tirsdag 21. februar 2012

Spiseforstyrra

Eg spurde mor mi, som har rimelig god peilig på  det norske språk, om kva spiseforstyrrelse er på nynorsk. Ho svarte: "På nynorsk et vi til vi er mette, så det finns ikkje!"
Egentlig er det eit saltande godt svar - bortsett frå at det ikkje er rett.


Den siste tida har eg sett fleire reporasjer om fedmeepedemien vi har framfor oss i Norge. Eg har høyrt ekspertane uttale seg, om korleis foreldre, skule og andre har svikta born som er overvektige. Og eg har høyrt om alle løysingane, som stort sett går ut på det same: reduser matinntaket - eller magesekken. Det er så såre enkelt, og så ytterst stigmatiserande. Er du tjukk er det fordi du et for masse.


Og eit blogginnlegg, som sit veldig langt inne for meg, vart plutselig viktig å skrive. Mest for min eigen del. Fordi eg treng å sette ord på det, både for meg sjølv og for andre.

Eg har tenkt på det sidan eg såg eit intervju med Whitney Houston der ho snakka om rusmisbruket sitt. Eller rettare sagt, bortforklarte det på ein måte som berre ein rusmisbrukar kan gjere. Og eg satt her så prektig og tenkte: "å bortforklare slik skadar berre deg sjølv!" Dagen etter stod eg på jobb og innsåg plutselig at eg gjer akkurat det samme - ikkje om pillar og rus, men om mitt forhold til mat.


Eg har ein spiseforstyrrelse. Det har tatt meg 15 år å bruke ordet. 15 år sidan orda "mistanke om Anorexia" vart skrive i papira mine frå helsetenesta på Blindern i brevet til sjukehuset på Nordfjordeid.. I meir enn 15 år har eg brukt mat for å halde kontroll på følelsane mine. Ikkje ved å ete til eg sprekk, eller kastar opp. Men ved å la være å ete. Ikkje akkurat det ein forventar seg av ei på min størrelse.


Til vanskelegare eg syns det er å takle følelsane eg har, jo enklare er det å droppe måltida. Då har eg kontroll, for noko anna tek fokus. Og etterkvart handlar det ikkje om å dempe følelsar, men du havnar i ein vond sirkel. Og i motsetning til andre som har denne type lidelse, så har ikkje kroppen min forstått at når den ikkje får næringa den treng - så skal kiloa renne av. Min kropp gjer det motsatte: den lagrar! Eg trur det må vere restane av sunnmørsgenene som slår ut her..

På dette bildet er eg ca.10 år. Ikkje tynn, men heller ikkje merkverdig tjukk
Kva som er grunnen til dette er det ingen som kan svare meg på. Men kanskje er det at eg sidan eg var 12 år har forsøkt alle vidunderkurar som har vore på markedet. Noko eg kanskje ikkje hadde gjort dersom legen min hadde latt være å henge seg opp i at 12 åringen som var på helsekontroll var 65 kg - noko som er ca 5 kg for mykje i forhold til mine 163 cm.
Han anbefalte kuren "mett og lett" - ingen visste då kva som var konsekvensen av slike pulverkurar.

Skulebildet i 9.klasse, då var eg 15 år.

5 kg forsvann saman med lysten på mat med jordbærsmak- men då eg skada meg litt seinare på året, og vart sittande i ein sofa etter ein operasjon i ein fot, så kom dei fort tilbake - med renter. Då var det plutselig ikkje lenger 5 kg, men 20. Og kampen var i gang. Liv-Helga vs vekta. Nutrilett, Camebrige, vanlige rensekurar, blodtypediett, noko sære analysegreier,  Grete Roede, slankepiller - you name it, I've probably tried it!
Og kvar gong har rentene vore litt større enn tapet.


Eg har aldri vore trygg på kroppen min. I motsetning til mine søsken var eg alltid litt lubben. Noko som folk var flinke å påpeike. Eg vart aldri mobba, men fekk høyre at eg hadde lagt på meg, eller at no måtte eg passe vekta. Av ein eller annan merkelig grunn trur mange at ein ikkje er klar over at ein har nokre kilo for masse på kroppen. Eg er ganske smart, så eg hadde no ei viss formeining om korleis landet låg. Likvel fekk eg råd frå både lærarar, lege, helsesøster og andre velmeinande folk om at eg måtte passe på kva eg åt, kva tid eg åt og kor mykje eg åt. Eg opplevde ofte at folk talte i meg tuggene - og nærmast førte rekneskap med kvar bit eg tok. Du kan seie at sjølv om eg aldri vart mobba, så fekk eg min del.

Det aller vondaste var at nokon, utan å ville meg noko vondt, kalte meg "fleskeberget" ved fleire anledningar. Då det skjedde var det meint som uskuldig moro, det ser eg i ettertid. Men det føltes ikkje slik. Eg er heilt sikker på at vedkommande ikkje ville skade meg på nokon måte, det var berre vitløyse, men det er definitivt den tiltalen eg aldri vil greie å gløyme, same kor mykje eg prøvar. Eg har ingen nag til dette mennesket - men eg hatar ordet. For dette ordet fekk definere meg frå barndommen av. Eg trur det fekk ei makt over meg som eg aldri har greidd å fri meg frå.


Og då eg ein vårdag i det Herrens år 1997 opplevde at ein god venn mista mor si i ei trafikkulykke, same dag som vi hadde spøka om bilkøyringa til familien ved middagsbordet, starta kampen mot maten for fullt. Eg var fullstendig klar over at eg hadde fått meg eit problem, men eg greidde berre ikkje å gå inn i matsalen for å ete. Og det er ein vond spiral det der, når du sluttar å ete blir du slapp og kvalm, og får gjerne vondt i hovudet. Og då orkar du i allefall ikkje å ete.



Til å begynne med drakk eg cola for å få i meg litt næring, men gjekk over på kaffe etter ei stund. Eg greidde jo å få i meg litt, kanskje eitt måltid om dag. Det var jo noko! Kanskje er det grunnen til at kroppen lagrar det den får? Nokre år seinare vart eg med ei venninne på Grete Roede-kurs. No skulle eg få orden på kroppen. Det var ei sjokkoppleving. Medan mine med-kursdeltakarar fortalde om kampen om å komme seg ned på 1400 kalorier for dag(som var det ideelle), var min oppdagelse at det var ein kamp å komme seg over 900.


Eg trur det var då eg forstod at legen på Blindern kanskje hadde vore inne på noko. Anorexia var kanskje drøyt, men at det var noko gale med matinntaket på ein annan måte enn eg hadde trudd blei klart for meg. Og eg tok opp kampen. Kampen for å ete. Og å ete sunt.  Det gjekk bra ei stund, og så skjedde det noko som var vanskeleg å takle. Og alle gode forsett forsvann ut av vindauget. Min reaksjon var å slutte å ete. Men denne gongen var eg ikkje like bevisst på det. Det berre skjedde.

Åra gjekk og vektnåla peika meir og meir opp, så eg prøvde meg på Fedon sine greier. Då gjekk eg jo til lege og fekk oppfølging (og fekk betale for det). Men nok ein gong møtte eg dette pulveret - som ikkje var nokon kunst for meg å ete. Eg slapp å forholde meg til mat - og plutselig ein dag innsåg eg at no var eg virkelig ute å køyre. Eg greidde plutselig ikkje tanken på å ete skikkelig mat. Eg fortalde det til legen og då vart det brått slutt på all pulvertilgang!

Eg har etterkvart greidd å fortrenge at eg ikkje bør bruke bikini.. ;)

Effekten lot ikkje vente på seg, som alle andre gongar kom kiloa snikande tilbake. For når eg ikkje hadde pulveret fekk kroppen ikkje sine 5 doser for dag lenger, men var heldig om den fikk ein yoghurt og ei banan til lunsj.

Så kom cøliakidiagnosa, og gjorde livet så mykje enklare. Kanskje kom noko av kvalmen på grunn av brødet som eg til stadig prøvde å ete? Eg jobba beinhardt med å halde styr på måltida, og kiloa forsvann - sakte, men dei forsvann. Eg hadde energi og var masse i bevegelse. Og så var det ein som kom litt for nær, som begynte å fleipe med at eg var så voldsom på dette med maten, og eg, mitt dumme naut, tenkte at eg skulle greie alt sjølv, eg skulle slutte å fokusere på å få i meg måltida - og plutselig var alt heilt på styr igjen. Gamle mønster var på plass og vekta steig.

For eit år sidan fann eg ut at det var nok. Eg spurde om hjelp. Eg veit at eg ligg i kategorien for helseskadelig fedme. Eg veit at kvar dag med denne vekta fører meg kjappare i grava. Eg veit at problemet ligg i psyken. Så eg begynte å gå til psykolog for å få bukt med det.
Eitt heilt år brukte han på å lirke ut av meg setninga "Eg har ein spiseforstyrrelse". Eg har brukt eit år for å få på plass to måltid: frokost og lunsj. Eg har begynt å få greie rutiner på middag og kveldsmat også, men eg veit at dersom eg ikkje er svært så bevisst så kan dette skli ut igjen.


Eg skriv ikkje dette blogginnlegget for at du skal syns synd på meg. Men fordi eg vil fortelle at fedme ikkje alltid har ein enkel grunn. Eg trur aldri det har ein enkel grunn. Eg trur heller ikkje det har ei enkel løysing, sjølv om mange vil tru det. Eg vil fortelle at alle velmeinande råd og tips om korleis du kan gå ned i vekt, ikkje alltid er like gode som dei er velmeinande. Eg tok til meg at eg skulle kontrollere maten - og begynte å gjere det på ein svært usunn måte.

Og eg må understreke at familien min ikkje kunne gjort noko annerleis, uansett kva ekspertane seier. Dei er ikkje skuld i mine problem. Eg har verdens herlegaste famile, eg elskar dei og dei elskar meg, sjølv om vi både kan ha oppheta diskusjonar og til tider kan ha innslag av crazy alle som ein. Er det nokon eg veit at berre vil meg godt, så er det nettopp disse folka som eg har vore så utruleg heldig å bli født inn i familia til! Dei kunne ikkje gjort meir for meg enn dei allereie har gjort, dei har gjort mykje meir enn dei er klar over - men dei har ikkje fått vore så involvert i den kampen eg har kjempa. Det har vore mitt valg. Eg har vore altfor opptatt av å greie meg sjølv..

Aaall byyy myyyy seeelf.. inga god løsning! 

Og det er litt av problemet mitt - at eg har tenkt at eg skal greie alt sjølv. Det har eg innsett at eg ikkje gjer. Eg skamma meg over at ting er som det er og prøvde å skjule det, bak ei maske av fleiping og sjølvironi. Overlevelsesmekanisme kan ein kalle det. Og det er og ein av grunnane til at eg spelar dette blogginnlegget ut i weben, no veit alle det - og kan forholde seg til det. Eg får den hjelpa eg treng, så det er inga grunn til bekymring. Det er difor eg faktisk kan skrive dette. Eg måtte berre vise litt av det som er bak maska, eg måtte våge å fortelle sanninga - slik at eg ikkje er som ho som bortforklarte dopmisbruket.
Og eg kjem framleis til å vitse med og om meg sjølv - det er faktisk ein del av min natur. :)

Det er kanskje nokon som les dette og innser at dei ikkje er åleine. Nokon som kan kjenne seg igjen i frykta for å ta ein sjokoladebit - for tenk kva alle andre tenker. Eller som kuttar maten for å døyve smerten. Enten du er tynn eller tjukk, dersom du har det slik: Be om hjelp! Det er for vanskeleg å greie det åleine. Det er mi erfaring - og eg veit at vegen eg har igjen å gå ikkje er enkel, men eg trur at endeleg er eg på rett veg. Eg har i allefall tatt dei fyrste skritta i rett retning.

6 kommentarer:

  1. Så fint blogginnlegg, Liv Helga. Du er tøff!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Solveig! Det satt langt inne gitt, tok et par dager å få skrevet det..

    SvarSlett
  3. Veldig, veldig bra! Takk for at du deler, tror virkelig dette kan være til hjelp for mange. Stå på!

    SvarSlett
  4. Veldig flott innlegg, Liv Helga! Eg synes du er tøff som tørr skrive så ærleg og oppriktig. kjenne meg igjen i mykje. Veldig glad for at du har fått litt hjelp. No man is an island :)

    SvarSlett
  5. Så tøff du er som kan skrive dette!! Jeg er imponert!

    SvarSlett
  6. Flott innlegg. Kjenner meg igjen i noe av det du skriver og jeg har selv bedt om hjelp og fikk det! Er på veien mot et lettere og bedre liv, men må fokusere hver eneste dag. :)

    SvarSlett