mandag 15. august 2011

Badedag

I dag starta oppussinga av badet mitt. Eller det starta jo med nedrivinga..
Så eg starta dagen saman med to rørleggarar. Og eg har ikkje ledd så gale på lenge. Det vil seie - eg våga ikkje å le høgt, men eg lo av det heile formiddagen. Og eg våga ikkje å ta bilde heller - og den eine rørleggaren forsvant med telefonen min i alt oppstyret.  (eg fekk den tilbake altså)

Det starta med at dei kom og sette i gang. Eg var litt småseint ute, og sat og åt frokost og sjekka nokre jobbting. Plutseleg vart det eit rabalder der ute. Og desperate rop om at eg måtte ringe vaktmesteren.
Du skjønar, vi har felles stoppekran i kjellaren. Og då dei skrudde frå blandebatteriet til dusjen...så fekk eg starte dagen med to karar i dusjen min, som dusja med klea på!

Vaktmesteren kom og redda dei. Og eg og han stod og humra og såg på at karane jobba, før eg fann ut at det beste eg kunne gjere var å fordufte.

Då eg kom heim såg badet mitt slik ut:


Så eg tok med meg det viktigaste og flytta opp til leiligheta til mamma. På veg heim møtte eg ei skikkeleg floding, så eg fekk ein rimeleg alternativ hårsveis.

to minutt ut i regnbyga... og nei, eg tok ikkje bilde av
sveisen.

Oppe hos mamma var det varmt nok til å steike flugene på veggen, så eg fann ut at eg trengde ein dusj. Og der ser dusjen slik ut:

i utgangspunktet ser jo dette greit ut...


Ser du problematikken? ;)

Den er med andre ord ikkje akkurat designa for ei på min størrelse, men der det er vilje går det meste. Og er det noko eg ikkje manglar så er det vilje. Og eg er i allefall rein no! Så i dag kan eg seie at eg har starta og avslutta dagen i dusjen. ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar