Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

tirsdag 10. januar 2012

Til Bjørnefjorden for å gjere seg feit

Ikkje at eg treng å reise til Bjørnefjorden for å oppnå det, 
men det er no det eg har gjort dei to siste dagane;
Vore på Bjørnefjorden Gjestetun og ete som om eg ikkje hadde sett mat i jula, 
saman med verdens beste kollegaer. :)

Vi kan å kose oss!!
Vi fekk ikkje lov å ha snopet på borda vi satt rundt på fellesområdet, 
fordi det var ope for dei andre gjestane,
difor gøymde vi det bak pianoet.. som og tilfeldigvis var rett foran meg... 
Sjakktrekk! ;)

Veldig fasinerande rom.. 
 Og sidan vi hadde ete og hatt det svært så godt 
vart stabsdagane avslutta med eit lite swing-kurs. 
Eg er imponert over kor flinke folk var!:)



Berre sånn at det er sagt:
Vi jobba og satt i møte stort sett heile dagane, 
så vi har ikkje berre nytt livet ;)

I resepsjonen stod denne fasinerande saken :)
er vel fleire av oss som burde hatt ein slik lapp ;)

fredag 6. januar 2012

Rester, Trondheim og Tannlegen

Det har vore ein ganske hektisk start på det nye året.
Og litt småhardt å begynne på jobb igjen, 
spesielt sidan eg snudde døgnet på nyttårsafta.
Det er heilt utrulig at det skal vere så vanskelig å snu tilbake!


Men eg greidde å skvise inn ein liten restemiddag med to herlege herrer.
Eg trur dei var fornøgde..


 Og i går bar det til Trondheim..
Då vi bestillte billettar i haust tenkte eg at "dagstur til Trondheim funkar fint".
Men det føltes ganske ubarmhjertig å sette på alarmane "kvelden" før.. 
ja, for eg stola ikkje på at ein gong var nok for å vekke meg!



 Men omtrent i frokosttider for vanlege folk,
eller kanskje helst for heimeverande husmødre som likar å sove litt, 
så kunne eg gå over kvitkledd mark mot denne:

 Det var ein heil dag i møte
med trivelige kollegaer frå det ganske land.
Og når ein jobbar i kyrkja, 
så må ein jo få med seg eit gudsord-
så vi hadde middagsmesse med preses(biskopane sin biskop) i kapellet i Erkebispegården.

Dette krusifikset bar preg av å har vore i nærleiken av flammar, 
soga seier at brannen stoppa då det kom til krusifikset. 
Det var ei god messe å få på ein torsdag.


 I dag var det i midlertid litt mindre hyggelige planar på programmet.
Tannlegetime..
Eg var litt nervøs fordi eg har hatt litt vondt, 
og var forberedt på at dette kjem til å bli fælt.
Heldigvis har eg verdens snillaste og hyggeligaste tannlege!


Overraskinga var stor då beskjeden kom:
NULL HULL! :)
Men skåret i gleda var at eg har eit par veldig gamle fyllingar,
og for å unngå at dei skal lage krøll så må dei byttast. 
Så det blir nok nokre kroner som ryk på dette likevel.


No er det endeleg helg, 
og då er det utrydding av jula som står for tur...
Eg syns det kunne vart litt lenger.
Men det går mot sommar.
Og plutselig kan eg pakke vekk alle sokkane!

Eg håpar du får ei god helg! :)

mandag 29. august 2011

A lovely day

Nokre dagar vaknar ein berre og er glad. Utan at det er nokon grunn. Men eg må innrømme at det finnes fleire slike dagar når eg vaknar av at sola skin, enn når regnet dundrar mot ruta.


Eg var ein ørliten grann litt for seint ute til jobb, så eg fann ut at eg fekk satse på Beffen i dag. Og då eg stod i lyskrysset såg eg fyrst opp på skyene. Eg likar kvite, fluffy skyer. Og så såg eg ned på bakken foran meg..


Rett nedanfor låg Oslo si stoltheit ved havn, eg har faktisk vore ombord ein gong for lenge sidan - på ein 17.mai. Det eg hugsar best er at leideren var utfordrande i smalt skjørt!
Ho er ikkje like stor som Statsraaden, men fin er ho no uansett.. Litt fasinerande at skuter er hokjønn når dei har gitt dei namna Statsraad Lehmkuhl og Christian Radich...


Litt utpå dagen fekk eg telefon frå rørleggaren som dreiv og rydda litt i leiligheta mi. Skulle gjerne hatt ein mann som gjorde det til dagleg, og gjerne litt meir enn han sjølv hadde rota. Men i allefall, han lurte på om han skulle ta med restane av skapet eg hadde rive - og så enkelt gjorde han dagen min endå bedre.
For eg har fundert på korleis eg skulle bli kvitt dei skaprestane..

Og så oppdaga eg at eg hadde oversett ein viktig invitasjon til ei samling med jobben. Det måtte eg jo prøve å ordne opp i, og greidde det. Så plutselig hadde eg fått fiksa meg ein treretters middag på ein mandag. Og det er jo aldri feil.


Eg rakk såvidt ein liten tur heimom, og såg kor langt dei var kome med badet. Syns dette ser rimelig ok ut. Men kjenner at pusten vert omtrent like tung som når eg tenker på kor gammal eg blir i haust når eg tenker på rekninga som kjem. Men då er det godt å sjå kva andre opererer med for pris... Vil du bli nabo med meg, så har du sjansen no!

Når mi leilighet er 69 kvm.. betyr det då at eg er ei holden dame?

mandag 22. august 2011

Minnedag og Lissie

Det har vore ein merkeleg dag.
Eg starta dagen med å sende mamma og pappa på flybussen. Dei skal til Island, heldiggrisane!


Så tusla eg meg ein tur i Salem på gudsteneste og var ein tur på kafè med Marianne før eg var på minneseremoni på Torgallmenningen, der muslimar, kristne og humanetikarar stod saman - hand i hand. Ja, det var sikkert mange som har andre trusretningar og. Men det var eit felles ynskje om å minnes. Det er utruleg at det er ein månad sidan dei uvirkelege dagane. Det virkar både lenger sidan og kortare sidan. Dagane har gått både fort og sakte.



Eg gjekk heim markeringa og vart sittande å sjå på minnekonserten som gjekk på tv. Den var svært vakker. Det var fleire som imponerte meg, men Kongen var kanskje den som sette djupast spor i meg. For ei tale! Norge er heldige som har ein slik raus, omsorgsfull og brubyggande konge! Ein konge som lir med folket sitt, og som ser den enkelte midt i folkehavet - og som vågar å fortelle oss at vi må bry oss om kvarandre, også når kvardagen kjem!



Det har på mange måtar vore ein litt trist dag. Og det var godt å avslutte helga i Peer Gynt-hallen, der Lissie hadde konsert. Eg var ikkje så gira før konserten, spesielt ikkje etter at eg oppdaga at det var ståplass, men det tok ikkje mange sangane før eg kosa meg der eg stod. Ho var rett og slett rå heile dama!




Her er ein liten smakebit. Dama har ei fantastisk stemme!



Og ein litt annen smakebit:


På veg heim gjekk eg forbi den blå steinen, og tenkte det fikk bli dette innlegget sitt siste bilde. Vi skal ikkje gløyme. Biskopen brukte Jesu ord i apellen sin i dag, og eg syns det passar godt å avslutte dette innlegget med: "Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born" (Matt. 5:9)



lørdag 20. august 2011

Eg rusla meg ein tur så lang

Slik ser badet mitt ut no:


Det går plutselig fort framover. Så i dag har eg vore ute og gått. Eg tenkte eg kunne slå to fluger i ein smekk, både få sett på fliser til nytt bad og å få litt trim. Det resulterte i ein spasertur på ikkje mindre enn 5 timar...


Det tek eit lite stykke av gangen, men treng ein egentleg så masse gang?

det som blir igjen av gang..
Så eg tok bybanen til Fantoft og gjekk ned til Gården Senter. Der fekk eg litt for mange alternativ.. Så kva skal eg velge??

Denne?

Eller denne??
Så gjekk eg ned til Nordflis i Fjøsangerveien via Wergeland. Og for sikkerhetsskuld gjekk eg feil og gikk nesten heile Kanalveien til ende før eg oppdaga at eg egentlig berre skulle gått rett opp når eg kom ned. Men det vart no nesten tre kvarter ekstra tur av det, for det er ikkje berre berre å gå i området som nesten er som om ein skulle vore i Amerika...


Men sjølv om eg gikk og gikk og gikk, så hadde eg Sofies Verden på øyret og lærte om Platon og Sokrates medan eg gjekk.. Og at det er synd å slutte å undre seg over å vere til, verda og universet. Og eg gikk der og forundra meg over alt det vakre i skaparverket som greier å bryte seg gjennom betong og eksos!


Så masse fine rosa-lilla blomster!!:)


Då eg kom tilbake til byn tenkte eg at eg skulle gå på biblioteket. Det er ein ting eg i utgangspunktet syns er skummelt. Og det vart ikkje mindre skummelt då eg møtte den skumlaste biliotekaren eg nokon gong har møtt - ho kjefta og stressa for at vi kunne vere så ufine å dukke opp rett før dei skulle stenge. Bøkene eg ville låne var enten på utlån eller måtte bestillast, så eg gjekk heim med like lett veske som då eg gjekk heimanfrå.



På mi ferd mot mat, så måtte eg stoppe i parken ved Lille Lundgårdsvann. Der er denne skulpturen som vi snakka om på jobb ein dag. Eg har jo sett den før og registrert at det var ein skulptur av stål, men ikkje at det er ein hest som steilar med ein konge oppå. No veit eg at det er er ein skulptur laga av Knut Steen, avduka i 1998. Og det skal illustrere Olav Kyrre som vert rekna som Bergen sin grunnleggar. Kyrre betyr forresten "den fredelege".

Så i dag sjekka eg ut skulpturen frå alle vinklar for å sjå om eg såg ting. Og eg må kanskje seie at mine assosiasjonar havna meir i retning av Ringenes Herre, enn til ein konge frå ca. år 1068.
Men eg syns det er ein fin skulptur uansett!


mandag 15. august 2011

Badedag

I dag starta oppussinga av badet mitt. Eller det starta jo med nedrivinga..
Så eg starta dagen saman med to rørleggarar. Og eg har ikkje ledd så gale på lenge. Det vil seie - eg våga ikkje å le høgt, men eg lo av det heile formiddagen. Og eg våga ikkje å ta bilde heller - og den eine rørleggaren forsvant med telefonen min i alt oppstyret.  (eg fekk den tilbake altså)

Det starta med at dei kom og sette i gang. Eg var litt småseint ute, og sat og åt frokost og sjekka nokre jobbting. Plutseleg vart det eit rabalder der ute. Og desperate rop om at eg måtte ringe vaktmesteren.
Du skjønar, vi har felles stoppekran i kjellaren. Og då dei skrudde frå blandebatteriet til dusjen...så fekk eg starte dagen med to karar i dusjen min, som dusja med klea på!

Vaktmesteren kom og redda dei. Og eg og han stod og humra og såg på at karane jobba, før eg fann ut at det beste eg kunne gjere var å fordufte.

Då eg kom heim såg badet mitt slik ut:


Så eg tok med meg det viktigaste og flytta opp til leiligheta til mamma. På veg heim møtte eg ei skikkeleg floding, så eg fekk ein rimeleg alternativ hårsveis.

to minutt ut i regnbyga... og nei, eg tok ikkje bilde av
sveisen.

Oppe hos mamma var det varmt nok til å steike flugene på veggen, så eg fann ut at eg trengde ein dusj. Og der ser dusjen slik ut:

i utgangspunktet ser jo dette greit ut...


Ser du problematikken? ;)

Den er med andre ord ikkje akkurat designa for ei på min størrelse, men der det er vilje går det meste. Og er det noko eg ikkje manglar så er det vilje. Og eg er i allefall rein no! Så i dag kan eg seie at eg har starta og avslutta dagen i dusjen. ;)


mandag 4. juli 2011

Hva lykke er?

Eg har rikelig med myggstikk etter helga. Så i heile dag har eg prøvd å styre lystene frå å klø, og så har eg gått og tenkt på eit av dei finaste sommardikta eg veit om. Og då tenkte eg at eg kunne dele det her - sjølv om det er på bokmål. ;)


"Lykke" av Inger Hagerup


Hva lykke er?


- Gå på en gressgrodd setervei,
i tynne, tynne sommerklær
klø sine ferske myggstikk
med doven ettertenksomhet
og være ung og meget rik
på uopplevet kjærlighet.



Å få et florlett spindelvev
som kjærtegn over munn og kinn
og tenke litt på vær og vind.
Kan hende vente på et brev.
Be prestekragene om råd
og kanskje ja - og kanskje nei -
han elsker - elsker ikke meg.
Men ennå ikke kjenne deg.



onsdag 29. juni 2011

Sommar?

Tenkte berre eg skulle dele litt av stemninga på Bryggen på veg heim frå jobb i dag..


Aliens in Bergen..

paraply med bein!

Definitivt riktig skovalg for å bli våt på beina!
Eg ventar framleis på sommaren!!

torsdag 12. mai 2011

Sommartider, hej, hej, sommartider!

Eg gledar meg slik til det blir skikkelig sommer! Måtte berre få sagt det!


I dag er vêret ustabilt i Bergen - det er varmt, men ikkje skikkelig varmt - berre litt sånn klamt. Og så kjem det ein og annen dråpe, men regnar ikkje skikkelig (endå). Innimellom skin sola.
Eg veit ikkje kva kle som er lurt å ha på seg, og enten har eg for lite kle på meg eller så blir det for masse..

Gje meg sol frå skyfri himmel og åpe hav!
(utsikt frå rivjehornet ein varm og fin sommardag)

Det betyr jo egentlig berre at enno er det vår. Og det er heilt ok for det forteller at snart, snart kjem sommaren! :)

torsdag 3. mars 2011

Eg blir faktisk svett!

I dag har eg stressa litt. Eg har vore minst 10 minutt på etterskot heile dagen, og er veldig fornøgd med at eg likevel greidde å skvise inn ein time med styrketrening mellom jobb og styremøte. Det gjekk rett nok på bekostning av middagen, men det var utruleg deilig!

Ryggen på t-skjorta etter en time styrketrening

Eg veit ikkje korleis det er med deg når du trenar, men eg er i allefall slik skrudd saman at eg tenker at trening og svette høyrer saman. Eg skal bli anpusten når eg sit på sykkelen eller trakkar på elipsemaskina, eg skal svette - heile økta med vektene og. Eg må kjenne at eg tar i, at eg brukar kroppen, at eg må gje litt ekstra.

fin på håret er eg ikkje etter ferdig økt...

Derfor finn eg det svært fasinerande når eg i dag trena samtidig med ei dame som var svært fint sminka - og i motsetning til meg som kom ut med mascara ned på knea etter en time, så var hennar sminke like fin. Eg såg ikkje ein dråpe svette frå ho på den timen vi var der. Ho sykla rolig og målretta og gjekk samme runde som meg på styrkeapparata (men hadde dei på eit litt snillare stille). Eg skal ikkje påberope meg at eg kan så masse om trening at eg kan seie at det er galt å ikkje svette, men eg har sett fleire som trener på denne måten og eg lurer på om det gjev resultat.

heite og raude (og pittelitt trøtt)

Kanskje er det meg det er noko gale med? Eg treng ikkje sykle så veldig fort før det begynner å piple så smått i panna, så i veldig god form vil eg ikkje påstå at eg er - i allefall ikkje enno..
Men å svette litt(masse) gjer jo at eg kjenner at eg brukar kroppen, og eg er no fornøgd med det eg. Trur det er veldig bra - så får heller mascaraen renne...