tirsdag 7. februar 2012

Opera og nattog

I går var eg på opera i Grieghallen.


Eg hadde kanskje litt for store forventningar..


Det var ein heilt grei opera, men den greip meg ikkje så masse som eg hadde håpa.


Kanskje var det fordi det var ein komedie?
Det var kjempetøffe kulisser og effekter,
flinke folk og fin musikk,
men historien var ikkje så masse å skryte av.


Men så lenge ein er i godt selskap, så er det kjekt likevel! :)


Etterpå sette eg nasen mot Oslo
på nattog.


Eg må vel berre innsjå at det ikkje er mi greie, 
same kor miljøvennleg det er.
Eg blir så svimmel og søv svært dårleg..
Då er det godt å kome fram, 
og få seg ein skikkelig god frokost på Hotel Opera!:)


Og no er det atter tid for senga,
denne gongen i ei seng som står fast på golvet i ei leilighet på Ensjø.
Meir frå Oslo skal eg sjå om eg fiksar i morgon.
God natt! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar