mandag 30. januar 2012

Mitt enkle glutenfrie liv

I dag har eg gjort noko eg aldri før har gjort.
Eg har sendt klage til TV2.
Ikkje berre har eg sendt klage, men ei riktig så hissig og spydig klage.
Eg greidde ikkje dy meg.

Ikkje alle hotell har like god service som i Skånevik! 
Greia er at eg vart gjort merksam på ei reportasje som hadde vore sendt på tv. Og klikka meg inn på TV2 og fann saka - og såg raudt. MØRKERAUDT!
Det var ei sak som starta bra, men som kokte ut i mistenkeleggjering av folk med matallergiar og ein såkalla ekspert som snakka om at dette var trendy. (Her finn du saka: http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/helse/kjoepmenn-tidobler-prisen-paa-mat-for-allergikere-3694920.html )

Eg hadde unt ho å få kjenne korleis kroppen min reagerer på ein vanleg brødsmule. Kanskje ho ikkje hadde vore så kategorisk etter nokre omgangar med doskåla og magekramper som føles som om tarmane skal kollapse fullstendig. Det føles ikkje mykje trendy å alltid måtte spørre når ein er ute og skal ete med vennar, og kanskje stå på valget mellom å ikkje ete eller å måtte få alle med seg til ein ny plass for å få mat. Så eg kunne berre ikkje la det stå uimotsagt. Og les du dette og kjenner same frustrasjon som meg: SEND KLAGE! Korleis du formulerer deg er ett fett, men klag, slikt møl som TV2 har greidd å koke i hop her kan ikkje stå uimotsagt!

Ekstra mjukt er viktig på dårlege dagar...
For det er sant som saka startar med: det er DYRT å leve glutenfritt. Dersom alt skal kjøpast ferdig så er det ekstremt dyrt. I slutten av artikkelen kan du lese at t.d. cøliaki gjev ein grunnstønad frå NAV. Ja, den held ca til ekstrautgiftene du har i ei til to veker. Alt ettersom kor flink du er til å utnytte maten. Eg bakar sjølv og sparer ein del på det. Og eg jobbar heile tida for å finne rettar som er enkle og utan mjøl. Og må eg ha mjøl eksperimenterer eg heile vegen med kva slags mjøl som fungerer best. Eg ynskjer ofte eg kunne brukt vanleg kveitemjøl, og eg saknar skikkelig grovbrød!


At nokon skal velge dette som livsstil, berre for å få ein helsegevinst på det - det kan eg ikkje forstå.
Slik eg les på pakkane med glutenfrie produkt så er det mykje karbohydrater ute og går, og særdeles lite protein og fiber. Så korleis ein skal vinne helsemessig på ein slik diett dersom ein ikkje vert sjuk av gluten, det er meg ei gåte. Eg skulle ynskje TV2 journalisten hadde gjort ein skikkelig jobb og snakkar med leger om kva helsegevinst friske folk kan ha av å kutte f.eks. gluten, eller snakka med NCF(Norsk Cøliakiforening) om korleis utviklinga av cøliaki har vore dei siste 15-20 åra. Kanskje han hadde fått litt meir å fare med enn et brødfrø som står og gøyr om at et er trendy.


Og sjølv om dei glutenfrie alternativa har vorte bedre med åra, så er det likevel ikkje det same som vanleg mat. Spesielt gjærbaksten er ikkje like god, og ein må eksperimentere mykje for å få til f.eks. skikkelig gode brød.

Eg har levd med denne diagnosen i snart 5 år, eg er lykkelig for at eg har blitt frisk igjen. Eg var så sjuk før eg fekk diagnosen at eg ikkje visste kor eg skulle komme meg vidare i livet. Det er ikkje at eg er villig til å betale ekstra for mat som gjev helsegevinst - eg er nøydd å betale ekstra for å kunne fungere gjennom dagen. Men det er det ingen som bryr seg om i nyhetene.

søndag 29. januar 2012

Seriøse søndagsgrublerier

Det har vore ein deilig søndag her i Bergen. 
Sola har vore framme med sine d-vitaminstrålar, 
og som vanleg når sola kikar fram, 
så tømmes dei bergenske boligar og det aular av folk over alt.


 Eg starta dagen med å gå ein tur på gudsteneste.
Og høyrde ei tale over preiketeksten frå Joh.9 
som eg har blitt gåande å gruble over.
For talaren gjorde som mange talarar gjer:
han starta i teksten for så å aldri vende tilbake til den. 

Av ein eller annan grunn kom han inn på korleis bedehus og kyrkje tømes.
Og kor viktig det er at vi som trur er lys og salt, slik at lokalene kan fylles igjen.
Eg er ikkje heilt uenig i at det er viktig. 
Men eg vart sittande å fundere på kvifor bedehus og kyrkjer tømes.
Kan det ha noko med korleis ein blir møtt der?
Kan det ha noko med korleis ein trur ein blir møtt der?


Kvifor er det berre dei ekstreme røystene som blir høyrde?
Kvifor må ein passe inn i eit mønster når ein skal finne sin plass i ei forsamling?
Vi snakka litt om det etterpå, og eg syns det var så godt formulert
då ei sa: "det er nedarva meiningar"

Det blir for eksempel altfor ofte stått på barrierene for Israel og mot homofili,
utan syn for menneska dette berører,
og ofte er det "fordi mamma seier det er slik"- tankegang som ligg bak argumenta.
Eg veit kva som står i skrifta. Eg forstår det ikkje.
Men noko er eg sikker på:
 Konflikta i Israel har to partar - begge er skapte av Gud!
Menneske som har ei anna legning enn meg er elska og villa av den Allmektige!
Kva med litt åpenhet - litt omsorg - litt praksis av den kjærleiken vi alle snakkar så fint om?


Eg gjekk meg ein lang tur, og høyrde på forelesning på iPoden min.
Om hjernen.
Skaparverket er utruleg vakkert og komplekst.
Når ein høyrer om korleis denne grå massa i knollen fungerer 
mens ein går og ser ut over naturen, 
så kan ein ikkje la vere å tenke:
Han som står bak det må virkelig vere imponerande.

Eg trur at det er mykje tru på Han utanfor møtelokala der du må passe inn i eit mønster,
der du må ha eit sett med verdiar på plass og der du må leve opp til eit ideal.

Eg trur Gud elskar det uperfekte - når fasadene sprekk og vi er ærlege med kvarandre.
Når trua ikkje er meir enn "ja, eg trur!" slik som den var i dagens preiketekst.
Kanskje vi skulle prøve det i staden for å dømme dei andre for alt dei ikkje er perfekte på?

lørdag 28. januar 2012

Slik går no dagane...

Det har vore stille her ei stund no - og det er ikkje nokon spesiell grunn til det.
Eg har berre hatt mykje å gjere kombinert med at eg ikkje har vore heilt i toppform.

Eg er så glad i denne som eg fekk til jul - den lyser opp i ei mørk tid!:)

Eg syns januar og februar generelt er ganske tunge månader. 
For julelysa blir pakka vekk, 
og sjølv om det er merkbart lysare no om morgonen enn det var for ein månad sidan, 
så er det likevel mørkt altfor lenge - og blir det igjen altfor tidlig! 
Og eg blir så daff av det, jammen er det godt å kunne tenne stearinlys og krype under teppet då!

Men, det har ikkje vorte så mange stundene under teppet. Eg har hatt rikelig å holde på med. 
Eg har ein jobb som er både kjekk og gjevande, men i perioder er det mykje å gjere.
Og det har det vore i det siste.
Eg har vore to turar til Os og ein til Radøy, i tillegg til alt anna eg måtte få gjort. 
Og plutselig har dagane gått..

Eg har vore med sjefen på visitas :)
Men det har ikkje vore berre jobb. Eg har tømt soverommet for alt styret som var der etter oppussinga av badet. 4 bossekkar(av typen store, svarte) forsvant i søpla. 
Det er i grunnen greit å få rydda litt gjennom kasser med ting som har stått lenge, 
for det er utruleg kva ein samlar på!

Og så har eg studert litt innimellom. Og eg har vore ein bitteliten smule sosial. 
Det har ikkje vore for mykje tid til å vere sosial. 
Når tempoet er høgt, så blir det lett at ein priorietere søvn.
Men eit veldig koselig sosialt møtepunkt var tapaskveld forrige laurdag.

Nokre av oss hadde vore på jobb, sjølv på ein laurdag.. 
Eg, Ingelin og Berit hadde nemlig ein kjempesmart idè før jul. 
I staden for julegåve til Are, Rune og Thor Øyvind så laga vi gåvekort på tapaskveld. 
Vi jentene spanderte. 
Så då fekk vi litt jentetid ut av det, der vi fikk skravle og lage litt mat i lag. 


Og så fikk vi ein veldig koselig kveld med god mat og gode venner.


 Dessert vart det også.


Og så vart eit par av oss påkobla det mest populære spelet for tida: wordfeud.


Torsdag var det og eit veldig kjekt sosialt møtepunk då Seraf starta vårsemesteret hos meg. 
Eg gløymde utruleg noko å ta bilde(TABBE!), men det var kjempekoselig å sjå folka igjen
 - og å få bestemt oss for kor vi vil at vegen denne våren skal gå - i allefall nokon lunde. 
Serafar er fine folk altså!


