onsdag 5. oktober 2011

Trur du på kjærleiken?


Eg har ein del vener som tek store val for tida. Som vel å satse på kvarandre. Og eg syns det er så kjekt! Kjærleik er vakkert! Og eg har gått og tenkt på det. For er det litt enkelt å seie det slik? Kva er eigentleg kjærleik?

Er det sommarfuglar i magen og varme følelsar, for ikkje å snakke om varme blikk? Er det lykkefølelsen, spenninga og gleda over at andre er til - eller er det noko meir? Eg syns det er vanskeleg å tru på ein kjærleik som skal bygge på mitt følelsesliv. Kan det vere noko anna?



Då eg var i Roma fekk eg plutseleg tekstmelding om at pappa var lagt inn på sjukehus, og etterkvart fekk eg melding om at det var hjartet det var noko gale med. Det var eit år sidan tanta mi døydde i helga. Og det er snart eit år sidan mamma vart send til Haukeland i kritisk tilstand. Eg kjende panikken rive i kroppen. Det var plutselig langt frå Roma til Bergen. 

Det gjekk heldigvis bra denne gongen og. Men eg såg på mamma og pappa, og tenker dei har levd i lag i snart 50 år. Det er noko eg aldri kjem til å oppleve. Dei valgte å satse på kvarandre - å love kvarandre å halde saman i gode og vonde dagar. Og dei har holdt seg til dette valet - sjølv om det garantert har vore dagar der dei har hatt mest lyst å gløyme heile løftet. Eg beundrar at dei har våga å ta dette valet. 
Eg beundrar dei som vågar å ta det - og som kjempar for å halde det.



Slik eg ser det, i mitt enkle hovud, så handlar kjærleiken forbausande lite om følelsar. Eg trur det handlar mest om valg. Valget å elske - valget å bry seg - valget å kjempe for den eller dei andre. (det hjelper sjølvsagt om ein føler noko og ;) )

Og kjærleik handlar ikkje berre om ekteskap og evig forplikting. Det handlar om valga vi gjer i kvardagen vår - i forhold til menneska rundt oss.


 


Eg syns 1.Kor. 13 seier det så fint. 

Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 
Om eg har profetisk gåve
og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingenting

Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då har eg ingenting vunne.

Kjærleiken er tolmodig,
kjærleiken er velvillig, 
misunner ikkje,
skryter ikkje,
er ikkje hovmodig.

Kjærleiken krenkjer ikkje, 
søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, 
gøymer ikkje på det vonde.

Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut,
alt trur han,
alt vonar han 
alt toler han.


Kjærleiken tek aldri slutt.


Kan eg virkelig tru at kjærleiken aldri tek slutt, i ei verd der vi til stadighet opplever at menneske går i frå kvarandre med vonde følelsar? Kan vi tru at det går an når menneske stadig sviktar? Når menneske viser seg frå si mest ondskapsfulle side?



Eg trur det handlar om å velge nokon andre framfor deg sjølv. Det er ein bodskap som lett druknar i all "fordi eg fortjenar det"-mentaliteten vi har i dag. Eg er glad for alle vennane mine som gjer dei store valga. Eg er glad for at mine foreldre gjorde valget. Eg trur vi alle treng å gjere dette som mange små valg også. Så eg avsluttar med siste del av kapittel 13:

Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå. 
For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 
Men når det fullkomne kjem, 
skal det som er stykkevis, ta ende. 
Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege. 
No ser vi i ein spegel, i ei gåte,
men då skal vi sjå andlet til andlet. 
No skjønar eg stykkevis, 
men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.





1 kommentar:

  1. Så vakkert og godt reflektert venen!
    Store val ein må ta i kvardagen både når ein er åleine el i eit forhold. Takk for gode ord - tek dei med meg i utfordringar og gleder!!!

    SvarSlett