onsdag 1. februar 2012

Sør-Norge rundt på to dagar?

Det har vore eit heftig døgn 
og blir minst eitt til av nesten same sorten.
Eg har ein jobb som eg reiser litt i, 
og det er noko eg liker.
Men i dag og i morgon har eg lagt opp ein ganske strabasiøs ferd.

I går kveld, gjekk eg og henta meg ein bil.
 For eg skulle til Sogn i dag tidleg, 
og det var ikkje så lett å finne bussar som passa..

Og så måtte eg jo ta med meg niste - så eg testa ut noko
(for meg) nytt :)

Funka bra :)
 Å køyre til Luster (Gaupne) er eit stykke 
og normalt sett ville eg vere vekke heimafra i allefall 12 timar.
Så niste må til
Solid niste :)


Og så var det berre å stille alarmen og krype til køys.. 
det vart ikkje for tidlig - desverre!


I dag tidleg vann eg over kjøtet si lyst til å trekke dyna over hovudet
og sette meg i bilen med nasa vent nordover. 
Og fagre Sogn tok godt i mot meg. :)


Og eg måtte berre ta neste bilde.
Du veit du er på ein trygg og god plass 
når kundane på frisørsalongen henge fra seg jakkene
UTANFOR! :)


Heimatt var det litt meir styr. 
Eg skulle tatt ei ferge i femtida
Men det var visst problem med den eine ferga,
og plutselig sat eg på fergekaia i 2 timar.
Nista hadde eg ete opp også.
Men eg kom meg heim, 
no har eg smørt ny matpakke og stilt vekkerklokka.
I morgon tidleg er det fly til Oslo
og så er det tog heimatt igjen på ettermiddagen.


Eg kjenner egentlig på at det skal bli heilt greitt med helg etter denne veka. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar