onsdag 31. juli 2013

Barnlaus

Eg nyt deilige dagar i København,
det er varmt - sola skin når det ikkje er torevêr 
og eg har allereie møtt mange nydelige menneske!
Og eg har tenkt masse på det med å vere menneske.
Kor forskjellige vi er.
Kor ulike historier vi har.


Eg har høyrt mange historier i sommar.
Om liv som ikkje vart som forventa.
Om liv som ikkje vart.
Om kor tilsynelatande tilfeldig det er at vi er til.
Om smerten ved å misse det du drøymer om,
eller aldri å få det.
Og eg er så takknemlig for alt eg har!


Etter mitt småsinte blogginnlegg om singelliv og samliv
har eg fått høyre mange historier 
som handlar litt om dei same tankelause måtane
vi kan tiltale kvarandre på.
Men ikkje berre rundt singellivet,
men rundt det å vere barnlaus.


For nokre er draumen om å få eit barn
den aller største draumen.
Nokre opplever at dei ikkje finn nokon å 
dele dette med, og får gjerne høyre at 
"no må du finne deg nokon før det er for seint".
Eg har fått høyre det og, 
men eg er så heldig at eg allereie er tante til
dei 10 mest fantastiske menneska som finnes, 
så for meg er det inga krise å ikkje få barn.
Men det var ikkje slik eg hadde sett føre meg livet mitt
då eg var 16...eller 18.. eller 22...


Men om du drøymer om det,
og ikkje ser korleis du skal få oppleve det, 
så er det berre vondt å bli minna på, 
sjølv om det er sagt med glimt i auget.

Og så har ein dei som har funne seg ein å dele livet med,
og enten ein har gifta seg eller berre er sambuar,
så kjem kommentarane etter ei stund.
Om det ikkje snart er noko på gang.. 
Og så har ein prøvd og prøvd og ikkje lukkast.
Mange eg har snakka med hadde eg ikkje trudd
at var der at dei arbeidde med saka,
så min tanke no er at mange fleire enn vi trur
opplever slike nedturar.
Og det burde vere eit kjent faktum at det er ikkje berre
å trykke på ein kapp, så blir ein gravid,
sjølv om det for enkelte kan virke slik.


Berre det siste året har eg fleire venner som har opplevd 
gleda ved å bli gravid, og smerten det er å miste barnet,
enten i løpet av svangerskapet eller rett etter fødsel.
Eg har venner som har opplevd fleire spontanabortar,
der gleda ved å bli gravid har blitt til eit fryktmoment.
Draumen om barnet er der,
men frykten for kva som skjer dersom ein blir gravid igjen
er som ei svær tordensky som heng der med alle sine truslar.
Då er det ikkje greitt når nokon kjem med 
små morsomheter om at det er på tide å sette i gang.


Å få barn er ingen menneskerett.
Å få barn er eit privilegium.
Å få barn er ei gåve.
Å få barn er noko vidunderleg, 
noko som er så fantastisk at det ikkje kan måle seg med noko anna.
Men ikkje alle av oss vil få oppleve det.
Sjølv om vi gjer alt vi kan for å få det.


Ein del av dei historiene eg har høyrt 
har satt djupe spor i meg.
Smerten og saknet er så stort at det finnes ikkje ord.
Så eg kjente at eg måtte skrive dette litt alvorlege blogginnlegget, 
for å minne både meg sjølv og andre om 
at vi veit ikkje kva historie dei andre sit med.
Sjølv om vi kjenner folk rimelig godt
er det ikkje sikkert at dei deler all smerten med oss.
Vi veit ikkje kva veg dei har gått,
kva smerte dei har måtte smake
eller kor hardt dei har forsøkt.
Vi kjenner ikkje til alle draumar, håp og lengsler
menneska rundt å ber på.
Så vi treng å tenke oss om før vi trakkar inn
i det private, sårbare rommet
med store slagstøvlar med mykje møk på.

lørdag 27. juli 2013

Ei veke med besøk :)

Då eg var hos Berit og slappa av før 
Muse forrige fredag fekk eg telefon.
Det var ein hyggeleg telefon som 
fortalde at eg skulle få besøk neste dag.


Ellen, mi eldste niese, nr.3 i rekka av tantebarn 
ville ta seg ein tur og besøke den gamle tanta si.
Slikt blir det stor glede i heimen av, 
sjølv om ho måtte leve med at eg er i ein pakkeprosess.. ;)

Så siste veka har eg tatt meg litt ekstra fri, 
noko som passa bra sidan eg hadde tenkt 
at tre dagar neste veke var både avspasering og ferie.. 
Og så har vi sett på byen, nytt varmen og vore på shopping.


Søndag var vi på skikkelig turistsightseeing.
Eg har alltid hatt lyst å ta desse hoppe-på-bussane, 
og endelig fekk eg ei unnskyldning for å gjere det :)

litt ulikt sko og kle valg på oss to.. ;)



finn ein feil! :)
 Og så tok vi oss ein tur på Ulriken :)

Jeg tok min nystemte...

Finaste Ellen Synøve! <3

Mandag ettermiddag tok vi turen med bybanen til Lagunen.
På veg heim tok vi turen innom Kari og Johanne på Paradis.


Og avtalte lunsj neste dag :)


Og ein kan jo ikkje vere i Bergen uten å ha vore på Fløyen!




Og siste måltid hos meg vart litt eksotisk fiskesuppe på tysdag,
det er jo viktig å utvide horionten...


Tysdag kveld vart vi endå fleire, 
for då kom mine foreldre og Ellen sine besteforeldre.
Det vart veldig trivelig :)

Litt langt ned...

Det har jo vore ei veke med knallver, 
så vi måtte jo sjekke ut "hagen min"..



Men i dag bar det heim igjen for besøket, 
men først fekk dei med seg ein regnskyll..


Det klarna heldigvis opp etterpå, 
så no er det berre for meg å vaske kle,
pakke, rydde og ordne til eg skal sette nasa mot Køben på mandag.

Takk for besøket!
Det har vore ei kjekk veke!

lørdag 20. juli 2013

Eit særdeles gledelig gjensyn!

Inntil i dag var det 12 år sia eg såg Muse sist.
Då var det andre gongen eg såg dei på under ett år, 
og det var ein kjempeskuffelse.
Første gongen eg såg dei hadde dei alt å bevise,
og var kanonbra.


Om det var at dei hadde begynt å slå gjennom, 
eller om det var mine forventningar som var skyhøge
er ikkje lett å seie, men skuffelsen var såpass stor
at eg ikkje høyrde på dei igjen før for eit par år sidan..
Eg hadde egentlig ikkje tenkt å spandere på meg ein konsert i år,
men plutselig passa det så fint likevel,
så derfor vart det Brann stadion på meg i kveld.


 Og FOR EIN KVELD! :)
Ein ting var at eg var der med gode venner :)



Og showmaskina Datarock varma opp..



VI E KLAR! :)

Men virkelig:
Det var nesten like bra som U2!
(Og for dei som kjenner meg, 
så veit dei at det betyr EKSEPSJONELT BRA!)


Det er ein lang veg frå John Dee og Rockefeller
til stadionkonsert av dette kaliberet.
Slett ikkje alle ville klart det, 
men Muse har vore på tur med U2 og 
produksjonen på dette er så tight at 
det blir knappe to timar med pur nytelse!


Dei som skal på konsert i Oslo kan berre glede seg, 
Matthew Bellamy, Christopher Wolstenholm og Dominic Howard 
er vel verd pengane! :)


Litt Coldplayinspirerte saker...

Det vart sendt ut jevnlege røyksignal frå stadion i dag ;)

YES! ;)


Det sto nokre jenter ved sida av oss
som tok bilder av seg sjøl heile tida.
Det vart etterkvart ganske komisk å sjå på, 
så eg og Berit måtte prøve det samme..
(men vi ville i det minste ha med oss Matthew Bellamy i bakgrunnen)

Neida, vi e ikkje gira! ;)
Eg trur og at eg oppdaga drømmemannen i dag.
Han synge veldig bra, er fantastisk flink å spele bass,
og kan spele munnspel.
Så enkel er altså eg.
(og at han ikkje er vond å sjå til gjer heller ingenting.)
Eg satsar på at han la merke til meg,
og tek kontakt ;)

Drømmemannen..
bare synd han er godt gift ;)

Eg må likevel kommentere ein ting som eg syns er litt trasig
i norsk konsert-samanheng.
Altfor mange går på konsert
og drikk seg frå alt som heiter normal folkeskikk.
Eg forstår liksom ikkje heilt vitsen med å skulle vere 
så full når ein har betalt i dyre dommar for å sjå og høyre
verdensstjerner... men det er kanskje berre meg..


Uansett,
sjølv om det var litt for mange som hadde fått litt for masse innabords, 
så kunne det ikkje legge nokon dempar på ein av dei beste konsertopplevingane
eg har hatt dei siste 5 åra!
THANK YOU, MUSE!
Det blir ikkje 12 år til neste gong, 
håpar eg! ;)