søndag 29. januar 2012

Seriøse søndagsgrublerier

Det har vore ein deilig søndag her i Bergen. 
Sola har vore framme med sine d-vitaminstrålar, 
og som vanleg når sola kikar fram, 
så tømmes dei bergenske boligar og det aular av folk over alt.


 Eg starta dagen med å gå ein tur på gudsteneste.
Og høyrde ei tale over preiketeksten frå Joh.9 
som eg har blitt gåande å gruble over.
For talaren gjorde som mange talarar gjer:
han starta i teksten for så å aldri vende tilbake til den. 

Av ein eller annan grunn kom han inn på korleis bedehus og kyrkje tømes.
Og kor viktig det er at vi som trur er lys og salt, slik at lokalene kan fylles igjen.
Eg er ikkje heilt uenig i at det er viktig. 
Men eg vart sittande å fundere på kvifor bedehus og kyrkjer tømes.
Kan det ha noko med korleis ein blir møtt der?
Kan det ha noko med korleis ein trur ein blir møtt der?


Kvifor er det berre dei ekstreme røystene som blir høyrde?
Kvifor må ein passe inn i eit mønster når ein skal finne sin plass i ei forsamling?
Vi snakka litt om det etterpå, og eg syns det var så godt formulert
då ei sa: "det er nedarva meiningar"

Det blir for eksempel altfor ofte stått på barrierene for Israel og mot homofili,
utan syn for menneska dette berører,
og ofte er det "fordi mamma seier det er slik"- tankegang som ligg bak argumenta.
Eg veit kva som står i skrifta. Eg forstår det ikkje.
Men noko er eg sikker på:
 Konflikta i Israel har to partar - begge er skapte av Gud!
Menneske som har ei anna legning enn meg er elska og villa av den Allmektige!
Kva med litt åpenhet - litt omsorg - litt praksis av den kjærleiken vi alle snakkar så fint om?


Eg gjekk meg ein lang tur, og høyrde på forelesning på iPoden min.
Om hjernen.
Skaparverket er utruleg vakkert og komplekst.
Når ein høyrer om korleis denne grå massa i knollen fungerer 
mens ein går og ser ut over naturen, 
så kan ein ikkje la vere å tenke:
Han som står bak det må virkelig vere imponerande.

Eg trur at det er mykje tru på Han utanfor møtelokala der du må passe inn i eit mønster,
der du må ha eit sett med verdiar på plass og der du må leve opp til eit ideal.

Eg trur Gud elskar det uperfekte - når fasadene sprekk og vi er ærlege med kvarandre.
Når trua ikkje er meir enn "ja, eg trur!" slik som den var i dagens preiketekst.
Kanskje vi skulle prøve det i staden for å dømme dei andre for alt dei ikkje er perfekte på?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar