onsdag 8. februar 2012

Kjærleikssoge

Eg fekk litt ekstra tid før møtet eg skulle på i går
så eg gjekk meg ein tur


I byen som har erobra hjertet mitt
og ikkje vil sleppe taket.
Då eg flytta hit var det ein som sa:
"Oslo er byen du enten vil elske
- eller hate"
Og eg trudde eg ville havne blant dei som syns det siste,
men så feil kan ein ta.


Snart 10 år har gått sidan eg flytta
og eg føler framleis at ein del av meg ligg igjen her.
Det er litt som med eit avslutta forhold
sjølv om du veit at det ikkje vil funke lenger
så er følelsane der med ein gong de ser kvarandre.
Eg er liksom litt heime med ein gong eg kjem til Oslo.


Eg syns framleis at Oslo er utruleg vakkert
Eg veit at mange ikkje ser det.
Men eg elskar å gå og sjå på menneskene her
Dei er vakrast.
Og å sjå på bygningane
her er eit stort mangfald, og mange skjulte skattar.
Ofte går ein berre forbi, og ser ikkje all den vakre arkitekturen.


Eg likar rett og slett korleis ting er her.
At det er åpne kaffebrenneri kl.7 om morgonen,
at det alltid er nokon som er på veg ein plass,
og at byen har eit eige bakeri for slike som meg.
(kanskje eg skal vere glad for at dei ikkje har det i Bergen,
det hadde vorte dyrt i lengden)


 Eg likar at det aldri stilnar heilt.
Knirking av trikken 
og dundring av t-bane 
er som musikk i mine øyre.
Og eg elskar det faktum at himmelen er oftast blå her.
(gjett kven som følte seg kjempelur der ho spaserte med 
paraply frå nattoget... i 7 minus!)


Kanskje eg ein dag skal vende attende til denne vakre staden.
Kanskje ikkje... 
Uansett vil Oslo alltid ha ein stor plass i hjertet mitt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar