å vere kristen. Men det må få lov å vokse fram. Og du treng jo slett ikkje vere kristen for å inneha mange av desse egenskapane! Eg trur forøvrig også at dette er ting som er viktigare at følger oss som trur enn all verdens overnaturlige greier. Ja, eg trur Gud helbreder og brukar nådegåvene våre til å vise kven Han er og at Han bryr seg. Men eg trur og at dersom dette blir eit krav for meg som kristen, at det er noko eg MÅ, så er eg på god vei inn i ein åndelig pulverkur som berre tømmer meg for krefter. Eg trur også at korleis vi som fellesskap tek vare på dei svakaste i samfunnet fortel svært mykje om kor sunne vi er som trusfellesskap.

Nokre varsellamper er alvorligere
enn andre. Men alle har betydning.

6. Gud tåler at vi stiller spørsmål. Han tåler at vi stiller spørsmål ved Han, ved teologien, ved dei som er leiarane våre. Gud tåler kritikk. Han dør ikkje eller går til grunne om vi er uenig eller kallar Han urettferdig. Han er ikkje redd for at vi testar Han! Når leiarar i ei menighet sluttar å tåle at andre er uenige eller ikkje tåler at nokon stille spørsmål ved måtane dei gjer ting på eller kva dei forkynner, så bør varsellampane våre lyse. Det er ikkje eit tegn på sunnhet. Heller det stikk motsatte. Det er fryktelig lett å la seg blende av karismatiske leiarar med orda i si makt. Og det er som leiar, veldig lett å bli blenda av makta ein har. Derfor bør ein med jevne mellomrom prøve å ta eit steg tilbake og sjekke ut om det som blir sagt og gjort er i samsvar med det Bibelen seier.



7. Barn først, så tenar. Igjen, kva er fundamentet? Er det kva som står i Bibelen som får forme trua vår? Eller er det noko anna? Dersom ein blir heilt uvirksom, dersom alt har rasa og ingenting av alt stæsjet er igjen - kva står ein då igjen med? Når musikken har stilna, er det likevel noko som kan lovsynge i oss?  Eg syns det er så fint å lese i Matt.3 om Jesu dåp. Før Jesus går inn i noko teneste, så blir han bekrefta som barn. Som elska. I Rom.8 kan vi lese at vi også er Guds born. Det er det første og det viktigste. Vit kven du er barn til - og vit at du er elska, akkurat som du er. Å vere barn gir også arverett, utan at ein har gjort noko for det. Guds rike høyrer altså deg til, sjølv om du skulle føle at du ikkje er god nok eller fortjener det. Det kjem ikkje an på kor store under du har sett og gjort, eller kor profetisk eller poetisk du har tala.  Det handlar kun om ein ting: At du vedkjenner deg Jesus, tek imot det Han har gjort og ynskjer å leve med Han i livet ditt.


Og akkurat dette med å vere barn er så ufattelig viktig. Særlig i møte med sektiske menigheter, som stadig jagar etter stemningar, følelser og som skaper krav om at ein må oppfylle så mykje, enten det er å tale profetisk, helbrede eller andre ting. Tryggleiken om at du er elska og at det Jesus gjorde for deg er nok, kan fort drukne i alle desse høge stemmene som ropar om korleis du skal og bør vere. Eg seier ikkje at ein skal slutte å be for folk, fordi ein ikkje skal søke helbredelsen - det blir heilt feil. Vi skal be for dei som er sjuke. Vi skal be om helbredelse. Men eg har møtt menneske som har valgt å gå i døden fordi dei avslutta behandlinga som kunne redda liva deira. Grunnen var at leiaren i menigheta sa at dei var helbreda. Det var ikkje lov å stille spørsmål ved det. Då har det bikka. Då har jaget vorte for stort. Kvifor Gud ikkje helbreder alle vi ber om helbredelse for, det kan vi ikkje svare på. Men vi kan vere trygge på at Gud vil vere med uansett. Han har heile verda i si hand. Han går gjennom det vanskelige sammen med oss, om vi lar Han gjere det.