I går kveld var det og eit høgdepunkt. 
For fyrste gong på 2 år greidde nordfjordjentene og Hilde å treffast! 
Vi var på Big Horn og åt og kosa oss.


At det er nokon som skal inn i brudekjole vart svært tydeleg då vi skulle dele rekninga.
Vi var nemlig 4 som delte ei flaske vin, og ei som hadde kjøpt ei øl til maten.
Og då ein skulle finne ut prisforskjellen gjekk samtala som følger:
V: "Kossen e det med en øl i forhold til vinen?"
K: "Det e ekstremt masse kalorier!"  

Det er ikkje så lett å sjå, men bak Venke sit Kurt Nilsen!

Etter ein kjekk kveld på byn, så kom ein litt småslapp laurdag. 
Mamma og pappa har vore i byn, så etter middag i lag med dei, fulgte eg dei eit stykke mot båten
 - og så møtte eg Ingelin på kaffemisjonen og vi gjekk ein tur i Fjellveien. 
Det var utruleg deilig å komme seg ut i sol og skarp luft! 


No trur eg at eg skal synke ned i sofaen og berre slappe av. 
Litt deilig å gjere det også på ein laurdagskveld! :)
GOD HELG!:)


tirsdag 10. januar 2012

Til Bjørnefjorden for å gjere seg feit

Ikkje at eg treng å reise til Bjørnefjorden for å oppnå det, 
men det er no det eg har gjort dei to siste dagane;
Vore på Bjørnefjorden Gjestetun og ete som om eg ikkje hadde sett mat i jula, 
saman med verdens beste kollegaer. :)

Vi kan å kose oss!!
Vi fekk ikkje lov å ha snopet på borda vi satt rundt på fellesområdet, 
fordi det var ope for dei andre gjestane,
difor gøymde vi det bak pianoet.. som og tilfeldigvis var rett foran meg... 
Sjakktrekk! ;)

Veldig fasinerande rom.. 
 Og sidan vi hadde ete og hatt det svært så godt 
vart stabsdagane avslutta med eit lite swing-kurs. 
Eg er imponert over kor flinke folk var!:)



Berre sånn at det er sagt:
Vi jobba og satt i møte stort sett heile dagane, 
så vi har ikkje berre nytt livet ;)

I resepsjonen stod denne fasinerande saken :)
er vel fleire av oss som burde hatt ein slik lapp ;)

fredag 6. januar 2012

Rester, Trondheim og Tannlegen

Det har vore ein ganske hektisk start på det nye året.
Og litt småhardt å begynne på jobb igjen, 
spesielt sidan eg snudde døgnet på nyttårsafta.
Det er heilt utrulig at det skal vere så vanskelig å snu tilbake!


Men eg greidde å skvise inn ein liten restemiddag med to herlege herrer.
Eg trur dei var fornøgde..


 Og i går bar det til Trondheim..
Då vi bestillte billettar i haust tenkte eg at "dagstur til Trondheim funkar fint".
Men det føltes ganske ubarmhjertig å sette på alarmane "kvelden" før.. 
ja, for eg stola ikkje på at ein gong var nok for å vekke meg!



 Men omtrent i frokosttider for vanlege folk,
eller kanskje helst for heimeverande husmødre som likar å sove litt, 
så kunne eg gå over kvitkledd mark mot denne:

 Det var ein heil dag i møte
med trivelige kollegaer frå det ganske land.
Og når ein jobbar i kyrkja, 
så må ein jo få med seg eit gudsord-
så vi hadde middagsmesse med preses(biskopane sin biskop) i kapellet i Erkebispegården.

Dette krusifikset bar preg av å har vore i nærleiken av flammar, 
soga seier at brannen stoppa då det kom til krusifikset. 
Det var ei god messe å få på ein torsdag.


 I dag var det i midlertid litt mindre hyggelige planar på programmet.
Tannlegetime..
Eg var litt nervøs fordi eg har hatt litt vondt, 
og var forberedt på at dette kjem til å bli fælt.
Heldigvis har eg verdens snillaste og hyggeligaste tannlege!


Overraskinga var stor då beskjeden kom:
NULL HULL! :)
Men skåret i gleda var at eg har eit par veldig gamle fyllingar,
og for å unngå at dei skal lage krøll så må dei byttast. 
Så det blir nok nokre kroner som ryk på dette likevel.


No er det endeleg helg, 
og då er det utrydding av jula som står for tur...
Eg syns det kunne vart litt lenger.
Men det går mot sommar.
Og plutselig kan eg pakke vekk alle sokkane!

Eg håpar du får ei god helg! :)

onsdag 4. januar 2012

2011 i bilder


2011 var eit år fullt av hendingar. 
Eg tenkte at eg måtte ha ei lita bildekavalkade :)

For meg starta 2011 her(i allefall var eg der på årets første dag):
 Takka vere at Are var sjuk på nyttårsafta var eg og Ingelin bort
på jobben hans med kake. 
Ryktene seier at folka i TV2-sporten syns den var ok.

Denne har vore brukt kvar dag på kontoret i 2011 :)

Det har vorte nokre jentekveldar..

I 2011 vart eg og kjend med naboen på nye måtar...

Eg kasta dei gamle vindua - som lak

Og fekk meg nye som er tette...

OG kjøpte gardiner!!

Eg var ein tur til Vestby :)

Og ein tur til London

Sammen med disse fine jentene :)

Eg fekk meg endeleg kaffekvern! :)

Og mitt første Moods-plagg :)

Eg har grilla på Helleneset

Og knust ein iPhone....

Eg var på Stadion 16.mai! :D

Feira 17.mai med venner som stod og sang nasjonalsangen :)

Sang med Seraf eit par gonger i vår..

Teikna ein konfirmant..

Som var blitt større enn på tegninga ;)

Eg har sørga for å framleis vere verdens kulaste tante!

Eg har testa tolmodigheta...

Sett Dragseidspelet..

vore ein del heime..

og til tross for ein trasig sommar, har eg fått dosen med jordbær :)

Eg har vore på hyttetur :)
Sammen med nokre andre :)

eg har fått gå i flippfloppar :)

eg har vore med å "drikke ut" Sigrid Kristin:)

Eg har tatt fly heim!

Og eg har lært at det er ikkje spøk å ha småsøsken ;)

Forholda på Volda sitt tak har blitt sjekka ut ;)

Og eg har lært at eg manglar nokre gen som resten
av familien har..

Eg har fått meg elpiano <3
Ein kjem sjølvsagt ikkje utanom 22.juli. 
Det var en smertens dag for heile Norge.
Eg føler med alle dei som sit igjen med sorg og sakn, 
eller slit med traumer etter denne dagen.

Men eg trur og det er viktig at vi hugsar på
alle dei andre som og har opplevd tap og smerte i 2011. 
Deira sorg er like virkelig, sjølv om den ikkje havnar i avisa.
Deira smerte må og få rom.

heldige meg fekk reise til Kypros på slutten av sommaren, sammen med
disse fine jentene :)

god vin som vi ikkje gløymer namnet på :)
eg vart litt brun likevel til tross for ein dårleg sommar

Eg fekk sjå Sigrid Kristin og Ketil seie JA til kvarandre :)

Eg fikk til og med lese og synge i vielsen :)

Eg var på Kanye West konsert med gode venna :)

Og snille Rune reiv skapet mitt :)

Eg tok farvel med den gamle doen min...

Vi feira at Ingelin blei 30 :)

Eg var på kusinetreff og laga fine koppar :)

Eg har vore i Roma :)

Og sett sjefen helse på paven..

Medan eg var i Roma opplevde eg skrekken:
 Pappa fekk hjarteinfarkt, og då var eg veldig langt unna!
Men det gjekk heldigvis bra!

Eg fekk feire bursdagen min sammen med ein gammal
venn eg ikkje hadde sett på altfor lenge...

og ei god venninne eg ser altfor sjelden!

Så fekk eg feire sammen med gode vennar her - fekk til og med kake!! :D

og lakka negler... ;)

Eg har fått sjå kjærleiken blomstre <3
<3

og doen min vart ny :D

eg blir så lykkelig av å sjå dette!! :D

Eg har studert - og vunne 40 studiepoeng! :)

Eg har ete levande sjøkreps! MMMMMMM!

Eg har vore med på julekonsertar med Seraf - og turne...

Til Færøyene! :D

Jentekveldar har eg fått med meg..

...opp til fleire av :D

Jentejulebord fekk eg om med meg :)

Eg fekk feire jul med familien :)

Og - kryss i taket - eg var på julefest!! Aldri har Maria, Josef og eselet vore
så vakkert! :D

Eg har overlevd ein orkan til - i motsetning til sprossene på vinduet...
Og avslutta året sammen med gode og lystige venner
Så 2011 var eit år meg mange utfordringar, nokre bedre enn andre. 
Men det har og vore eit år med mange gleder. 
Det er viktig å sjå litt ekstra på dei når det har vore litt tunge tak på vegen.

Det blir spennande å sjå kva 2012 har på lur!