mandag 30. januar 2012

Mitt enkle glutenfrie liv

I dag har eg gjort noko eg aldri før har gjort.
Eg har sendt klage til TV2.
Ikkje berre har eg sendt klage, men ei riktig så hissig og spydig klage.
Eg greidde ikkje dy meg.

Ikkje alle hotell har like god service som i Skånevik! 
Greia er at eg vart gjort merksam på ei reportasje som hadde vore sendt på tv. Og klikka meg inn på TV2 og fann saka - og såg raudt. MØRKERAUDT!
Det var ei sak som starta bra, men som kokte ut i mistenkeleggjering av folk med matallergiar og ein såkalla ekspert som snakka om at dette var trendy. (Her finn du saka: http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/helse/kjoepmenn-tidobler-prisen-paa-mat-for-allergikere-3694920.html )

Eg hadde unt ho å få kjenne korleis kroppen min reagerer på ein vanleg brødsmule. Kanskje ho ikkje hadde vore så kategorisk etter nokre omgangar med doskåla og magekramper som føles som om tarmane skal kollapse fullstendig. Det føles ikkje mykje trendy å alltid måtte spørre når ein er ute og skal ete med vennar, og kanskje stå på valget mellom å ikkje ete eller å måtte få alle med seg til ein ny plass for å få mat. Så eg kunne berre ikkje la det stå uimotsagt. Og les du dette og kjenner same frustrasjon som meg: SEND KLAGE! Korleis du formulerer deg er ett fett, men klag, slikt møl som TV2 har greidd å koke i hop her kan ikkje stå uimotsagt!

Ekstra mjukt er viktig på dårlege dagar...
For det er sant som saka startar med: det er DYRT å leve glutenfritt. Dersom alt skal kjøpast ferdig så er det ekstremt dyrt. I slutten av artikkelen kan du lese at t.d. cøliaki gjev ein grunnstønad frå NAV. Ja, den held ca til ekstrautgiftene du har i ei til to veker. Alt ettersom kor flink du er til å utnytte maten. Eg bakar sjølv og sparer ein del på det. Og eg jobbar heile tida for å finne rettar som er enkle og utan mjøl. Og må eg ha mjøl eksperimenterer eg heile vegen med kva slags mjøl som fungerer best. Eg ynskjer ofte eg kunne brukt vanleg kveitemjøl, og eg saknar skikkelig grovbrød!


At nokon skal velge dette som livsstil, berre for å få ein helsegevinst på det - det kan eg ikkje forstå.
Slik eg les på pakkane med glutenfrie produkt så er det mykje karbohydrater ute og går, og særdeles lite protein og fiber. Så korleis ein skal vinne helsemessig på ein slik diett dersom ein ikkje vert sjuk av gluten, det er meg ei gåte. Eg skulle ynskje TV2 journalisten hadde gjort ein skikkelig jobb og snakkar med leger om kva helsegevinst friske folk kan ha av å kutte f.eks. gluten, eller snakka med NCF(Norsk Cøliakiforening) om korleis utviklinga av cøliaki har vore dei siste 15-20 åra. Kanskje han hadde fått litt meir å fare med enn et brødfrø som står og gøyr om at et er trendy.


Og sjølv om dei glutenfrie alternativa har vorte bedre med åra, så er det likevel ikkje det same som vanleg mat. Spesielt gjærbaksten er ikkje like god, og ein må eksperimentere mykje for å få til f.eks. skikkelig gode brød.

Eg har levd med denne diagnosen i snart 5 år, eg er lykkelig for at eg har blitt frisk igjen. Eg var så sjuk før eg fekk diagnosen at eg ikkje visste kor eg skulle komme meg vidare i livet. Det er ikkje at eg er villig til å betale ekstra for mat som gjev helsegevinst - eg er nøydd å betale ekstra for å kunne fungere gjennom dagen. Men det er det ingen som bryr seg om i nyhetene.

2 kommentarer:

  1. Godt noen tar tak i dette. Har sett "Dyrt og glutenfritt" og det er grotesk. De burde huske på at ikke alle kan "velge" om de trenger spesialkost! Skriver gjerne under på klagen din :-)

    SvarSlett
  2. Eg har sendt min klage, men klikk deg inn på artikkelen, finn mailadressa til journalisten(på høgre side) og skriv nokre linjer i ein mail om korleis det opplevdes å sjå, høyre og lese dette. Jo fleire slike mailer han får, jo bedre er det! :)

    SvarSlett