mandag 29. februar 2016

Om å endre prespektiv - og verden.

Sidan i haust har eg vore "forfulgt" av dette med bønn.

Det starta i New Orleans.


Der hadde eg lova å synge på gudstjenesta i Sjømannskyrkja før eg tenkte meg om. For ein av tinga eg ville ha med meg i byen var ei skikkelig baptist-gudstjeneste.
Eg hadde håpa at nokon hadde ettermiddagsgudstjeneste, men slikt driv ein ikkje med her. (Amerikanarane har ikkje oppdaga kor deilig det er å sove lenge om morgonen...) Men eg kunne derimot få med meg ei gudstjeneste kl.07.30. Og dei som kjenner meg veit at det er ikkje eit heilt lite offer eg gjev opp for å gå på noko slikt. Men eg karra meg opp og kom meg avgarde.

BEVISET!
Det vart ein oppvaknar. Ikkje nok med at eg var einaste kvite personen i rommet, eg hadde til alt overmål valgt eit antrekk som var kvitt og skarpt rosa. Du kan seie det slik; det lyser opp!
Følelsen av å være den som var annleis var til å ta og føle på. Særleg når det var "welcoming of guest" og eg måtte reise meg. Ikkje berre sammen med dei andre gjestane, men også heilt åleine fordi eg hadde skrive på lappen at eg kom frå ei anna kyrkje. Men følelsen av å være inkludert var endå sterkare. Eg sat mellom to fantastiske damer, som sørga for at eg kom meg gjennom gudstjenesta utan å føle at eg ikkje høyrde heime der.


Og så kom dagens tema. "Surprised by answered prayers" Eller som vi seier på norsk: "Overraska av bønnesvar". Det var tankevekkande. Utgangspunktet var Apostelgjerningane 12 der kyrkjelyden ber for Peter som sit i fengsel. Og Peter slepp ut og kjem til dei som sit og ber - og tenestejenta som kjem ut for å åpne kjenner igjen stemma hans, og gløymer å åpne. Ho spring inn til dei andre, og dei trur ikkje på henne. Men dei går ut og der møter dei Peter, og vert "ute av seg av undring". Dei hadde bedt og bedt, og når Gud grip inn og svarer, så kan dei liksom ikkje tru det er sant.

Blir lett at ein ikkje ser kva som ligg og ventar på å bli openberra

Det er ganske befriande at dei som kanskje har sett Jesus og levde så tett opptil tida då han vandra omkring også kunne vere så "lite truande". Det er noko befriande i å møte desse bibelske karakterane som ikkje er superheltar og som fiksar alt, men som må ha sine bevis.
Kor mange ganger er det vel ikkje at eg har fått mine bønnesvar utan egentlig å forstå at det var nettopp det det var? Kor mange gonger har eg vel ikkje vekkforklart ting med "tilfeldigheter"?

Eg sat og reflekterte over dette då tala tok ei ny vending. Historia om Jesus som rydda tempelplassen i sinne og viser til Jesaja sin tekst om at Tempelet skulle vere bønnens hus, og refsa dei for at dei hadde gjort det om til ein plass for pengevekslarar og handel.

Ein god og heilt riktig kirkelig aktivitet ;)

"Mitt hus skal vere bønnens hus". Det var stille eit lite sekund før spørsmålet kom: "Kor ofte gjer vi vel ikkje alt anna enn å be i Guds hus?" Det var eit ubehagelig spørsmål. Vi vil liksom ikkje at nokon set fingeren akkurat der. For vi er jo så flinke til alle aktivitetane våre. Og det er GODE aktivitetar. Det er viktig å gje born og unge eit tilbod. Ja, det er både viktig og riktig. Det er viktig å gje rom for kvinnegrupper, mannsgrupper, store og små, basarar og festar. Det er heilt riktig å gje rom for det i kyrkja. Og det vil eg halde fast på. Men - kor mykje tid brukar vi egentlig på å be i lag?


Eg har vokse opp i kyrkja. Og eg skal vere den første til å innrømme at eg lengta etter "amen" etter siste "Herre høyr vår bønn" kvar søndag vi var i kyrkja. Det var fryktelig langt  og veldig krunglete formuleringar for ein unge. Ja, egentlig var språket litt over middels tungt for ein vaksen også. Det er vanskelig å relatere til det på ein måte. Det ville kanskje vore annleis om vi forstod at det handla om våre liv..? Kvifor er det egentlig så vanskelig å bruke tid i bønn? For det er vanskelig. Det er utruleg lett å korte ned på den biten...


Ein annen ting som vart sagt noko om på gudstenesta i New Orleans var ein film som gjekk på kino der. Kinoplakaten kan lett sjå litt annleis ut her enn heime i Norge der religiøse filmar ikkje får plass i ein kinosal. Og her var det altså ein kristen film som heiter War Room. Den vart sjølvsagt anbefalt på det varmaste, og då eg fann den på Target kjøpte eg den like godt.
Eg såg den forrige veke. Og greier ikkje å vere heilt ukritisk til den, for den blir litt for "enkel", men må og seie at den har nokre gode poeng.


Filmen handlar om eit par med problem. Så lærer frua i huset seg å be av ei eldre dame - og plutselig ordnar alt seg. Det er litt for glatt. Fordi kona lærer å be er ikkje mannen utru slik han hadde planlagt. Og alt blir berre idyll. Det ligg veldig opp mot det ein før i tida omtala som herlighetsteologi. Litt sånn "Du må be på rette måten, då får du alt du peikar på!"

MEN med den vesle kritiske innvendinga så vil eg heller fokusere på det som vi godt kan tenke litt ekstra på. For kva vil skje dersom vi brukar tid i bønn i staden for mange av dei andre tinga vi brukar tid på? Vil det skje noko med dei rundt oss? Vil det skje noko med oss?

Denne dama som lærer å be, blir også utfordra på å gå nokre runder med seg sjølv. Midt i frustrasjonen og sinnet ho har mot mannen sin blir ho stilt til veggs med spørsmålet: "Fortjener han nåde?"


Det er nok mange av oss som i vårt sinne og vår frustrasjon over andre menneske kunne hatt godt av å møte dette spørsmålet. Fortjener dei nåde? Fortjener vi nåde? Er vi i stand til å gje nåde? Eller må vi ha hjelp for å greie det?
Eg trur dei fleste av oss frå tid til tid har eit sterkt ønske om at andre skal endre seg og tilpassse seg oss. Og eg trur vi lett kan gå i den grøfta at vi prøvar å overbevise dei eller manipulere dei til å bli slik vi vil. Det er jo alltid lettare å sjå kva som bør utbetrast hos andre enn å sjå det hos oss sjølve.... Og det er dessverre framleis litt "Ver som oss før du kjem til oss" i ein del kristne samanhengar. Det er altfor sjelden ein møter "Kom til oss og ver akkurat som du er!"

Og her trur eg faktisk det er noko å ta tak i. Her trur eg denne filmen hadde ein bodskap som er både viktig og riktig. Det er ikkje alle kampar som vi skal kjempe. Nokre kampar skal vi gje til Vår Herre.
Og kanskje vil vi etterkvart sjå at det ikkje berre var dei andre som måtte endre seg. Kanskje er det noko i oss sjølve også som må endrast?

Akkurat kva Gud vil at hjertet vårt skal vere fylt av

Eg trur bønn gjer noko med oss. Eg trur ikkje Gud er avhengig av vår bønn. Ingen andre enn eg kan endre mine haldningar og handlingar. Ingen andre enn du kan endre dine. Men eg trur at dersom eg ber for meg, og for deg, så vil Gud pirke borti oss.
Eg trur at når vi ber åpnar vi opp for at Gud kan får gjere noko med oss. At Han kan få gje oss alt det gode Han har planlagt å gje oss. At vi blir forma meir som det mennesket vi egentlig var meint å vere. Det blir ein litt "bli ny med Gud"-greie, der forandringa ikkje består av hårklipp eller sminketriks, men opprydding i det indre livet som igjen kan få konsekvensar for det ytre. Men om vi vel å åpne opp for det, er heilt og fullt vårt eige valg.

Gud har aldri lova glatte flater...

Og i møte med dette er det viktig å ikkje bli for enkel. For eg trur ikkje Gud nødvendigvis gir quick fix løsningar. Eg trur ikkje Gud vil at vi skal avvise lege og medisin og berre tru nok på bønn. Eg trur ikkje Gud vil at vi skal forvente rosasky-tilværelse utan utfordringar, sorg og lengsler. Eg kjenner at eg syns det er vanskelig å møte dei som meiner at det er berre å be så blir alt så enkelt og greit. Kanskje fordi eg har sett bønnekampen som har vore kjempa for menneske som har mista livsgnisten uten å få den igjen, som har måtte gi tapt for sjukdom, eller andre meiningslause ting. Eg trur ikkje alt har ei meining. Eg trur ikkje Gud har noko å lære oss gjennom at vi mister nokon. Eg forstår ikkje kvifor bønnesvaret av og til, eller noko som føles som altfor ofte, vert nei.

Når mange ber sammen...

Men eg trur likevel at det gjer noko med oss. Eg trur det gir oss fotfeste på trygg grunn. Så sjølv om vi ser verda vår rase, så kan vi likevel stå der og kjenne at det skal gå på eit vis. At vi finn ei trygghet i at uansett kva som skjer med oss, så vil Gud vere der. Det betyr ikkje at livet blir enkelt og problemfritt. Det betyr ikkje at andre ikkje vel å svikte oss, eller at vi kan miste menneske vi er glad i. Og sorga vil vere like stor uansett.

Kan vi ende opp med endra perspektiv og fargespekter?

Men kanskje vil måten vi handterar ting på bli annleis? Kanskje blir måten vi møter andre menneske på annleis? Kanskje vil våre bønner om velsignelse og veiledning føre til at andre menneske får ein bedre dag og eit betre liv? Og kanskje stiller dette krav til korleis vi ber?  Kanskje må vi begynne å be på ein måte som ikkje handlar om kva vi vil ha endra, men heller handlar om kva som er Guds gode vilje? Kanskje må vi begynne å be om velsignelse, ekte velsignelse, i staden for det vi lett betegnar som velsignelse i form av pengar, suksess og helse? Kanskje må vi oftare be bønna eg lærte av ein veldig klok prest i haust: "Herre, mett meg med din nåde, så eg ikkje møter menneske sulten"?
Kanskje om vi vendte oss bort frå alle skjermane våre, og brukar nokre minutt med Vår Herre, kanskje vil det endre vårt perspektiv på verden - og kanskje vil det også endre meir enn berre perspektivet?