lørdag 8. oktober 2011

Utanfor

Eg er for tida på Ungdommens kirkemøte (UKM) i Ulsteinvik. Det er rimelig politisk, men ganske spennande faktisk. Dei som er her har så utruleg masse bra å komme med - og dei blir lytta til. Men dei ga meg ei lita andakt i dag tidleg..
Utsikt frå Ulsteinvik ein haustkveld i fjor.
For eg har familie i Volda, knappe 30 minutt unna. Så eg valgte å sove der denne helga. Det gav då følgande resultat: Eg kom til Sunnmøre Folkehøgsskule kl.08.05 i dag tidlig. Der kom eg til stengd dør.

Låsen var på innsida..
Eg stod utanfor i regnet, riktignok under tak, og såg folk gjekk forbi på vei til frokost. Eg banka på, nokre snudde seg til og med og såg rett på meg (ja, der er glasdør), men dei hasta vidare utan å prøve å sleppe meg inn.  

Mine behov er viktigst?

Eg hadde ansvar for fyrste samlinga, kl.08.30, og 08.15 fann eg ut at det kom ikkje til å kommme nokon som sleppte meg inn. Så eg gjekk ut i regnet, rundt huset og fann matsalen. Der oppnådde eg kontakt med ei som kom og låste opp døra i matsalen, slik at eg kom inn.
Litt seinare oppdaga eg at denne jenta er døv. Ho var den einaste i matsalen som ikkje kunne høyre at eg banka på.



Er det slik i våre vennegjengar og fellesskap av ulike karakterar? Er vi mest opptatt av å tilfredstille våre egne behov, og overser dei som ikkje er på innsida, og som står ute i regnet? 

Det er hyggelegare inne når det regnar ute..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar