søndag 14. august 2011

Bye,bye,bye

I går kveld hadde vi ein liten avskjedsfest.


For i dag er det siste kveld med badet mitt. Og eg går inn i tre veker uten eigen dusj og do. Då er det godt å kunne benytte seg av mor sine fasiliteter i overetasjen! (sjølv om det står ei vaskemaskin i dusjen.)


Men eg tenkte at det må jo markerast at ei epoke tek slutt. Så her er ein liten hyllest til rommet eg har levd med, og vore så avhengig av, i snart 9 år! Det har definitivt gjort det som det skulle! Eg har ikkje hatt problem med det ein einaste gong, og det er faktisk ganske utruleg! :)

Slik såg det ut då eg flytta inn. Sittebadekar,
pensjonisthandtak, rosa veggar, og tørkestativ
i dusjen... Veldig meg liksom! ;)
 (det bør vel seiast at dolokket på bildet over ikkje overlevde at eg stod på ein fot midt på det då eg skulle male over doen..)

Så eg pussa etterkvart opp overflata..

Eg må desverre ta avskjed med sommerfuglen en av tanteungane mine
har laga og, for den har vokst seg fast til skapet... :(

eg mala veggen kvit, og så farga eg håret..

Og det funka ikkje med lim-på-knottar til handuk...

Tapeten har begynt å løsne frå veggen..

Ikkje direkte romslig...

Dette golvet er unikt!

Som Backstreet Boys syng: BYE, BYE, BYE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar