søndag 30. juni 2013

God som gull!

I går var det storvegs feiring på Nordstranda Bedehus.
Då vart det feira at mine fantastiske foreldre
har holdt sammen i 50 år.
Faktisk har dei helde saman enno lenger, 
men 29. juni 1963 var dagen 
dei sa sitt JA til kvarandre
i Leikanger kyrkje.
Og sidan har det vore dei.


Det er kvardagskost i dag.
Det heller ikkje sjølvsagt at ein får ha kvarandre så lenge.
Og eg syns det er fasinerande at to så ulike menneske
held seg trufast til kvarandre så lenge.
Men kanskje er motsetningane noko av det som 
har gjort at det har gått?
Og respekta for at ein er ulike..

mine foreldre og besteforeldre

Det har sikkert ikkje alltid vore lett.
Det har garantert vore tøffe tak undervegs.
(dei har jo tross alt hatt meg å stri med ;) )
Men eg trur det har vore mange fleire soldagar enn regndagar.

Dei har gjort sitt for å befolke verda :)

Dei har skapt ein heim for oss fire ungane,
ein heim som har vore trygg og god.
Ein heim der ein fikk vere seg sjølv,
der vi bråka og var ueninge, 
der vi lo og sloss,
der vi spelte og sang,
der vi fekk trøst når det trengdes
og kjeft når det var nødvendig,
der vi ikkje hadde alt det nyaste nye,
men der vi alltid visste at vi var ønska og elska.

Finaste gullbrudeparet EVER! 

Det var stor stas å få feire at dei valgte kvarandre,
at dei har valgt å kjempe for kjærleiken, 
at dei har gått denne vegen saman.
At dei har satsa på kvarandre
både på dei gode og dei vonde dagane.
Det er det ein kallar ekte kjærleik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar