mandag 8. juli 2013

(Surfe-)Paradis og englesang


I går fekk eg plutselig besøk av to gode vener
Kari Anne og Terje.
Og då må ein jo vise kva godt Stadlandet har å by på.
Vi starta sjølvsagt på kysten si vakraste perle:
Fure.


For meg er det sjølvsagt at det er lyd på bevegelse i havet.
Så det er ikkje noko eg tenker på.
Men når du kjem frå Sørum eller Indre Sogn er det ikkje
like sjølvsagt, og det var visst veldig fasinerande..
Så medan dei lytta på havet,
tok eg ein liten bildeserie av korleis det ser ut
når bølgene møter fjøresteinane :)







Etter ei god stund på Fure, bar det vidare til perle nummer to:
Hoddevik.
Vegen er smal og svingete, 
og eg trur egentlig turistane var glad for at det var ei lokalkjend 
som hadde liten bil som køyrde 
- sjølv om dei glatt hadde greidd det sjølve.



Det var no nesten, men berre nesten, fristande å dukke uti..


Og sjølvsagt måtte vi sjå på surfarane ei stund.
Å surfe ser veldig enkelt ut, 
men eg lovar deg: 
Det er IKKJE enkelt! 





Vidare gjekk turen til perle nummer 3:
Ervik.
Der skulle vi på konsert i kyrkja.
Dette er ei spesiell kyrkje, 
egetlig eit minnekapell for hurtigruteskipet St.Svithun
som vart bomba av engelskmennene i havgapet ut for Ervik
ein septemberkveld i 1943.

Sånn teknisk sett:
Det burde vore ei due,
ikkje ein måse...


Sidan eg har vore guide i kyrkja tidlegare
så kan eg rimeleg mykje om både bombinga,
heltedåden til både mannskapet og ervikarane,
 og eg kan litt staden generelt.
Bl.a. er kyrkjegarden i Ervik er frå 1500-talet,
men kyrkja vart innvigd fyrst i 1970.


Vi avslutta kvelden med ein saliggjerande konsert
med St.Halvardguttene og Salomos Høysangere.



Dei hadde eit heilt blokkfløyteorkester i koret også...
Blokkfløyte kan faktisk høyres fint ut - når folk KAN å spele det!


Det var vakkert og rørande, 
og særleg imponerte ti år gamle Mattis då han sang
Pie Jesu frå John Rutter sitt requiem.
Den har eg vore med å sunge sjølv, 
og det er ikkje eit særleg lett stykke!



Og det var både jubel og norsk gospelklapping når
Salomos Høysangere både dansa seg gjennom
litt tradisjonell gospel.


Det vart ein aldri så liten turbo-sightseeingdag på Stadt.
Men eg håpar gjestane hadde det fint.
Eg trur dei ikkje reiste svoltne avgarde. 

Det var iallefall veldig kjekt å ha dei på besøk!


3 kommentarer:

  1. Takk, i like måte!! Veldig hyggelig å få komme på besøk... Også på så kort varsel!;-) Terje

    SvarSlett
  2. Og eg takkar spesielt for sjokoladepudding <3
    (og alt det andre me fekk!)

    SvarSlett