mandag 30. august 2010

Rune sykla til byn

I dag hadde vi prøvesynging for ny alt i Seraf, som eg er med og synge i. Dette var eg så heldig å få være med på å bedømme/lytte til. Det var og min gode venn Rune, som sykla til byn fra Fana i den anledning... Ei lita feilberegning av tid resulterte i at han var litt varmare enn normalt då han kom fram, og eit tidig mønster manifisterte seg på gensaren:

Eg lovde at eg skulle poste bildet på bloggen,
e det andre enn meg som får assosiasjonar til eit tøystykke frå Torino??
Når det gjelde prøvesynginga må eg seie at eg syns det er fantastisk å sjå kor masse talent som fins rundt omkring!!

Liv(et) i helga

Eg er så velsigna med gode venner!! Sjøl om eg sov leenge på laurdag rakk eg å drikke kaffe med ei venninne på Edvard på ettermiddagen. På veien dit såg vi på den flotte kunsten dei finne på å sette opp her i byen:
skospiral med blomster på festplassen
På kvelden tenkte eg og to venninner å gå på kino, men det var ingen jentefilm som gikk, så vi gikk på bocca og tok en Cava i staden..

Det er herlig å slappe av med gode venner! Utpå kvelden møtte vi nokre andre venner som hadde vore på a-ha-konserten på Stadion, så det vart litt seinare enn vi hadde tenkt, men kjekt var det!

Søndag vart ein dag for seg sjølv, det starta fint..

Ingelin venter på oss
Meg, Ingelin og Venke skulle ta en kaffe.. til en variasjon tenkte vi å gå på Lille Kaffekompaniet, men der var det fullt, så vi enda på Kaffemisjonen.



Vakre, snart mamma, Venke 
Venke hadde håpa at babyen skulle komme ut på søndag, men gullet kjeme når gullet vil, og i skrivande stund er det fortsatt trygt i mammas mage. (i allefall så vidt eg veit)

Som den sprekingen eg er (......) så hadde eg avtalt med Ingelin og Marianne at vi skulle gå tur.  Det måtte bli ein rolig tur, for eg er ikkje heilt god i ryggen, noko som merkast spesielt godt i motbakkar. Og det gjer jo at en får tid til å sjå på naturen..


Og posere for fotografen:

Eller tvinge fotografen til å være med på bilde:


Og eg må seie at eg trudde at tre kristne, snille jenter hadde kontaktene i orden - men vi ba om en time uten regn, og vi fikk en time med! (men sol både før og etterpå!) Så vi konkluderte med at vi var litt utydelige i bestillingen...

Bergen - grå av regn
Etter tur hadde eg endelig opparbeida meg mot nok til å starte denne bloggen, og tenkte at som kvinne har eg stor simultankapasitet.. Og greide å motbevise det med at middagen, som vart laga undervegs i bloggopprettinga og mellom et par maskiner med klesvask, enda opp som tørr fisk og svidde poteter.
Eg må seie at eg aldri før har sett rødglødande poteter, men det har eg altso no!




søndag 29. august 2010

En sommer forbi...


Eg er, som mange andre, veldig glad i sommer. Og det er ikkje med lett hjerte eg må innsjå at sommaren 2010 er over, og hausten har starta..


Men sommaren 2010 var ein sommar som er verd å mimre litt over, for på grunn av jobb-bytte vart det ein laaaang ferie. I tillegg brukte eg tre av dei 6 vekene uten arbeid i Junaiten saman med bror min og familia hass!

Eg likte amerikanarar og holdningane deira før eg reiste dit, eg har ikkje blitt mindre begeistra etter å ha vore der sjøl! Tenk om vi og kunne ha brukt tida vår på å sjå det positive med andre, og gje gode kompliment til menneska rundt oss i kvardagen!


So nær, men ikkje nærmare... Men VM-finalen fikk eg altså med meg med dette som bakgrunn..


takka være at nåken hadde bulka churchbus-en vi skulle ha, så fikk vi luxusutgaven av en bil! Love it!!
og belive me: Bigger IS better!!

eg fikk litt smak av "extreme makeover"..
eg har dukka meg i atlanterhavet

eg har fått et nytt forhold til gule bilar

eg har besøkt Disneys Magic Kingdom

eg har forelska meg i WAL MART

eg har utfordra meg sjøl

eg har beundra taket på verdens største Hard Rock Cafè

og barpynten..

eg har besøkt Harry Potter og vennane hans

eg har prøvd meg på mini-golf

fått sand mellom tærne

eg har hatt skille, både her og der ;)

sett opp for fotgjengere på dei merkeligste plassar

eg har hatt en sommerfugl på leggen

sett fantastiske fyrverkeri


Det har rett og slett vore ein innholdsrik og flott sommer. Og det er berre å innstille seg på kveldar med tende stearinlys, kakao og pledd. Eg må berre hugse på at hausten har sin sjarm den og:)

Å lage en blogg...

Ja, då var tida her.. eg har komt meg ut i den skumle og spennande bloggeverda!
Eg har tenkt lenge på at det hadde vore kjekt med en blogg, men kva skulle vel eg skrive om? At eg har meiningar om mangt og mykje er vel ingen som tviler på, men...

Det som til slutt har fått meg til å prøve er:
1. Eg treng å prøve noko nytt, noko eg ikkje er heilt trygg på, og å lære meg å bruke internett litt bedre...
2. Eg har kjøpt meg nytt kamera.. kanskje det kan bli nokre kjekke bilder?
3. Eg syns kanskje det er bedre å opprette ein blogg, i staden for å blogge på Facebook... ;)

So gjenstår det å sjå då, om nokon vil bruke tid på å kikke inn på denne her. Eg trur i allefall eg får det gøy! ;)