søndag 30. oktober 2011

Gleda sin oppvask


Eg likar normalt ikkje å vaske opp. Men eg diggar å gjere det etter slike kveldar som i går.
For i går var det den årlege lammemiddagen. Festbordet var dekka og gode vener samla seg hos meg.







Praten gikk livlig rundt bordet. Så eg kom ikkje på å finne fram kameratet før desserten. Heilt utruleg spør du meg, for eg brukar å dokumentere det meste. Trur det har noko med det å gjere at eg gløymde å ete etter frokost. Eg gleda meg jo sånn til å ha venner på besøk. På menyen stod aspargessuppe, lammesteik og panna cotta. Og det var kjempegøy å lage det. 


Eg gikk no og sulla rundt heile dagen, og plutselig ringte det på døra. Og siste finish, eller neglelakk, vart ikkje gjort. Men Tore visste råd...


Og eg hadde jo bursdag denne veka, og det ville ikkje jentene la passerer. Så dei fiksa kake...


 Gutta stemte i bursdagssang


Og snuppene stemte i..


Det vart jammen 4-stemt til slutt :)


Dette er faktisk fyrste gongen i livet eg har fått lys på kaka!

Deilig pavlova! :)

Og då må ein jo blåse ut..


Og det greidde eg fint! :)


Kaffe + Liv-Helga = sant!
Eg hadde ein veldig deilig og kjekk kveld i går. Og eg håpar gjestane hadde det og. 
Eg er i allefall heldig som har så mange herlege menneske i livet mitt! :)

Gjester eller venner - i går var det i allefall to sider av samme sak! <3

No er oppvasken tatt, og kake til jobben i morgon er komt i ovnen. 
Livet er i grunnen ganske deilig! :)

Eg har endelig funne ut korleis eg vil ha hylla på badet.
Jentete? - ja, men eg e jo jente ;)




fredag 28. oktober 2011

35 år ung i hjertet

Eg har visst vore på denne planeten i 35 år. Eg kjenner på at det er litt ubehageleg. Og det vart plutselig litt sjølvransakande. Kva har eg gjort her i livet?

Sjokolade har alltid vore ein favoritt!

Eg har alltid hatt eit smil på lur - og gjerne litt latter. 

Eg tryna ned sklia på skulen dagen før
1.klasse-bildet skulle takast.
Fotoutstyret var heldigvis ikkje like avslørande
i 1982...


Eg har hatt forskjellige briller - nokon minnast
eg med større glede enn andre..

Eg valgte ikkje dette som takkekort etter konfirmasjonen.
Eg hadde for stor dobbelthake....

Eg lånte kle til 9.klassebildet...

Eg tok heimepermanent på folkehøgskulen..
Eg har begått mangt ein motetabbe...

Mi første lønn la eg i håret mitt. Eg fekk jo nesten like mykje på ein
månad som eg hadde hatt i halvåret i studielån 

Eg har sunge i mange bryllup

Eg har vore på mange konsertar..

Eg har reist litt..

Eg må vel innrømme at eg har levd livet litt.. men stort sett vore snill pike - trur eg.
Og eg har hatt ein veldig fin 35 årsdag.
Eg har til og med fått gaver! :D

Bursdagsgava frå mamma og pappa! :)

Sidan dagen vart feira i Oslo, ligg det to gaver i Bergen og ventar på meg :)
Eg syns dei siste 5 åra har gått utruleg fort. Eg forstår liksom ikkje kva som har skjedd. Men det har jo skjedd mykje. Ein tenker berre ikkje på det medan det skjer.

30-årsdagen.
Og i dag hadde eg fyrst ein hektisk dag på trusopplæringskonferansen på Lillestrøm. Var jo litt skuffa over at George Clooney verken var her då eg våkna på hotellrommet mitt, eller i Lillestrom, men då eg kom tilbake til Oslo fekk eg møte denne karen, og dèt har vore sjelden vare dei siste åra!

Jo-Einar, ein veldig god erstattar for Georgen ;)

Marianne kom også! :)
Det var utruleg deilig å feire dagen med å sitte på People's og berre slappe av med venner som eg er utruleg glad i, og som likar meg sjølv om eg begynner å bli gammal.

35 og like blid..
 Og eg er veldig takknemlig for dei som har nekta å tru at eg er så gammal når eg har sagt talet.. Spesielt når det blir etterfulgt av eit: "eg trudde du var i slutten av 20-åra!" Slikt kan eg like. Eg trur greia er at fett faktisk er den beste, billigste og mest naturlege rynkekremen du kan få! ;)
Skål for meg! :)

søndag 23. oktober 2011

Elsk din neste som deg sjølv...

I går var eg på kino og såg ei herleg perle av ein film. Italienske filmar er ikkje noko eg vanlegvis brukar å trakte etter, men det vart liksom beste alternativ i går. Og det er jo ikkje så lenge sidan eg var i Roma, så eg tenkte at eg kom til å overleve uansett.


"Vi har en pave!" var tittelen, og den var svært lun og morsom, men hadde og nokre alvorsord å fortelje oss. Eg anbefaler filmen på det varmaste. Eg trur dette er ein av dei beste filmane eg har sett dei seinare åra! Og eg skal ikkje avsløre korleis den utviklar seg, men ein ting vil eg seie her. For den starta med konklave. Den gamle paven er altså død, og kardinalane er samla for å velge ein ny. Der sat dei ein etter ein og ba til Vår Herre om å sleppe unna oppgåva. Og då den som vart vald ikkje er klar for oppgåva, så prøvar dei, alle som ein, å presse han inn i det. Kva utfall dette gjev får du finne ut ved å sjå filmen. Men det er jo ofte litt sånn, noko eg fekk demonstrert på ein utruleg nærgåande måte i dag.



For eg har vore på gudsteneste i Domkirken i dag. Det var ei flott gudsteneste der mange medvirka. Lanseringa av ny bibeloversetjing vart markert og  Biskopen, min sjef, var også med på moroa der framme.
Dagens preiketekst var frå Markus 12, 26-34. Det handla om kva som er det største bodet. Der Jesus svarar med isralittane si truvedkjenning, at det er å elske Herren din Gud av heile ditt hjarte, av heile di sjel, av alt ditt vit og av all di makt. Og så seier han at det andre er dette: "Du skal elska nesten din som deg sjølv".

Biskopen inntok talarstolen og heldt ei meget bra preike om korleis vi alle er skapt i Guds bilete, uansett kven vi er - om vi er ressurssterke, rike folk, uteligger, papirlaus flyktning eller eit barn som svelt i hel på Afrikas horn. Om vi har plettfritt rulleblad, eller om vi har begått dei grusommaste handlingar så har vi likevel "skapt i Guds bilde"-stempelet på oss.
Og vi sat i benkane og nikka og var enige om at menneske er verdifult og skal behandlast på ein god måte av oss.

Eg møtte dette på eit venterom: Biskopen på framsida av
gatemagasinet Megafon. Syns det passa å illustrere han i dag.

Så skjedde det. Ein av dei lause fuglane i byen kom fram over golvet. I skitten frakk, med hua i handa. Han gjekk sakte, og dei fleste av oss kjenner han nok igjen frå bybildet. Han virka kanskje litt ustabil, han var definitivt annerleis. Og eg ser reaksjonen på dresskledde menn og søndagspynta damer, som for få sekund sidan sat og nikka til talen. Panikk i blikket, eit sterkare grep om handveska og heile kroppspråket fortel at "IKKJE KOM HIT!"

SKAPT I GUDS BILETE!
Og det var lett å dømme, at dei ikkje kunne vere meir åpne og inkluderande! Og så snudde eg peikefingeren mot meg sjølv, for eg sat akkurat som kardinalane i filmen: "Kjære Gud, ikkje la han komme hit!!" Eg sat på nåler og tenkte "tenk om han forstyrrar biskopen! Håpar nokon andre kan ta tak i dette og at alt går roleg for seg!" Og eg var flau over min eigen reaksjon, og eg skammar meg! Det var til slutt nokre unge jenter som ga plass til han - og han sat der ei stund før han gjekk.



Kven er min neste? Er det ikkje menneska som eg møter i kvardagen? Kva betyr det egentlig å elske nesten sin? Eg trur det handlar om val, om å ikkje alltid tenke på eigen komfort, men om å bøye seg ned for å løfte andre opp. Det handlar om å handle, å gje plass i kyrkjebenken for ein som ikkje lever som oss "normale". Det handlar om å gje nokre kroner ekstra til nødhjelpsarbeid, slik at i allefall eitt barn kan gå mett til sengs i kveld. Det handlar om å stoppe opp og sjå seg rundt i blant, gje ein blomst til ein kollega som gjer ein bra jobb, spandere ein kopp kaffe på ein venn, kjøpe ei pølse til ein som er svolten, gje ein klem til nokon som er åleine, tilby å hjelpe naboen når du ser at bæreposane er ekstra tunge og kanskje invitere nokon til middag? Eller kanskje noko så enkelt som å ringe politiet når bilen framfor deg på vegen oppfører seg merkeleg, eller spørre ho som stadig kjem med blåmerker om det er noko du kan gjere for henne, eller bruke ein time på å høyre eit barn fortelle historia det ynskjer å fortelje deg. Det er mange måtar å gjere det på, men det handlar om å sjå og å gjere noko med det ein ser.



Det er definitivt enklare å håpe på at nokon andre vil møte behova ein ser, at nokon andre vil hjelpe. Det er mykje meir behageleg der og då. Men er det like behageleg i lengda? Og kva om det er du som treng at nokon bryr seg? Kva om alle vel å gå forbi?
Det er ubehageleg å tenke på. Eg trur vi må starte med å sjå på kva valg vi tek. For kjærleiken kjem ikkje av seg sjølv..

tirsdag 18. oktober 2011

Trafikkfare!

I dag har eg vore i Øvre Årdal ein tur. Det er ein tur som i følge gulesider.no skal ta 3 timar og 15 minutt. Gule sider tek ikkje høgde for vegarbeid. Ikkje for styrtregn heller. Begge deler kan ein lett møte på her på Vestlandet.

Regn er ikkje eit ukjent fenomen på Vestlandet.

Både dit og tilbake hit tok det godt 4 timar. Og eg er ikkje ei tolmådig sjel, og kombinerar du dette med at eg heller ikkje er spesielt svak i høgrefoten, så har du potensialet til ei rimeleg stor trafikkfare.
Eg måtte ta meg i nakken fleire gonger og tenke: "det er ein del av heilaggjeringa!"

Då eg attpåtil vart liggande bak ein bergenser, som køyrde 80 og vel så det når det var strake, fine vegar, men angreip svingar og lavare fartsgrenser med krabbegir - kjende eg at det var rimelig bra temperatur i bilen.

Bergenseren har sikkert vore buekorpsgutt! Dei trenar jo på å vere
trafikale hindringar.

Og korleis kunne eg vite det var ein bergenser?
Bevis nr.1: SR-registrert bil. Ja, eg veit at andre og kan ha bilar registrert i Bergenstraktene. MEN:
Bevis nr.2: Brannvimpel og -bamse i bakruta. Det kunne framleis ha vore ein som hadde greidd å bli ovebevist om at dei raude er dei beste.
Bevis nr.3: Ikkje i eit einaste kryss eller ei einaste rundkøyring greidde han å bruke blinklys. Dèt har eg berre opplevd bergensarar som greier!

Det er rikeleg med lange tunnelar med fotoboksar i Indre Sogn.

Det var stor lykke i bilen då han plutselig tok av i retning Oslo i Lærdal, og eg kunne gje gass igjen. Men då var det jo alle dei herlege fotoboksane i tunnelane. Eg trur no nesten dei er like trafikkfarlege som farta, for uansett om du held fartsgrensa eller ikkje, så slår bremserefleksen inn..

Men det vart litt alvorleg for meg då eg var komt nesten fram til Øvre Årdal. For der sat eg og kjefta ned i fotoboksar og bergensarar, og syns egentlig at eg burde får køyre så fort eg ville. Men, kva om noko hadde skjedd? Kva om ein unge sprang fram i vegen der eg låg 10 km over fartsgrensa, og dei 10 km avgjorde at bremselengda mi var akkurat dèn meteren for lang? Kva om vatnet i vegen fekk bilen til å plane og snurre rundt, rett i fronten på traileren som kom i mot?

På veg heim. 20 min vegarbeidsstans.

Lover og reglar er ikkje der for å plage oss, men for å ta vare på oss. Eg tok det litt meir med ro på vegen heim igjen, og sette på øvingscd-en til julekonsert med Seraf, song så det lyste i dei stille grendene på vegen og tenkte: Av og til gjer det ingenting om ting tek tid. Deilig er jorden! :)

Innhald søkes!

Eg var på møte i går. Det var eit både fint og salig møte. Men eg har blitt gåande og gruble etterpå.

Det var nemleg ein som sa "Nåden bærer deg gjennom dagen!" Det høyres fint ut, ikkje sant? Men kva betyr det egentlig? Eg må ærleg innrømme at eg føler sjeldan at noko ber meg gjennom dagen. Eg forstår jo at dette er i ei overført betydning, men likevel.. Eg syns at nokre dagar går eg berrføtt i blomsterenga medan sola skin, medan andre dagar vassar eg i altfor store sko med piskande motvind og regn.

Det er ikkje lett å velge rette sko alltid..

Og kva er nåde, sidan den skal bere meg? For meg handlar nåde om Guds kjærleik og at eg får komme til Han med alt som gjekk gale, og han lar meg sleppe unna straffa. Ikkje fordi eg fortjenar det, men fordi han elskar meg. Det betyr ikkje at eg slepp konsekvensar av det eg har gjort her og no, men det betyr at eg har eit evig liv i vente. Eg trur faktisk på akkurat det. Det er ikkje nåde som ber meg i tilfelle det er noko som gjer det, men den nådige Gud. Ikkje den guden som ikkje er lunefull eller distansert, men den Gud som bryr seg og har omsorg for meg og alle andre menneske. For meg handlar nåde om ei handlig som Gud utfører. Korleis kan den då bere meg gjennom dagen?

Dette er kva nåde er for meg - kanskje litt svevande sagt... ;)

Eg trur på ein Gud som held alt liv oppe, som sørgar for at det blir ein ny dag i morgon. Ein Gud som har gitt meg gode levereglar, som vil gje meg og menneska rundt meg eit særdeles godt liv om vi vel å fylgje det som står i Boka. Men eg veit at både eg og mine medsammensvorne bryt dei titt og ofte, og at vi har herpa jorda og det som fyller den, i staden for å ta vare på det. Og vi må leve med konsekvensane av det. Likevel trur eg Gud stadig strekker ut hendene til oss og ynskjer å gje oss alt som er godt for oss.


At nåden ber meg gjennom dagen, det er ei meiningslaus setning for meg. Sjølv om eg, dersom eg legg godviljen til, forstår kva han meinte - han som sa det. Og eg syns ofte vi har ein del underlege formuleringar, vi som trur på Gud, også kjent som kristne. Det er som om vi må sveve oppe på ei sky for å forstå det.


Eg syns at det er vanskeleg å forholde meg til det. Eg likar ting som kan bevisast, som kan kjennast på, sjåast og som kan på ein eller annan måte dokumenterast. Og eg likar språk, godt språk. Eg er av dei som irriterar meg grøn over ordelingsfeil og at "og" og "å" ikkje er riktig brukt. Eg forstår sjølvsagt at det ikkje alltid er like lett, så eg prøvar å ikkje kommentere det for ofte.

Sjølv eg kan gjere språkelge bommertar.. 

Men eg syns at kristelige fraser ofte blir litt "skru inn ein spiker" eller "høyre skriften på veggen". Du forstår kva ein vil fram til, dersom ein er inne i sjargongen, men innhaldsmessig er det rimeleg tomt dersom du tek det for det som faktisk blir sagt.

Eg, i likhet med heile min rase, syns ofte det er vanskeleg å finne orda for å beskrive trua. Så på ein måte forstår eg det, men på ein annan måte forstår eg det ikkje. Er det ikkje muleg å beskrive det vi trur på utan å bruke fraser som vert svevande? Og kan det vere at vi litt for ofte tyr til den lettaste utvegen? Gøymer vi oss bak det vi har høyrt andre seie? Stolar vi blindt på predikanten på bedehuset?

Eg har høyrt fleire seie at "dersom du berre tek i mot Jesus.." Eller "du må berre tru..".  Eller "Du må berre be, så skal du få sjå.." Kanskje er det eg som problematiserer, men eg har tenkt mykje på det, og eg får det ikkje til å vere så enkelt.


For ca 10 år sidan sat eg på kafè med ein kamerat. Vi snakka om dette med tru og tvil. Han hadde akkurat vore med meg på gudsteneste i Storsalen. Han lista opp ein gjeng av våre felles vener, alle kristne. Og så kom dilemmaet: "Liv-Helga, vi vaks opp i lag, var på same møter, same leirar. Dei vart kristne, og eg greier ikkje å tru. Eg har bedt og prøvd, men eg greier det berre ikkje. Kvifor er det slik?"
Eg kunne ikkje svare han. Eg kan framleis ikkje svare han.

Og så mange menneske har bedt om ulike ting gjennom livet, og opplevd at dei ikkje får dei svara som ein skulle ynskje. Den sjuke dei var glad i, døde. Livskrisa dei stod i, utløyste eit skred av problem - det kom inga løysing rekande på ei fjøl. Det kom ingen quick-fix-løysing på problemet. Trua ein ynskte seg kom aldri. Og ein sit igjen med tvil, skam og mange "kvifor".


La det vere sagt: Eg trur Gud høyrer når eg ber. Eg trur at det nyttar å be. Men eg trur og på ein Gud som er så utruleg mykje større enn det eg kan fatte, og som har så enormt mykje betre oversikt enn meg - og difor kan eg ikkje diktere Han i kva han skal svare. Men eg trur ikkje på svar som: "Det var nok ei meining med det!" Vondskapen har vi greidd å framdyrke sjølv, og konsekvensane av det er ein del av dette livet. Ikkje alt treng å ha ei meining!

Eg ynskjer å vere ein tydeleg kristen. Eg ynskjer å formulere meg med eit innhald. Eg ynskjer å ta livet og menneske på alvor, og ikkje berre vrenge av meg lettvinte flokser. (uansett kor teologisk korrekte dei måtte vere) Eg har fått ei hjerne som Vår Herre sørga for var sånn passe skarp på enkelte områder. Eg trur Han vil at eg skal bruke den, at eg skal tenke, fundere, argumentere og diskutere. Eg trur ikkje det er verken synd eller gale å tilnærme seg Ordet på ein intelektuell måte. Det er slik eg fungerer. Og det er ikkje alt eg forstår, det er mykje som står i Bibelen som eg ikkje kjem til å forstå på denne sida av evigheta. Det er ein av dei tinga som gjer at eg trur.

Eg stod bakerst i køa då besjedenhet vart utdelt..

Og eg håpar at mine medkristne tek seg sjølv litt i nakken og tenker igjennom kva dei egentlig ynskjer å formidle, og tenker igjennom korleis dei skal seie det. Eg vil i allefall prøve på det. Eg trur det er ei sunn øving for oss alle. Kanskje vil det føre til at liv og lære henge bedre saman også?