torsdag 20. juni 2013

Wææææææh! (When dreams come true..)

I dag kom endeleg telefonen eg har drømt om, håpa på, frykta og tenkt at aldri kjem.
Eg fekk melding tidlegare i veka om at eg var innstilt på førsteplass til stillinga, men tilsettinga skjedde ikkje før i dag tidlig. Det er ein utruleg følelse å plutselig få det du drøymer om.
Og det er ein fantastisk følelse å oppleve at nokon vel DEG som førstevalget.


Eg har gått desse dagane og grubla og tenkt. Det er så mange ting å bekymre seg over.

Fyrst kjem alle dei praktiske spørsmåla: Korleis skal eg få pussa opp gangen? Korleis skal eg få leigd ut leiligheten? Korleis blir det med skatt og slikt i forhold til utleige? Kor skal eg gjere av alle tinga mine? Kor mykje kan eg, for ikkje å snakke om bør eg, ha med meg? Korleis får ein egentlig arbeidsvisum til USA?


Så kjem dei emosjonelle spørsmåla: Korleis skal det gå å vere på andre sida av jordkloda? Kva om noko skjer heime og det er såååå lang veg heim? Korleis vil det bli å halde kontakten med folk med 9 timar i tidsforskjell? Vil det vere enkelt eller vanskelig å få seg nye venner? Vil eg trives med jobben? Vil eg trives der eg skal bu? Kva vil eg sakne mest? Og ikkje minst: Korleis skal det bli å feire jul pitten aleine i eit framand land? (og ikkje eingong ha utsikta til snø) Kjem folk til å komme og besøke meg når eg er der, eller blir det for dyrt?



Det er mange ting ein kan bekymre seg over. Og det kan ta frå ein motet til faktisk å ta sjansen. Men dei siste dagane har eg sett på korleis ting har berre ramla på plass, akkurat som om det var nokon der oppe som har planlagt dette. Eg trur alt vil legge seg til rette slik som det er best for alle partar. Og eg må jo berre ta sjansen - dette er jo det eg har drøymt om i mange år!!

Så får eg ta sorgene etter kvart som det kjem. I dag vil eg glede meg over at eg faktisk skal ut på ei spennande reise, eit eventyr som ingen veit korleis endar. I dag vil eg glede meg over at eg er eit steg nærmare draumen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar