Viser innlegg med etiketten Liv i det seriøse hjørnet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Liv i det seriøse hjørnet. Vis alle innlegg

tirsdag 17. april 2012

Perspektiv

Eg var i Balestrand på torsdag.
Fyrste gongen eg var der var eg 13-14 år, og på øvingshelg med det som den gongen var Sogn og Fjordane Fylkesungdomskor. Det eg hugsar best frå den helga er at følte meg så inderlig innesperra mellom alle fjella.


Slik var det ikkje denne gongen. Og det har gjort at eg har gått og grubla litt på dette med perspektiv og perspektivendring. For eg kom frå Stadt, var van med det åpne havet som utsikt, og sjølv om fjella er høge nok på Stadt, så er dei ikkje SÅ høge som dei er i Sogn. Høgaste fjellet i Selje kommune er  Kvamfjellet med sine 774 m.o.h.. Det er ikkje så mykje å skilte med mot Ryssenipa sine 1685 m.o.h. og alle dei andre toppane i Indre Sogn som strekker seg endå høgare.

Ikkje akkurat prega av høgfjella, utsikta heimefra.

Mitt verdsbilete som 14 åring er ikkje det same som no. Eg har gjort nokre erfaingar i løpet av dei siste 20 åra som gjer at dei høge fjelltoppane og faktumet at det ikkje finns ope hav rett framfor meg, ikkje betyr at eg er innesteng.

Eg har definitivt forandra meg i løpet av åra..
i likhet med mitt syn på verda.

Dette er ikkje einaste perspektiva i livet som har endra seg. Det er noko med at når vi får ein ny vinkel på ting, så blir perspektivet vårt endra. Som tenåring var eg, som dei fleste tenåringar, veldig svart-kvitt i tankegangen. Ofte med adopterte meiningar, enten frå foreldra mine, søskena mine eller andre som eg såg opp til. Så skjedde noko som knuste illusjonen om at disse meiningane var rette, eller som bekrefta dei. Og slik begynte mine eigne meiningar å ta form.

ansikt eller vase? Og sjå teksten over: i den gamle utgava var det grøne
feltet blått, det har endra seg - men orda og tanken heng igjen...

Fasader som såg så perfekte ut, som var idealet, slo sprekker og avslørte grums som ikkje var så ideelt. Mange prinsipp, etiske spørsmål og ting som på papiret såg så enkelt ut, var det plutselig ikkje når "problemet" fekk eit ansikt - som eg gjerne var glad i. Og nokre gonger var det det som såg så stakkarsleg ut, som ikkje hadde noko som var tiltrekkande ved seg, som plutselig strålte opp.
Etterkvart som tida har gått har meiningane mine, tankane om ting, vorte meir nyanserte. Eg ser livet i fargar, nokre gongar i klare, sterke fargar - men andre gonger er det meir duse, glidande overgangar. Eg har lært at sjølv om eg har får ein oppleving av at no har eg funne ut kva som er rett, så kan dette fort endre seg.

Mykje kan endre innhald når det kjem fram i lyset..

På mange måtar kan ein seie at livet er som ein diamant, som har mange falsettar, og det vil lyse ulikt alt etter korleis lyset fell på den. Nokre gonger er det menneske som vrir diamanten slik at den strålar på ein heilt annan måte enn du trudde var mulig, andre gonger er det valg du gjer - og konsekvensane av det som enten får den til å stråle eller å miste lys. Begge deler gir nytt perspektiv.
Og jo fleire gongar du opplever dette, jo meir forsiktig blir du med å vere bastant. For så lenge det er liv, er det mulig at ting endrar seg.


Eg trur erfaringane og haldningane våre gjer noko med korleis vi handterer diamanten. Eg trur mykje handlar om val. Dersom eg vel å la noko hemme meg, så vil det det. Dersom eg fokuserer på alt eg ikkje har, så vil livet mitt sjå stakkarsleg og tomt ut. Dersom eg fokuserer på det eg har, så har eg uendeleg mykje å glede meg over! Eg kan velge å la problema leve sitt eige liv, eller eg kan ta tak i dei og gjere noko med det.

Vi treng å få sjå litt av verden for å endre perspektiv

Eg vil påstå at perspektivendring er sunt. Dersom det kun er eine sida av ein mange kanta ting du ser, så vil du ikkje ha ei formeining om kva det er. Dei var ikkje dumme dei som trudde at jorda var flat - dei hadde berre ikkje fått sett ting i eit anna perspektiv enn det dei kunne sjå med det blotte auget.


Balestrand er egentlig ein open plass i forhold til mange av dei andre plassane innover i Sognefjorden. Vakkert er der og. Eg trengde berre 20 år for å få endra perspektiva mine slik at eg kunne sjå det.

søndag 8. april 2012

Don't cry!

I dag er dagen vi feirar at døden tapte.
I dag er dagen vi feirar fundamentet i det eg trur på.
I dag er dagen då Maria fortvila og tårevåt
møtte han ho trudde var gartnaren, 
men det var den Oppstadne som møtte ho, 
og det gjorde han med å seie henne kven ho var
- ved å fotelle henne namnet hennar -
og all hennar tilbeding og kjærleik blei oppsummert i eitt ord:
"Meister!"


Det er ein dag som er vanskeleg å uttrykke med ord,
for alle orda har på ein måte vorte brukt før.
Likevel blir innhaldet aldri gammalt.
Så eg lar Kirk Franklin, hans fantastiske kordame Nikki Ross
 og Samuel Ljungblahd oppsummere det,
på ein heilt fantastisk måte:


lørdag 7. april 2012

Good Friday!

I går var det langfredag. 
Den nest mest dramatiske dagen i påska.
Pisking, tornekrone, fornedring, krossfesting og død.
Det er ikkje mange hollywoodfilmar som greier 
å skape ein slik dramatikk.
Og det er ein dag der det ofte blir fokus på det som er mørkt og tungt.

I Vangen kyrkje (Aurland) 
Krossfestinga har vore eit motiv s
om har fengsla kunstnarar i 2000 år. 
Det er ikkje mange av dei store kunstnarane 
som ikkje har mala eller laga eit slik motiv.

kapellet i stiftsgården i Trondheim
Det er eit motiv med mykje smerte, 
sjølv om mange har laga det veldig blodfattigt og uskuldig.
Det er ingen tvil om at denne dagen kosta Vår Herre mykje. 
Det er ingen tvil om at denne dagen var lang for Han som bar smerten!

Hos Paven
Men dette er også dagen 
som mange i den engelsktalande delen av verda kallar Good Friday. 
Og for oss er det virkelig ein god fredag -
for dette er dagen då forhenget i tempelet revna 
og vegen inn i det aller helligste vart åpna
- for oss alle!
Dette er dagen då evigheta vart tilgjengeleg!

Frå Farnes kyrkje (Øvre Årdal)
I år har langfredag blitt good friday for min del.
Det har vorte ein dag full av nåde
ein dag full av kjærleik
ein dag for tilbeding og ærefrykt
ein dag der eg kan få løfte blikket til Himmelen
og takke!
Og påskedramaet sluttar ikkje denne dagen,
hadde det gjort det hadde det vore lite å glede seg over på langfredag.
Så eg lar Take 6 fortelle resten av historia på ein litt annerleis måte.

fredag 6. april 2012

brød og vin

Eg var i kyrkja i dag.
Og haurde presten preike om påskemåltidet.
Om Jesu behov for fellesskap,
om kor viktig dette var for han
i timane før han måtte gå inn i einsemda.

Frå altertavla i kykja på Leikong

Uten påska hadde eg ikkje hatt noko å tru på.
Eg trur på det evangelia fortel, men treng ofte å minne meg sjølv på det.
Eg vil ikkje at det skal drukne i alle andre festlige aktivitetar som påska kan bringe med seg.
Då er det godt å kunne gå i kyrkja,
og få oppleve litt av fellesskapet rundt nattverdbordet.
Så for å oppsummere dagen, lar eg Erik Hillestad sette ord på det:


Før sløret for mine øyne ska falla av som skjell,
mens tågen vente på vinden står någe fast som fjell:
Et brød og litt vin på et bord, et navn og enfoldige ord
Mennesker skulder ved skulder i bønn og arbeid for fred på Guds jord

Å, Jesus, der begynne din himmel,ditt gull blant juggel og kram
Det voktes av ivrige fromme. Dit trenge eg meg fram
Om någen av disse som tror tør sei at min synd e for stor,
vise eg stolt te ditt liv og din død og kreve min plass ved ditt bord




Før sløret for mine øyne ska falla av som skjell,
mens tågen vente på vindenstår någe fast som fjell

tirsdag 20. mars 2012

Når hjertet startar å slå

Eg har lest ein del innlegg i abortdebatten i det siste.
Eg syns abortspørsmålet er vanskelig, fordi eg kjenner menneske som har tatt valget og eg forstår kvifor dei gjorde det, og har ingen rett til å dømme nokon. 



Av og til når vi ser eit raudt lys er det fordi vi treng å stoppe opp..
Tenk om alle blomster hadde vore like! 
Kva er eit menneske?

I helga leste eg om eit par som opplevde å få beskjed om at barnet dei venta hadde Downs syndrom. Etterkvart fekk dei og beskjed om at barnet hadde ei sjelden dverg-lidelse som gjorde at barnet ikkje kom til å leve lenge. Dei ville ikkje ta fostervannsprøver og heller ikkje abort. Dette møtte dei inga forståing for.
Då barnet kom var det ein frisk liten gut, uten verken den eine eller den andre diagnosa.




Det har kome fram mange historier i det siste om kvinner som opplever at dei blir pressa fordi dei som møter dei i helsevesenet ikkje forstår at dei vil bere fram barnet uansett.
I Norge har vi fridom til å velge. Men eg har begynt å lure på om dette stemmer.
For det er ikkje berre kvinnene som står fram i media som har opplevd å få presentert abort som einaste alternativ. Skal ikkje legar og anna helsepersonell legge fram valgmulighetene, og så får du velge sjølv?
(Og eg er klar over at mange i helsevesenet gjer nettopp det, men det blir stadig mindre fokus på andre alternativ enn abort når noko ikkje stemmer.)




I Norge har vi ei abortgrense på 12 veker - fordi etter 12 veker er ikkje ein abort lenger berre eit enkelt inngrep. Men du kan søke om å få ta abort opp til veke 18. Barn født så tidlig som i veke 23 har overlevd.


Mange har ei forståing av at eit foster ikkje er eit menneske. Eg leste ein som uttrykte følgande i ein kommentar på artikkel i BT: "Nå snakker vi strengt tatt ikke om et barn, men en samling av celler som ikke har verken ønsker eller vilje" Dette var ei setning som gjorde vondt langt inn i meg.



I starten av veke 6 i svangerskapet, rundt dag 25, startar hjertet å slå. Dette har cellene arbeidd saman for å få til. Det er ufatteleg stort at dette er mulig. Ingen av oss kan forstå korleis dette er mulig - sjølv om ein kan fortelle korleis prosessen er. Dette er større enn oss.


I løpet av livet mitt har eg møtt mange som har "lidingar" som gjev grunnlag for at legar tilrår abort. Og eg har prøvd å tenke meg livet mitt uten Sveinung, den glade guten med briller og Down syndrom, eller Bjørnar som var super trommeslager men med eit kromoson for masse, eller Arild, fødd med ein hjerneskade, som fungerte ypperlig som vaktmesterassistent og var ein gledesspreder av dei sjeldne. Eg har tenkt på dei eg kjenner som har fått barn med spesielle utfordringar. Eg veit at mange av dei kan fortelle om dagar som har vore svarte som natta, om svette, blodslit og mange, mange tårer. Men dei kan og fortelle om glede og latter, og eg har enno ikkje høyrt nokon av dei seie at dei skulle ønske dei ikkje fekk sonen eller dottera.




Og eg sit igjen med mange spørsmål i forhold til haldninga som til stadighet kjem fram;
Kvar går grensa? Kven er god nok til å få leve - og kven er det ikkje? Kva er egentlig eit menneske? Og så lurer eg på: Dersom eg hadde vore eit foster i dag - hadde eg då hatt livets rett?









søndag 18. mars 2012

Identitet

Kven er eg?


Dette spørsmålet har eg gått og tenkt på den siste tida.
Eg har i grunnen tenkt på det lenge.
Fundert på kva som skaper identiteten min.


Vi lever i eit skjermbasert samfunn.
Alt skjer på nett,
og det er viktig å dokumentere alt vi har opplevd.
Ofte virkar det for at det kan vere viktigare å oppdatere statusen på Facebook 
slik at alle ser kor gøy vi har det, 
enn å vere tilstades i virkeligheta.

Det er viktigare kva sko du har, enn om skoa passar....

Vi møter eit ideal i forhold til kven vi burde vere,
reklamen fortel om kva vi fortjenar, 
serier fortel kva som er in og kva som ikkje er det,
kva du eig og kva du har opplevd definerer kven du er,
kven og kva du omgir deg med, fortel kor mykje du er verd.
Vi må heile tida følge med, og redefinere oss sjølv.


Standarden for kven vi bør vere
blir satt av noko som ikkje er virkelig,
men som er laga for at vi skal ønske oss det.
Og det blir stadig vanskeligare å skille 
mellom kva som er viktig og kva som ikke er det,
og mellom kva som er sant og kva som er usant.
Og med ein gong nyheta har blitt kald
treng vi ei ny dose for å føle oss inkludert.

Det er ikkje lett å sjå klart når alt skifter så fort..
Vi jagar alltid etter lykke,
leitar etter tifredstillelse,
søker etter kjærleik,
håpar at nokon vil sjå oss...


Kanskje må vi speile oss i noko
som har meir konsistens,
noko som er sannare og meir ekte
enn det som møter oss 
gjennom skjermen på iPhonen, Macen, pc-en og tv-en?

Speglbildet av virkeligheten kan vere vakkert å sjå på,
men du kjem det ikkje opp av vatnet ved å trå i det som speglar seg i vassflata.

For verken kle, sko, sminke eller mineralvann
blir vesentlig når livet raknar.
Når ulykka hender,
når utfordringane vert for store, 
når natta blir mørkare enn nokon gong før
og ein må leite lenge etter stjernene.
Når google maps eller gule sider ikkje kan hjelpe oss å finne vegen,
kven skal vi då ty til?



Eg trur vi treng noko og nokon utanfor oss sjølve
å forankre identiteten vår i.
Nokon som er der 
når alle andre sviktar.
Noko som gjev meir meining i livet
enn det som matrialistsamfunnet fortel oss at vi treng.

Du er unik

Eg veit eg er heldig;
eg er trygg på at eg er elska
eg er trygg på at uansett kor i utakt med trender eg måtte vere
så er min identitet uløyseleg knytta til at eg er skapt og ønska
av Han som held universet oppe.
Det er faktisk bedre 
enn noko av det som kjem ut av skjermane mine,
likevel er det så lett å gløyme...

Om mitt sjølvbilde er aldri så skrukkete
så er eg likevel elska!

fredag 2. mars 2012

Med dine auge

I kveld har eg vore på sosialkveld i Seraf.
Ein spennande kveld der vi snakka om mykje som opptek oss.
Eg diggar folka i Seraf 
og eg diggar samtaler som kan ta opp alt,
der det er lov å tenke ulikt og likevel ha full respekt for kvarandre.

Vi var ikkje like mange, og like oppdressa i dag - men like flotte for det! ;)
Det er altfor mange plassar ein må passe seg for å kva ein kan seie.
Altfor mange plassar der ein skal passe inn i eit mønster.
Altfor mange plassar der usagde reglar bind kva vi kan eller ikkje kan gjere.
Og vi blir meir opptatt av kva som er rett å meine,
enn det å elske kvarandre og bygge kvarandre opp.


Den siste veka har eg gått og kjent på menneskefrykta.
Frykta for det ukjende - det utrygge.
Frykt for å gå på tryne, for å bry meg "for masse", 
for å blande meg inn i ting som eg ikkje har noko med, 
frykt for å stille spørsmålet eg ikkje veit svaret på 
 - sjølv om hjertet mitt ropar om at eg bør våge å bry meg..
Så eg vart sittande og tenke på ein sang - eller ei bønn - som Sølvi Hopland har laga, 
og som på eit fantastisk vis formulerer kva eg egentlig ønsker - og treng mot til å våge.


Herre, gje meg dine auge
så eg ser når andre har det vondt.
Herre, gje meg dine auge
så at eg kan skimte smerte gjennom smil

Herre, gje meg dine øyre
så eg høyrer hjertets stille gråt.
Herre, gje meg dine øyre 
så at eg kan høyre tause rop om hjelp.

Herre, gje meg din munn
som seier ord som gleder.
Ord til oppmuntring,
ord til trøyst,
ord som gjev håp.


Herre gje meg dine hender
som alltid mot alle er strakt ut.
Som klappar ei nedtyngd skulder,
som stryk bort ei tåre, som gir og tar imot.

Herre, gje meg av ditt hjerte
så eg lir med menneske som lir,
så eg gler meg med dei glade, 
så at eg kan elske slik som du.



Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
(Joh. 1.5)

onsdag 22. februar 2012

Faste

Atlterpartiet i Landås kirke. 
 I dag startar fasten.
Askeonsdag.
Det er 40 dagar til påske.
40 dagar til fridagar.
40 dagar til familieliv, ski, sol og kvikklunsj for mange.
Søndag var det fastelavenssøndag, 
mandag var det blåmandag,
og i går var det feitetysdag.
Sjølv om blåmandag egentlig har fått namnet etter det liturgiske kledet på alteret, 
(som mange kyrkjer i middelalderen ikkje hadde råd til å farge i fasta sin farge, fiolett 
- og som difor var blått, og denne mandagen skifta kyrkja farge til fasta sin farge.) 
så handlar disse tre dagane om å førebu seg på å svelte i nokre veker..


Men kva er fasten egentlig?
For oss nordmenn er det mest kjent at i Islam har dei det i ein månad med faste, Ramadan.
Og kanskje har vi høyrt om at i Jødedommen har dei Jom Kippúr, som er ein fastedag - forsoningsdagen.
Du finn faste i dei aller, aller fleste religionar på eitt eller anna vis.
Det handlar om fokus. disiplin, tilbeding, offer og bot.
I nokre religionar handlar dette om å frigjere seg frå kroppen for å oppnå høgare åndelighet,
i nokre handlar det om bevisstgjering, medan for andre er det fokus på Gud som er tingen.

Den kristne fasten er nok mest det siste.
Det finnes dei som praktiserer det som ei skikkelig mat-faste.
Men i min barndom handla fasten om kirkens nødhjelp sin fasteaksjon,
å ha ei pappbøsse som ein putta pengar på og tok med i kyrkja for å hjelpe svoltne barn i afrika.
Dei siste 5-10 åra har det vorte meir og meir populært å faste frå ting.
F.eks. å kutte ut tv-en, eller facebook, eller andre liknande ting.

Eg fekk så vakre blomster frå mamma og pappa i går!
Det går mot vår, sjå: alt det vakre rundt oss spirar fram! 
Eg trur faste er ein god ting. 
Spesielt trur eg det er sunt for oss som har det så inderlig godt
å faste frå ting som tek fokuset vekk frå alt det vakre vi har i liva våre.
Ting som gjer oss til isolerte identitetar som trur vi har all makt.

I jula forsvann både internett, telefon, tv, straum og vatten heime på Stadt. 
Riktignok var straum og vatten ca på plass igjen etter litt over eit døgn,
men det var likevel noko veldig frigjerande med å ikkje ha tilgang på resten av verda.
Det var noko veldig godt med å sitte i stova med levande lys
og virkelig prate med dei ein har rundt seg.
Og det var noko virkelig skremmande med å sjå kor avhengig ein har blitt av alle duppedingsar.

Dette bildet har eg over dataen på jobb. (sitat: Jim Rohn)
Eg har fasta frå ulike ting tidligare.
Det er ikkje enkelt. Spesielt ikkje fyrste dagane.
I år har eg eit prosjekt. 
Ein deal mellom meg og Vår Herre i fastetida.
For meg handlar denne fastetida
om å gi takk til Han som har skapt alt
og gitt alt.
Kanskje det er noko å gjere for deg og?
Det er jo berre 40 dagar! ;)

tirsdag 21. februar 2012

Spiseforstyrra

Eg spurde mor mi, som har rimelig god peilig på  det norske språk, om kva spiseforstyrrelse er på nynorsk. Ho svarte: "På nynorsk et vi til vi er mette, så det finns ikkje!"
Egentlig er det eit saltande godt svar - bortsett frå at det ikkje er rett.


Den siste tida har eg sett fleire reporasjer om fedmeepedemien vi har framfor oss i Norge. Eg har høyrt ekspertane uttale seg, om korleis foreldre, skule og andre har svikta born som er overvektige. Og eg har høyrt om alle løysingane, som stort sett går ut på det same: reduser matinntaket - eller magesekken. Det er så såre enkelt, og så ytterst stigmatiserande. Er du tjukk er det fordi du et for masse.


Og eit blogginnlegg, som sit veldig langt inne for meg, vart plutselig viktig å skrive. Mest for min eigen del. Fordi eg treng å sette ord på det, både for meg sjølv og for andre.

Eg har tenkt på det sidan eg såg eit intervju med Whitney Houston der ho snakka om rusmisbruket sitt. Eller rettare sagt, bortforklarte det på ein måte som berre ein rusmisbrukar kan gjere. Og eg satt her så prektig og tenkte: "å bortforklare slik skadar berre deg sjølv!" Dagen etter stod eg på jobb og innsåg plutselig at eg gjer akkurat det samme - ikkje om pillar og rus, men om mitt forhold til mat.


Eg har ein spiseforstyrrelse. Det har tatt meg 15 år å bruke ordet. 15 år sidan orda "mistanke om Anorexia" vart skrive i papira mine frå helsetenesta på Blindern i brevet til sjukehuset på Nordfjordeid.. I meir enn 15 år har eg brukt mat for å halde kontroll på følelsane mine. Ikkje ved å ete til eg sprekk, eller kastar opp. Men ved å la være å ete. Ikkje akkurat det ein forventar seg av ei på min størrelse.


Til vanskelegare eg syns det er å takle følelsane eg har, jo enklare er det å droppe måltida. Då har eg kontroll, for noko anna tek fokus. Og etterkvart handlar det ikkje om å dempe følelsar, men du havnar i ein vond sirkel. Og i motsetning til andre som har denne type lidelse, så har ikkje kroppen min forstått at når den ikkje får næringa den treng - så skal kiloa renne av. Min kropp gjer det motsatte: den lagrar! Eg trur det må vere restane av sunnmørsgenene som slår ut her..

På dette bildet er eg ca.10 år. Ikkje tynn, men heller ikkje merkverdig tjukk
Kva som er grunnen til dette er det ingen som kan svare meg på. Men kanskje er det at eg sidan eg var 12 år har forsøkt alle vidunderkurar som har vore på markedet. Noko eg kanskje ikkje hadde gjort dersom legen min hadde latt være å henge seg opp i at 12 åringen som var på helsekontroll var 65 kg - noko som er ca 5 kg for mykje i forhold til mine 163 cm.
Han anbefalte kuren "mett og lett" - ingen visste då kva som var konsekvensen av slike pulverkurar.

Skulebildet i 9.klasse, då var eg 15 år.

5 kg forsvann saman med lysten på mat med jordbærsmak- men då eg skada meg litt seinare på året, og vart sittande i ein sofa etter ein operasjon i ein fot, så kom dei fort tilbake - med renter. Då var det plutselig ikkje lenger 5 kg, men 20. Og kampen var i gang. Liv-Helga vs vekta. Nutrilett, Camebrige, vanlige rensekurar, blodtypediett, noko sære analysegreier,  Grete Roede, slankepiller - you name it, I've probably tried it!
Og kvar gong har rentene vore litt større enn tapet.


Eg har aldri vore trygg på kroppen min. I motsetning til mine søsken var eg alltid litt lubben. Noko som folk var flinke å påpeike. Eg vart aldri mobba, men fekk høyre at eg hadde lagt på meg, eller at no måtte eg passe vekta. Av ein eller annan merkelig grunn trur mange at ein ikkje er klar over at ein har nokre kilo for masse på kroppen. Eg er ganske smart, så eg hadde no ei viss formeining om korleis landet låg. Likvel fekk eg råd frå både lærarar, lege, helsesøster og andre velmeinande folk om at eg måtte passe på kva eg åt, kva tid eg åt og kor mykje eg åt. Eg opplevde ofte at folk talte i meg tuggene - og nærmast førte rekneskap med kvar bit eg tok. Du kan seie at sjølv om eg aldri vart mobba, så fekk eg min del.

Det aller vondaste var at nokon, utan å ville meg noko vondt, kalte meg "fleskeberget" ved fleire anledningar. Då det skjedde var det meint som uskuldig moro, det ser eg i ettertid. Men det føltes ikkje slik. Eg er heilt sikker på at vedkommande ikkje ville skade meg på nokon måte, det var berre vitløyse, men det er definitivt den tiltalen eg aldri vil greie å gløyme, same kor mykje eg prøvar. Eg har ingen nag til dette mennesket - men eg hatar ordet. For dette ordet fekk definere meg frå barndommen av. Eg trur det fekk ei makt over meg som eg aldri har greidd å fri meg frå.


Og då eg ein vårdag i det Herrens år 1997 opplevde at ein god venn mista mor si i ei trafikkulykke, same dag som vi hadde spøka om bilkøyringa til familien ved middagsbordet, starta kampen mot maten for fullt. Eg var fullstendig klar over at eg hadde fått meg eit problem, men eg greidde berre ikkje å gå inn i matsalen for å ete. Og det er ein vond spiral det der, når du sluttar å ete blir du slapp og kvalm, og får gjerne vondt i hovudet. Og då orkar du i allefall ikkje å ete.



Til å begynne med drakk eg cola for å få i meg litt næring, men gjekk over på kaffe etter ei stund. Eg greidde jo å få i meg litt, kanskje eitt måltid om dag. Det var jo noko! Kanskje er det grunnen til at kroppen lagrar det den får? Nokre år seinare vart eg med ei venninne på Grete Roede-kurs. No skulle eg få orden på kroppen. Det var ei sjokkoppleving. Medan mine med-kursdeltakarar fortalde om kampen om å komme seg ned på 1400 kalorier for dag(som var det ideelle), var min oppdagelse at det var ein kamp å komme seg over 900.


Eg trur det var då eg forstod at legen på Blindern kanskje hadde vore inne på noko. Anorexia var kanskje drøyt, men at det var noko gale med matinntaket på ein annan måte enn eg hadde trudd blei klart for meg. Og eg tok opp kampen. Kampen for å ete. Og å ete sunt.  Det gjekk bra ei stund, og så skjedde det noko som var vanskeleg å takle. Og alle gode forsett forsvann ut av vindauget. Min reaksjon var å slutte å ete. Men denne gongen var eg ikkje like bevisst på det. Det berre skjedde.

Åra gjekk og vektnåla peika meir og meir opp, så eg prøvde meg på Fedon sine greier. Då gjekk eg jo til lege og fekk oppfølging (og fekk betale for det). Men nok ein gong møtte eg dette pulveret - som ikkje var nokon kunst for meg å ete. Eg slapp å forholde meg til mat - og plutselig ein dag innsåg eg at no var eg virkelig ute å køyre. Eg greidde plutselig ikkje tanken på å ete skikkelig mat. Eg fortalde det til legen og då vart det brått slutt på all pulvertilgang!

Eg har etterkvart greidd å fortrenge at eg ikkje bør bruke bikini.. ;)

Effekten lot ikkje vente på seg, som alle andre gongar kom kiloa snikande tilbake. For når eg ikkje hadde pulveret fekk kroppen ikkje sine 5 doser for dag lenger, men var heldig om den fikk ein yoghurt og ei banan til lunsj.

Så kom cøliakidiagnosa, og gjorde livet så mykje enklare. Kanskje kom noko av kvalmen på grunn av brødet som eg til stadig prøvde å ete? Eg jobba beinhardt med å halde styr på måltida, og kiloa forsvann - sakte, men dei forsvann. Eg hadde energi og var masse i bevegelse. Og så var det ein som kom litt for nær, som begynte å fleipe med at eg var så voldsom på dette med maten, og eg, mitt dumme naut, tenkte at eg skulle greie alt sjølv, eg skulle slutte å fokusere på å få i meg måltida - og plutselig var alt heilt på styr igjen. Gamle mønster var på plass og vekta steig.

For eit år sidan fann eg ut at det var nok. Eg spurde om hjelp. Eg veit at eg ligg i kategorien for helseskadelig fedme. Eg veit at kvar dag med denne vekta fører meg kjappare i grava. Eg veit at problemet ligg i psyken. Så eg begynte å gå til psykolog for å få bukt med det.
Eitt heilt år brukte han på å lirke ut av meg setninga "Eg har ein spiseforstyrrelse". Eg har brukt eit år for å få på plass to måltid: frokost og lunsj. Eg har begynt å få greie rutiner på middag og kveldsmat også, men eg veit at dersom eg ikkje er svært så bevisst så kan dette skli ut igjen.


Eg skriv ikkje dette blogginnlegget for at du skal syns synd på meg. Men fordi eg vil fortelle at fedme ikkje alltid har ein enkel grunn. Eg trur aldri det har ein enkel grunn. Eg trur heller ikkje det har ei enkel løysing, sjølv om mange vil tru det. Eg vil fortelle at alle velmeinande råd og tips om korleis du kan gå ned i vekt, ikkje alltid er like gode som dei er velmeinande. Eg tok til meg at eg skulle kontrollere maten - og begynte å gjere det på ein svært usunn måte.

Og eg må understreke at familien min ikkje kunne gjort noko annerleis, uansett kva ekspertane seier. Dei er ikkje skuld i mine problem. Eg har verdens herlegaste famile, eg elskar dei og dei elskar meg, sjølv om vi både kan ha oppheta diskusjonar og til tider kan ha innslag av crazy alle som ein. Er det nokon eg veit at berre vil meg godt, så er det nettopp disse folka som eg har vore så utruleg heldig å bli født inn i familia til! Dei kunne ikkje gjort meir for meg enn dei allereie har gjort, dei har gjort mykje meir enn dei er klar over - men dei har ikkje fått vore så involvert i den kampen eg har kjempa. Det har vore mitt valg. Eg har vore altfor opptatt av å greie meg sjølv..

Aaall byyy myyyy seeelf.. inga god løsning! 

Og det er litt av problemet mitt - at eg har tenkt at eg skal greie alt sjølv. Det har eg innsett at eg ikkje gjer. Eg skamma meg over at ting er som det er og prøvde å skjule det, bak ei maske av fleiping og sjølvironi. Overlevelsesmekanisme kan ein kalle det. Og det er og ein av grunnane til at eg spelar dette blogginnlegget ut i weben, no veit alle det - og kan forholde seg til det. Eg får den hjelpa eg treng, så det er inga grunn til bekymring. Det er difor eg faktisk kan skrive dette. Eg måtte berre vise litt av det som er bak maska, eg måtte våge å fortelle sanninga - slik at eg ikkje er som ho som bortforklarte dopmisbruket.
Og eg kjem framleis til å vitse med og om meg sjølv - det er faktisk ein del av min natur. :)

Det er kanskje nokon som les dette og innser at dei ikkje er åleine. Nokon som kan kjenne seg igjen i frykta for å ta ein sjokoladebit - for tenk kva alle andre tenker. Eller som kuttar maten for å døyve smerten. Enten du er tynn eller tjukk, dersom du har det slik: Be om hjelp! Det er for vanskeleg å greie det åleine. Det er mi erfaring - og eg veit at vegen eg har igjen å gå ikkje er enkel, men eg trur at endeleg er eg på rett veg. Eg har i allefall tatt dei fyrste skritta i rett retning.