søndag 4. mars 2012

Ut av eller bli i komfortsona?

Generelt likar eg nye ting
eg likar utfordringar
og eg meiner seriøst at alt må prøvast før ein seier at ein ikkje likar det.


Men likevel
eg likar meg best når eg har kontroll på det som skjer,
når eg har valgt det - og veit kva eg har valgt.

Og så er det noko som eg trur skjer med alderen,
ein blir meir og meir pysete,
og let's face it: ein blir rett og slett litt lat.
Det er lettare å synke ned i sofaen
enn å presse seg ut på tur,
sjølv om ein veit at ein føler seg så mykje bedre etter ein har vore ute..


Det er lettare å la ting vere som det er
framfor å gjere større eller mindre forandringar,
spesielt hvis forandringa innebærer noko ukjent.
Det er lettare å bli innanfor komfortsona
enn å stige ut av den.
For du veit aldri kva som ventar deg der, 
er det opptur eller nederlag?


Det er vanskeleg å finne ut om ein skal ta sjansen no
eller om tida ikkje er riktig for det.
Kanskje må ein av og til hoppe i det?
Men av og til er det jo også lurt å tenke seg om ein ekstra gong,
ikkje alt toler at ein hoppar på det...


Livet er fullt av små og store valg,
alle får ein eller annen konsekvens.
Nokre valg er vanskelegare enn andre,
nokre får større konsekvensar, 
mens andre knapt er synlege.
Og kanskje kan nokon viktige sjansar gå i frå oss dersom vi ikkje får ut fingern,
og kanskje går vi glipp av den store sjansen om vi ikkje har is i magen..

Ein må jo ut av korga for å oppleve livet, eller...?
Det skal ikkje vere lett, 
dette livet og alle valga det fører med seg.
Skal eg våge meg ut av komfortsona mi
eller skal eg holde meg inne i den?
Eg er jo egentlig ein pose OG sekk person, 
eg vil ha med meg alt. 
Kanskje det er problemet? 
At eg rett og slett ikkje likar å velge?


Eg trur jammen eg må sove på det... ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar