lørdag 24. mars 2012

No skin det sol..

Når sola kikar fram i Bergen oppdagar ein plutselig at det faktisk bur ca.250.000 her.
Det er ikkje mange sekunda frå solstrålane kjem inn gjennom vindauget før det kryr av folk, 
og i likhet med dei fleste vil heller ikkje eg vere inne når sola skin ute!


Så i staden for husarbeid
bestemte eg meg for å gå ein tur i fjellvegen.
Men skal du ut på tur så er det viktig å ha med riktig niste, 
så eg starta på kaffemisjonen og tok med ein trippe latte.. Mmmm!


Så gjekk eg opp derifrå, noko eg aldri har gjort før,
og som så mange andre motbakkar førte også denne til Fjellveien.

Siste rest av vinter - håpar eg! ;)

Når sola skin er Bergen ein svært vakker landsby! ;)

Og etter to timar på tur, pluss ein god time på ein benk i sola,
kom eg heim - og kan konstantere: Livet er mykje bedre når sola skin!
Så no skal eg kose meg med ein fruktsalat 
før eg skal på Nordfjord-jentekveld i Loddefjord :)

tirsdag 20. mars 2012

Når hjertet startar å slå

Eg har lest ein del innlegg i abortdebatten i det siste.
Eg syns abortspørsmålet er vanskelig, fordi eg kjenner menneske som har tatt valget og eg forstår kvifor dei gjorde det, og har ingen rett til å dømme nokon. 



Av og til når vi ser eit raudt lys er det fordi vi treng å stoppe opp..
Tenk om alle blomster hadde vore like! 
Kva er eit menneske?

I helga leste eg om eit par som opplevde å få beskjed om at barnet dei venta hadde Downs syndrom. Etterkvart fekk dei og beskjed om at barnet hadde ei sjelden dverg-lidelse som gjorde at barnet ikkje kom til å leve lenge. Dei ville ikkje ta fostervannsprøver og heller ikkje abort. Dette møtte dei inga forståing for.
Då barnet kom var det ein frisk liten gut, uten verken den eine eller den andre diagnosa.




Det har kome fram mange historier i det siste om kvinner som opplever at dei blir pressa fordi dei som møter dei i helsevesenet ikkje forstår at dei vil bere fram barnet uansett.
I Norge har vi fridom til å velge. Men eg har begynt å lure på om dette stemmer.
For det er ikkje berre kvinnene som står fram i media som har opplevd å få presentert abort som einaste alternativ. Skal ikkje legar og anna helsepersonell legge fram valgmulighetene, og så får du velge sjølv?
(Og eg er klar over at mange i helsevesenet gjer nettopp det, men det blir stadig mindre fokus på andre alternativ enn abort når noko ikkje stemmer.)




I Norge har vi ei abortgrense på 12 veker - fordi etter 12 veker er ikkje ein abort lenger berre eit enkelt inngrep. Men du kan søke om å få ta abort opp til veke 18. Barn født så tidlig som i veke 23 har overlevd.


Mange har ei forståing av at eit foster ikkje er eit menneske. Eg leste ein som uttrykte følgande i ein kommentar på artikkel i BT: "Nå snakker vi strengt tatt ikke om et barn, men en samling av celler som ikke har verken ønsker eller vilje" Dette var ei setning som gjorde vondt langt inn i meg.



I starten av veke 6 i svangerskapet, rundt dag 25, startar hjertet å slå. Dette har cellene arbeidd saman for å få til. Det er ufatteleg stort at dette er mulig. Ingen av oss kan forstå korleis dette er mulig - sjølv om ein kan fortelle korleis prosessen er. Dette er større enn oss.


I løpet av livet mitt har eg møtt mange som har "lidingar" som gjev grunnlag for at legar tilrår abort. Og eg har prøvd å tenke meg livet mitt uten Sveinung, den glade guten med briller og Down syndrom, eller Bjørnar som var super trommeslager men med eit kromoson for masse, eller Arild, fødd med ein hjerneskade, som fungerte ypperlig som vaktmesterassistent og var ein gledesspreder av dei sjeldne. Eg har tenkt på dei eg kjenner som har fått barn med spesielle utfordringar. Eg veit at mange av dei kan fortelle om dagar som har vore svarte som natta, om svette, blodslit og mange, mange tårer. Men dei kan og fortelle om glede og latter, og eg har enno ikkje høyrt nokon av dei seie at dei skulle ønske dei ikkje fekk sonen eller dottera.




Og eg sit igjen med mange spørsmål i forhold til haldninga som til stadighet kjem fram;
Kvar går grensa? Kven er god nok til å få leve - og kven er det ikkje? Kva er egentlig eit menneske? Og så lurer eg på: Dersom eg hadde vore eit foster i dag - hadde eg då hatt livets rett?









søndag 18. mars 2012

Identitet

Kven er eg?


Dette spørsmålet har eg gått og tenkt på den siste tida.
Eg har i grunnen tenkt på det lenge.
Fundert på kva som skaper identiteten min.


Vi lever i eit skjermbasert samfunn.
Alt skjer på nett,
og det er viktig å dokumentere alt vi har opplevd.
Ofte virkar det for at det kan vere viktigare å oppdatere statusen på Facebook 
slik at alle ser kor gøy vi har det, 
enn å vere tilstades i virkeligheta.

Det er viktigare kva sko du har, enn om skoa passar....

Vi møter eit ideal i forhold til kven vi burde vere,
reklamen fortel om kva vi fortjenar, 
serier fortel kva som er in og kva som ikkje er det,
kva du eig og kva du har opplevd definerer kven du er,
kven og kva du omgir deg med, fortel kor mykje du er verd.
Vi må heile tida følge med, og redefinere oss sjølv.


Standarden for kven vi bør vere
blir satt av noko som ikkje er virkelig,
men som er laga for at vi skal ønske oss det.
Og det blir stadig vanskeligare å skille 
mellom kva som er viktig og kva som ikke er det,
og mellom kva som er sant og kva som er usant.
Og med ein gong nyheta har blitt kald
treng vi ei ny dose for å føle oss inkludert.

Det er ikkje lett å sjå klart når alt skifter så fort..
Vi jagar alltid etter lykke,
leitar etter tifredstillelse,
søker etter kjærleik,
håpar at nokon vil sjå oss...


Kanskje må vi speile oss i noko
som har meir konsistens,
noko som er sannare og meir ekte
enn det som møter oss 
gjennom skjermen på iPhonen, Macen, pc-en og tv-en?

Speglbildet av virkeligheten kan vere vakkert å sjå på,
men du kjem det ikkje opp av vatnet ved å trå i det som speglar seg i vassflata.

For verken kle, sko, sminke eller mineralvann
blir vesentlig når livet raknar.
Når ulykka hender,
når utfordringane vert for store, 
når natta blir mørkare enn nokon gong før
og ein må leite lenge etter stjernene.
Når google maps eller gule sider ikkje kan hjelpe oss å finne vegen,
kven skal vi då ty til?



Eg trur vi treng noko og nokon utanfor oss sjølve
å forankre identiteten vår i.
Nokon som er der 
når alle andre sviktar.
Noko som gjev meir meining i livet
enn det som matrialistsamfunnet fortel oss at vi treng.

Du er unik

Eg veit eg er heldig;
eg er trygg på at eg er elska
eg er trygg på at uansett kor i utakt med trender eg måtte vere
så er min identitet uløyseleg knytta til at eg er skapt og ønska
av Han som held universet oppe.
Det er faktisk bedre 
enn noko av det som kjem ut av skjermane mine,
likevel er det så lett å gløyme...

Om mitt sjølvbilde er aldri så skrukkete
så er eg likevel elska!

onsdag 7. mars 2012

Den vêrsjuke sin guide til kvardagsglede

I dag tidleg vakna eg av regn som piska mot ruta og vind som røska tak i innpakninga av Mariakirken.
Det var ikkje fristande å stå opp for å gå på jobb.



Men det var berre å finne fram bergens-burkaen og kjempe seg fram i kvardagen. 
Eg er av den vêrsjuke typen, så på slike dagar må eg virkelig ta tak i meg sjølv for å tenke positivt. 
Då er det greit å kunne tenke på gledelege ting som for eksempel:

Ein god start i Wordfeud ;)

Popcorn ;)

Nybakt brød :)

blomsterenger :)

Dans :)

På ein slik dag kan ein synke ned i sofaen med både tv og data
uten dårleg samvit ;)

Tanken på at det går mot jordbærsesong! :D

Det er lov å unne seg noko varmt til studiene! ;)

Vakker musikk! :)

Snart er det sesong for peoner! :D

Absolutt ein dag for litt luxus! ;)

Og du ser ikkje dei skitne vindua når sola ikkje skin. ;)

Og det er veldig lov å krype under teppet og nyte ein liten middagslur ;)

Livet har mykje godt å by på, sjølv på ein regnvêrsdag. 

At det går mot sommar hjelper på det meste! :D
Det er berre tre veker til påske 
og det gledar eg meg til.
Då skal eg heim til Stadt
og etterpå er det vår! 

Her havna mange paraplyer i dag som resultat av vinden.
Men lukka er å plassere den der fordi ein ikkje treng den!

søndag 4. mars 2012

Ut av eller bli i komfortsona?

Generelt likar eg nye ting
eg likar utfordringar
og eg meiner seriøst at alt må prøvast før ein seier at ein ikkje likar det.


Men likevel
eg likar meg best når eg har kontroll på det som skjer,
når eg har valgt det - og veit kva eg har valgt.

Og så er det noko som eg trur skjer med alderen,
ein blir meir og meir pysete,
og let's face it: ein blir rett og slett litt lat.
Det er lettare å synke ned i sofaen
enn å presse seg ut på tur,
sjølv om ein veit at ein føler seg så mykje bedre etter ein har vore ute..


Det er lettare å la ting vere som det er
framfor å gjere større eller mindre forandringar,
spesielt hvis forandringa innebærer noko ukjent.
Det er lettare å bli innanfor komfortsona
enn å stige ut av den.
For du veit aldri kva som ventar deg der, 
er det opptur eller nederlag?


Det er vanskeleg å finne ut om ein skal ta sjansen no
eller om tida ikkje er riktig for det.
Kanskje må ein av og til hoppe i det?
Men av og til er det jo også lurt å tenke seg om ein ekstra gong,
ikkje alt toler at ein hoppar på det...


Livet er fullt av små og store valg,
alle får ein eller annen konsekvens.
Nokre valg er vanskelegare enn andre,
nokre får større konsekvensar, 
mens andre knapt er synlege.
Og kanskje kan nokon viktige sjansar gå i frå oss dersom vi ikkje får ut fingern,
og kanskje går vi glipp av den store sjansen om vi ikkje har is i magen..

Ein må jo ut av korga for å oppleve livet, eller...?
Det skal ikkje vere lett, 
dette livet og alle valga det fører med seg.
Skal eg våge meg ut av komfortsona mi
eller skal eg holde meg inne i den?
Eg er jo egentlig ein pose OG sekk person, 
eg vil ha med meg alt. 
Kanskje det er problemet? 
At eg rett og slett ikkje likar å velge?


Eg trur jammen eg må sove på det... ;)


fredag 2. mars 2012

Med dine auge

I kveld har eg vore på sosialkveld i Seraf.
Ein spennande kveld der vi snakka om mykje som opptek oss.
Eg diggar folka i Seraf 
og eg diggar samtaler som kan ta opp alt,
der det er lov å tenke ulikt og likevel ha full respekt for kvarandre.

Vi var ikkje like mange, og like oppdressa i dag - men like flotte for det! ;)
Det er altfor mange plassar ein må passe seg for å kva ein kan seie.
Altfor mange plassar der ein skal passe inn i eit mønster.
Altfor mange plassar der usagde reglar bind kva vi kan eller ikkje kan gjere.
Og vi blir meir opptatt av kva som er rett å meine,
enn det å elske kvarandre og bygge kvarandre opp.


Den siste veka har eg gått og kjent på menneskefrykta.
Frykta for det ukjende - det utrygge.
Frykt for å gå på tryne, for å bry meg "for masse", 
for å blande meg inn i ting som eg ikkje har noko med, 
frykt for å stille spørsmålet eg ikkje veit svaret på 
 - sjølv om hjertet mitt ropar om at eg bør våge å bry meg..
Så eg vart sittande og tenke på ein sang - eller ei bønn - som Sølvi Hopland har laga, 
og som på eit fantastisk vis formulerer kva eg egentlig ønsker - og treng mot til å våge.


Herre, gje meg dine auge
så eg ser når andre har det vondt.
Herre, gje meg dine auge
så at eg kan skimte smerte gjennom smil

Herre, gje meg dine øyre
så eg høyrer hjertets stille gråt.
Herre, gje meg dine øyre 
så at eg kan høyre tause rop om hjelp.

Herre, gje meg din munn
som seier ord som gleder.
Ord til oppmuntring,
ord til trøyst,
ord som gjev håp.


Herre gje meg dine hender
som alltid mot alle er strakt ut.
Som klappar ei nedtyngd skulder,
som stryk bort ei tåre, som gir og tar imot.

Herre, gje meg av ditt hjerte
så eg lir med menneske som lir,
så eg gler meg med dei glade, 
så at eg kan elske slik som du.



Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
(Joh. 1.5)