fredag 7. oktober 2011

På gyngande grunn


I dag gjekk turen til Sunnmøre. 
Eg vakna kl.5 av at eg hadde vondt i magen. 
Det var ein knapp time før eg måtte stå opp, og så fekk eg ikkje sove igjen 
- delvis av frykt for å forsove meg. 
For eg måtte rekke båten kl.8 for å rekke deg eg skulle i dag.


For i dag reiste eg altså nordover.
Ulsteinvik og Ungdommens Kyrkjemøte var destinasjonen.
Det vart ein gyngande tur.


Sjøsprøyten stod, og andre erfarte litt anna sprøyt utan at eg treng å utdjupe det.
Og eg kjende på at eg var kanskje ikkje heilt i vater eg heller i dag.


Eg likar dårleg at det gyngar. 
I allefall når det gyngar såpass som det periodevis gjorde i dag.


Men det vart no nokre fine bilder av det.
Og eg kom meg til Selje.


I Selje stod mamma og søsteren og venta på meg med ein bil. 
Og så bar det vidare på landevegen. 
Det gynga jammen bra der og - for vinden tok bra.
Og du verden kor det regna!


Og bilen til pappa lek
Noko som eg brått fekk erfare i ein undersjøisk tunnel. 
DÈT definerar eg som skummelt!

Eg gyngar fortsatt - så eg trur eg snart må gynge meg til sengs.
God helg! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar