mandag 29. august 2011

A lovely day

Nokre dagar vaknar ein berre og er glad. Utan at det er nokon grunn. Men eg må innrømme at det finnes fleire slike dagar når eg vaknar av at sola skin, enn når regnet dundrar mot ruta.


Eg var ein ørliten grann litt for seint ute til jobb, så eg fann ut at eg fekk satse på Beffen i dag. Og då eg stod i lyskrysset såg eg fyrst opp på skyene. Eg likar kvite, fluffy skyer. Og så såg eg ned på bakken foran meg..


Rett nedanfor låg Oslo si stoltheit ved havn, eg har faktisk vore ombord ein gong for lenge sidan - på ein 17.mai. Det eg hugsar best er at leideren var utfordrande i smalt skjørt!
Ho er ikkje like stor som Statsraaden, men fin er ho no uansett.. Litt fasinerande at skuter er hokjønn når dei har gitt dei namna Statsraad Lehmkuhl og Christian Radich...


Litt utpå dagen fekk eg telefon frå rørleggaren som dreiv og rydda litt i leiligheta mi. Skulle gjerne hatt ein mann som gjorde det til dagleg, og gjerne litt meir enn han sjølv hadde rota. Men i allefall, han lurte på om han skulle ta med restane av skapet eg hadde rive - og så enkelt gjorde han dagen min endå bedre.
For eg har fundert på korleis eg skulle bli kvitt dei skaprestane..

Og så oppdaga eg at eg hadde oversett ein viktig invitasjon til ei samling med jobben. Det måtte eg jo prøve å ordne opp i, og greidde det. Så plutselig hadde eg fått fiksa meg ein treretters middag på ein mandag. Og det er jo aldri feil.


Eg rakk såvidt ein liten tur heimom, og såg kor langt dei var kome med badet. Syns dette ser rimelig ok ut. Men kjenner at pusten vert omtrent like tung som når eg tenker på kor gammal eg blir i haust når eg tenker på rekninga som kjem. Men då er det godt å sjå kva andre opererer med for pris... Vil du bli nabo med meg, så har du sjansen no!

Når mi leilighet er 69 kvm.. betyr det då at eg er ei holden dame?

søndag 28. august 2011

Girls night out!!


I går hadde vi ein skikkelig jentekveld på byn. 
Vi hadde funne fram kjolar og finsko, sminke og hårstæsj. 
Og så skulle vi ut og kose oss!
Vi begynte med middag på Jacob Aall. 

Berit og Sigrid

Mona og Ingelin

Hildegunn

Etter ei stund dukka denne karen opp. Og eg skulle gjerne
hatt bilde av jentene rundt bordet då eg reiste meg for å gje han
ein klem..


Fine tanteungen min! ;)
Eg må seie at eg er heldig som har 
tanteungar som faktisk tenke på tanta si
når dei er i byn, og kjem på 
overraskinsbesøk på ein laurdagskveld!


Så enda vi på Contra. 
Der hadde dei billig Cava fram til kl.23, 
og vi takkar ikkje nei til bobler!

lipglossmerke hører til på jentekveld ;)




Det vart litt fotoseanse undervegs.. 
og det var ikkje berre eg som tok bilder..


stemninga var generelt veldig god! :)



Syns bare dette blei et kult bilde...


Det er ikkje like lett å samkjøre smila..


Det som er synd er at eg ikkje greidde å ta eit einaste bilde der Hilde var med i går.
Det er i grunnen ganske godt gjort sidan dette er knapt ein tredjedel av bildene eg tok..
Men ho var med, og det var vi andre glad for! :)


TAKK FOR EIN DEILIG KVELD JENTER! 

lørdag 27. august 2011

Når sola skin

er allting bedre. Hin dagen skein sola, eg hadde heimekontor og forflytta meg ut på kafe for å sitte der og jobbe. Det blir nemlig fort varmt i mammas vesle krypinn.

Kaffe på Kaffemisjonen blir aldri feil :)

Etter ei stund kom Are og vi gjekk ein rimelig rask og trivelig tur rundt Store Lundgårdsvann. Det trur eg faktisk er fyrste gong eg har gjort, i allefall den veien vi gikk no.
Og Bergen er ein særdeles vakker by i sola!

fint tre, fin by, fin Are



Det var ikkje den mest anstrengande turen, men det var
varmt og eg hadde masse kle på meg - og vart tørst.
Gul brus høyrer sommaren til! :D

I går var det vanleg dag og godt når fredagskvelden kom etter ei forholdsvis lang jobbeveke. Det er mykje som må gjerast no i haust, og det blir fort lange dagar. Eg likar jobben min kjempegodt, men det er alltid godt med fredagskvelden, spesielt når den inneheld å gå på besøk, nyte god mat, god vin og god samtale sammen med gode veninner!

Eg glømte å ta bilde i går, så det får bli ein annen fin kveld i sommar :)


onsdag 24. august 2011

Nesten halvveis

Om 14 dagar skal badet mitt vere ferdig. Så langt er det komt i dag:

























 Eg har starta å tru at dette kan bli veldig bra... :D

mandag 22. august 2011

Minnedag og Lissie

Det har vore ein merkeleg dag.
Eg starta dagen med å sende mamma og pappa på flybussen. Dei skal til Island, heldiggrisane!


Så tusla eg meg ein tur i Salem på gudsteneste og var ein tur på kafè med Marianne før eg var på minneseremoni på Torgallmenningen, der muslimar, kristne og humanetikarar stod saman - hand i hand. Ja, det var sikkert mange som har andre trusretningar og. Men det var eit felles ynskje om å minnes. Det er utruleg at det er ein månad sidan dei uvirkelege dagane. Det virkar både lenger sidan og kortare sidan. Dagane har gått både fort og sakte.



Eg gjekk heim markeringa og vart sittande å sjå på minnekonserten som gjekk på tv. Den var svært vakker. Det var fleire som imponerte meg, men Kongen var kanskje den som sette djupast spor i meg. For ei tale! Norge er heldige som har ein slik raus, omsorgsfull og brubyggande konge! Ein konge som lir med folket sitt, og som ser den enkelte midt i folkehavet - og som vågar å fortelle oss at vi må bry oss om kvarandre, også når kvardagen kjem!



Det har på mange måtar vore ein litt trist dag. Og det var godt å avslutte helga i Peer Gynt-hallen, der Lissie hadde konsert. Eg var ikkje så gira før konserten, spesielt ikkje etter at eg oppdaga at det var ståplass, men det tok ikkje mange sangane før eg kosa meg der eg stod. Ho var rett og slett rå heile dama!




Her er ein liten smakebit. Dama har ei fantastisk stemme!



Og ein litt annen smakebit:


På veg heim gjekk eg forbi den blå steinen, og tenkte det fikk bli dette innlegget sitt siste bilde. Vi skal ikkje gløyme. Biskopen brukte Jesu ord i apellen sin i dag, og eg syns det passar godt å avslutte dette innlegget med: "Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born" (Matt. 5:9)



lørdag 20. august 2011

Eg rusla meg ein tur så lang

Slik ser badet mitt ut no:


Det går plutselig fort framover. Så i dag har eg vore ute og gått. Eg tenkte eg kunne slå to fluger i ein smekk, både få sett på fliser til nytt bad og å få litt trim. Det resulterte i ein spasertur på ikkje mindre enn 5 timar...


Det tek eit lite stykke av gangen, men treng ein egentleg så masse gang?

det som blir igjen av gang..
Så eg tok bybanen til Fantoft og gjekk ned til Gården Senter. Der fekk eg litt for mange alternativ.. Så kva skal eg velge??

Denne?

Eller denne??
Så gjekk eg ned til Nordflis i Fjøsangerveien via Wergeland. Og for sikkerhetsskuld gjekk eg feil og gikk nesten heile Kanalveien til ende før eg oppdaga at eg egentlig berre skulle gått rett opp når eg kom ned. Men det vart no nesten tre kvarter ekstra tur av det, for det er ikkje berre berre å gå i området som nesten er som om ein skulle vore i Amerika...


Men sjølv om eg gikk og gikk og gikk, så hadde eg Sofies Verden på øyret og lærte om Platon og Sokrates medan eg gjekk.. Og at det er synd å slutte å undre seg over å vere til, verda og universet. Og eg gikk der og forundra meg over alt det vakre i skaparverket som greier å bryte seg gjennom betong og eksos!


Så masse fine rosa-lilla blomster!!:)


Då eg kom tilbake til byn tenkte eg at eg skulle gå på biblioteket. Det er ein ting eg i utgangspunktet syns er skummelt. Og det vart ikkje mindre skummelt då eg møtte den skumlaste biliotekaren eg nokon gong har møtt - ho kjefta og stressa for at vi kunne vere så ufine å dukke opp rett før dei skulle stenge. Bøkene eg ville låne var enten på utlån eller måtte bestillast, så eg gjekk heim med like lett veske som då eg gjekk heimanfrå.



På mi ferd mot mat, så måtte eg stoppe i parken ved Lille Lundgårdsvann. Der er denne skulpturen som vi snakka om på jobb ein dag. Eg har jo sett den før og registrert at det var ein skulptur av stål, men ikkje at det er ein hest som steilar med ein konge oppå. No veit eg at det er er ein skulptur laga av Knut Steen, avduka i 1998. Og det skal illustrere Olav Kyrre som vert rekna som Bergen sin grunnleggar. Kyrre betyr forresten "den fredelege".

Så i dag sjekka eg ut skulpturen frå alle vinklar for å sjå om eg såg ting. Og eg må kanskje seie at mine assosiasjonar havna meir i retning av Ringenes Herre, enn til ein konge frå ca. år 1068.
Men eg syns det er ein fin skulptur uansett!


torsdag 18. august 2011

Her bur altså eg



Tenkte dei som ikkje er like heldige som meg, som bur i Bergen sentrum, rett bak Koengen der det i dette øyeblikk dansar minst 22000 til Rihanna, skulle få ein liten smakebit av kva dei går glipp av..


Eg skulle gjerne vore foran scena, men så heldig er eg altså ikkje. Eg likar musikken, så eg er ikkje frustrert over høg lyd seint på kvelden. Det er jo mange 100 gangar bedre enn buekopsøving!
Eg kosar meg i grunnen her backstage. ;)