Eg syns Sølvi Hopland seier noko viktig og sant om å vere Guds barn i ein av sangane sine. Ho seier det bedre enn eg kan:

No skal du få vere barn, og ikkje tenar
No kan du få vere liten, ikkje stor
Ingen spør deg kva du syns og kva du menar
det e'kje du som skal forsvare mitt ord

No skal du få sleppe hendene langs sida
du må'kje tru at du skal bere meg.
Som om eg må holdast oppe heile tida
ikkje gløym at det er eg som bere deg.

No skal du få vere svak, legg bort din styrke
Eg lever fortsatt, sjølv når du er død
Det er faren når mitt ord har blitt ditt yrke:
Du tenker mest på alle andre du skal fø

No skal du få lov å lytte, ikkje tale
no kan du ta imot, og ikkje gje
Du kan gråte ut for alt som har gått gale
eg vil holde deg og gje deg av min fred.

Eg ropar igjen, har prøvd så mange gonger:
Eg elskar deg, mitt barn, eg ELSKAR deg!
Du er ikkje uunværlig som min tenar,
men som barnet mitt er du umistelig.



torsdag 5. mars 2015

Oh, Little Cult of Bethel-Town?

I går var eg i Redding. Det er ein småsøvnig småby nord i California, ca. 4 timers køyring frå San Francisco. Den er ein ganske anonym by som ikkje er så ulik alle andre småbyar..
Eg hadde likevel høyrt om denne byen før eg kom til USA.
Grunnen var at her ligg ei menighet som heiter Bethel Church. Denne menigheta har ein svær bibelskule, som har omlag 2000 elevar. Av desse er 55 norske.
Og dette var også grunnen til at eg og min gode kollega, Anniken, sette kursen nordover.


Vi fekk med oss ein skuledag på bibelskulen med det velklingande namnet: Bethel School of Supernatural Ministry. Eller rettare sagt: Vi fekk med oss ca.3 timar av ein skuledag. Og det heile har satt i gang mange tankar hos meg. Og eg kjenner på at eg syns det er skummelt å skrive det eg no gjer. Og det er viktig for meg å seie at eg sit igjen med fleire spørsmål enn svar.

På nettet kan ein finne mange som advarer mot Bill Johnson, som er seniorpastor i Bethel Church og det som skjer i Bethel Church. Eg har ikkje vore der nok til at eg kan seie at dette er noko ein skal høyre på eller ikkje, men vi vart møtt av at min kollega vart nekta adgang då ho sa at ho ville intervjue norske studenter til kyrkjebladet vårt. Det fekk meg til å undre på kva dei har å skjule. Ingen menigheter er feilfri. Så lenge det er menneske der så vil feil skje. Men om ein blir så opptatt av å framstå som perfekt, så er det noko gale.. Og ei menighet som ikkje tåler at nokon utanfrå kan rapportere kva dei ser og høyrer har dessverre unektelig eit sekterisk preg som gjer meg skeptisk.


Heile opplevelsen gjorde nok at eg blei sittande og fundere over mykje av det eg såg og høyrde i løpet av dagen. Eg møtte ein kultur eg sjølv har i større og mindre grad vore ein del av, og blei sittande litt utanfor og sjå på. Det var ein veldig merkelig opplevelse.

Det første eg såg var at salen var fyllt av menneske, i hovudsak unge menneske, som har eit oppriktig og ekte ønske om å leve nær Gud og å tene Han med alt dei har. Dette har ingen rett til å ta i frå dei. Det er viktig at dei får utforske og finne ut av kva som er deira oppgåve i livet. Men eg håpar inderlig at dei greier å stille spørsmål ved kva som blir forkynt og korleis ting blir gjort også.


Som sagt møtte eg ein kultur eg har vore på innsida av og fekk sjå den frå utsida. Samtidig var dette ein ekstrem versjon av denne kulturen.
Eit av dei store spørsmåla eg vart sittande med var kvifor dei skrudde av lyset og fekk folk til å trekke fram til scena når dei skulle ha "Worship"(Tilbedelse/lovsang). Musikken var kjempebra, bandet rocka og solistane/lovsanglederane var flinke folk. Kan ikkje Gud berøre og virke like kraftig om lyset er på og ein står på plassen sin?


Vidare vart eg sittande å analysere språket som vart brukt i bønner og "preik" mellom sangane. Det vart plutselig veldig tydelig for meg kor mykje makt ein har når ein står på scena slik. Eg har alltid vore bevisst på det når eg har vore der sjølv, at eg må vere bevisst på kva eg seier og korleis, men det har aldri vore så klart for meg før. Eg er heilt sikker på at dei på scena er heilt overbevist om at alt dei gjorde var under Den Heilage Ande si leiing, og eg skal ikkje avskrive det. Men ein del av meg skulle ønske at ein kunne la sangane tale for seg, og ikkje pushe med ord og vendingar som talar til våre djupaste behov som menneske. Min subjektive opplevelse vart at ein brukte mange virkemiddel der totalen vart veldig suggererande.


Men samtidig må eg beundre alle som berre slepper seg laus. Eg veit også kor oppriktig ein kan kjenne på at armane ikkje er lange nok når ein løfter dei. Eg verken kan eller vil seie at det som foregikk ikkje var Gud sin vilje. Eg trur nemlig at Gud kan tale til menneske på akkurat den måten som passar Han!

Bethel Church har og mykje fokus på det overnaturlige. Profetiar og helbredelse er noko dei streber mykje etter slik eg forstod det. Og eg er veldig for at folk skal få prøve seg i trygge settingar på både å be høgt, bruke nådergåver og andre ting om høyrer den kristne menigheta til.  Med fokus på TRYGGE SETTINGAR. Eg kjende eg fekk ståpels då eg oppdaga at eit åpent forum der det er ca.1200 menneske blir ein slik prøveplass. Det vart spurt om nokon hadde fått kunnskapsord, og folk sprang fram og stilte seg i kø. Det var tydelig at Gud har ein bestemt formula på korleis kunnskapsord skal komme i Bethel - her var det datoar og navn, og om det ikkje stemde så var det alltid noko som kunne bli tolka eller vridd til å stemme sånn ca. Og det var ein veldig tydelig lengsel hos folk i salen etter å få noko som var til dei...


Eg har opplevd kunnskapsord på kroppen. Det var aldri tvil om at det var til meg, sjølv om det ikkje var noko som helst i bodskapen som eit vilt frammand menneske hadde fått som sa at det var meg det gjaldt. Og eg er rimelig trygg på at det var eit kunnskapsord der i går, men det var det som verken hadde dato eller namn. Langt var det heller ikkje. Og det er ofte greia. Kunnskapsordet skal ikkje gje bodberar full innsikt i mottakar sitt liv, men bodberar har fått eit ord eller nokre ord som talar rett inn i livet til den som mottek det. Og believe me, det er kraftige greier!!


Eg fekk også oppleve den store Bill Johnson tale. Eg kan ikkje seie at han imponerte for min del. Eg hadde høyrt mykje bra om han frå før, både frå folk som elskar Bethel Church og frå folk som er skeptiske. Han prata i ein time. Han snakka mykje om korleis menneske hadde vorte helbreda når dei hadde vore nær han, ja, han trengde berre vere i rommet for at nokon skulle bli helbreda og gå ut og gjere store ting. Han snakka også om kor lange og vonde prosessar han hadde vore i når menneske hadde gjort han vondt, og han hadde valgt å ikkje møte hardt mot hardt og berre venta til dei kom til han og ba om tilgjeving og innrømte at han hadde rett. Det heile var ganske sjølvforherligande og skal eg vere heilt ærlig så forsvant Jesus heilt for meg når han prata. Og det tar eg ikkje som eit kvalitetstegn.


Men at det er mykje fint med Bethel Church er det ingen tvil om. Det er mange fantastiske menneske der. Vi fekk møte ein del av dei, og eg kan ikkje seie anna enn at vi møtte mange flotte folk. Men eg ser også at fokuset på helbredelse og profetier kan fort føre til at ein jagar etter noko som kan ende opp med å handle meir om seg sjølv enn det handlar om Gud og medmenneske. At det kan ende opp med å handle om å vere den som alltid har ein profeti å gi, å vere den som alltid er innstillt på rett kanal - og det gjer ein berre sliten og tom når ein har gått slik lenge nok. Og kva skjer dersom det er å høyre Guds stemme slik at ein kan profetere over andre det handlar om, og ein plutselig ikkje høyrer den?


Etter å ha vore på ein slik plass, altså den plassen der det plutselig var tomt, så må eg seie at eg blir litt skremd når eg ser det jaget og den lengselen som mange hadde. Det var kjent stoff for min del, og stoff er kanskje eit godt sammenligningsgrunnlag. Det blir litt som å vere hekta på stoff og å jage etter rusen. Det var noko veldig fantastisk med å vere i bobla som rusen ga, men når tåka letta og virkeligheta ikkje stemde med kartet som eg hadde fått tegna då eg var "rusa" vart møtet med realitetane nesten knusande for trua mi. Eg fann vegen tilbake gjennom Bibelen og liturgi som bygger på bibelske sanningar, ikkje på kva eg eller andre føler, senser eller "ser". Eg opplevde å finne mykje større fridom i det, enn i den påtvungne fridom der målet var å la Den Heilage Ande flyte fritt. Rett og slett fordi det vart et jag etter å "få noko" heile tida. Men det betyr ikkje at alle andre opplever det slik!


For meg vart det eit veldig stort tankekors at eg var på ein bibelskule som ikkje nemnde eit einaste bibelvers på dei tre timane eg var tilstades. (bortsett frå nokre studentar som refererte til bibelske personar) Og i møte med det profetiske så handla det om kva ein såg, følte og sensa. Det betyr ikkje at det ikkje var rett det som vart sagt. Som sagt, eg trur Gud taler på akkurat den måten og gjennom dei Han vil. Eg berre håpar at dei bygger på eit sterkare fundament enn følelsane, for dei er ganske så ustabile når alt kjem til stykket.


Eg sit nok igjen med meir skepsis og fleire spørsmål i forhold til Bethel Church enn eg hadde før eg reiste opp på besøk. At mange opplever åra dei er der som givande er det ingen tvil om. Det var også mange veldig oppegåande studentar ut frå det vi høyrde i responsane dei kom med på undervisninga. At det er mange gode følelser i sving der er heilt åpenlyst. Det mest skremmande for min del var at så mykje var følelsesbasert, og eg opplevde det som at det var lite fokus på å få trygghet i at Gud er konstant og trufast uavhengig av mi dagsform. Eg opplevde derimot at det vart forkynt at ein skal være kraftfull og totalt mottagelig tjuefire timar i døgnet, sju dagar i veka. Det er ein ganske tung byrde å legge på folk. Det er lett nok når ein er på bibelskule, men det kjem ein kvardag etterpå også...

Eg trur at ein må ha fundamentert trua si i noko meir enn følelsane for at den skal holde når dei tunge dagane kjem. Eg kan vere trygg på at det Jesus har gjort er nok, sjøl når eg har gått skikkelig på trynet eller ikkje kan sjå eller føle Gud på nokon som helst måte. Eg kan vere trygg på at når mine bønner ikkje rekk lenger enn til taket så er Gud i rommet. Han sluttar aldri å bry seg. Det raknar rimelig fort om ein ikkje har noko utanfor sitt eige følelsesliv å bygge ting på. Og det må vere noko meir stabilt enn seniorpastoren eller andre sine sanningar også. Som kristen trur eg det einaste ein kan bygge trua si på er det som står i Bibelen, og ein må kjenne den, lese i den og lære av den for å kunne avgjere om det ein prest, pastor eller andre som seier at dei talar på Gud sine vegne er rett. Det er også viktig å huske at sjølv den beste forkynnaren har dårlege dagar!


Eg trur også at mangfoldet av menigheter og uttrykksformer trengs. Fordi vi er ulike som menneske, vi tenker og uttrykker oss ulikt. Men også fordi vi treng ulike ting på ulike plassar i livet. Eg trur og at eg har noko å lære av andre sine uttrykksmåter.
Eg trur nemleg på ein Gud som elskar mangfold - noko han bevist med å ikkje skape to menneske identiske, og det begynner å bli eit par Han har kreert.