lørdag 20. august 2011

Eg rusla meg ein tur så lang

Slik ser badet mitt ut no:


Det går plutselig fort framover. Så i dag har eg vore ute og gått. Eg tenkte eg kunne slå to fluger i ein smekk, både få sett på fliser til nytt bad og å få litt trim. Det resulterte i ein spasertur på ikkje mindre enn 5 timar...


Det tek eit lite stykke av gangen, men treng ein egentleg så masse gang?

det som blir igjen av gang..
Så eg tok bybanen til Fantoft og gjekk ned til Gården Senter. Der fekk eg litt for mange alternativ.. Så kva skal eg velge??

Denne?

Eller denne??
Så gjekk eg ned til Nordflis i Fjøsangerveien via Wergeland. Og for sikkerhetsskuld gjekk eg feil og gikk nesten heile Kanalveien til ende før eg oppdaga at eg egentlig berre skulle gått rett opp når eg kom ned. Men det vart no nesten tre kvarter ekstra tur av det, for det er ikkje berre berre å gå i området som nesten er som om ein skulle vore i Amerika...


Men sjølv om eg gikk og gikk og gikk, så hadde eg Sofies Verden på øyret og lærte om Platon og Sokrates medan eg gjekk.. Og at det er synd å slutte å undre seg over å vere til, verda og universet. Og eg gikk der og forundra meg over alt det vakre i skaparverket som greier å bryte seg gjennom betong og eksos!


Så masse fine rosa-lilla blomster!!:)


Då eg kom tilbake til byn tenkte eg at eg skulle gå på biblioteket. Det er ein ting eg i utgangspunktet syns er skummelt. Og det vart ikkje mindre skummelt då eg møtte den skumlaste biliotekaren eg nokon gong har møtt - ho kjefta og stressa for at vi kunne vere så ufine å dukke opp rett før dei skulle stenge. Bøkene eg ville låne var enten på utlån eller måtte bestillast, så eg gjekk heim med like lett veske som då eg gjekk heimanfrå.



På mi ferd mot mat, så måtte eg stoppe i parken ved Lille Lundgårdsvann. Der er denne skulpturen som vi snakka om på jobb ein dag. Eg har jo sett den før og registrert at det var ein skulptur av stål, men ikkje at det er ein hest som steilar med ein konge oppå. No veit eg at det er er ein skulptur laga av Knut Steen, avduka i 1998. Og det skal illustrere Olav Kyrre som vert rekna som Bergen sin grunnleggar. Kyrre betyr forresten "den fredelege".

Så i dag sjekka eg ut skulpturen frå alle vinklar for å sjå om eg såg ting. Og eg må kanskje seie at mine assosiasjonar havna meir i retning av Ringenes Herre, enn til ein konge frå ca. år 1068.
Men eg syns det er ein fin skulptur uansett!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar