I dag tidleg vakna eg av regn som piska mot ruta og vind som røska tak i innpakninga av Mariakirken.
Det var ikkje fristande å stå opp for å gå på jobb.
Men det var berre å finne fram bergens-burkaen og kjempe seg fram i kvardagen.
Eg er av den vêrsjuke typen, så på slike dagar må eg virkelig ta tak i meg sjølv for å tenke positivt.
Då er det greit å kunne tenke på gledelege ting som for eksempel:
 |
| Ein god start i Wordfeud ;) |
 |
| Popcorn ;) |
 |
| Nybakt brød :) |
 |
| blomsterenger :) |
 |
| Dans :) |
 |
På ein slik dag kan ein synke ned i sofaen med både tv og data
uten dårleg samvit ;) |
 |
| Tanken på at det går mot jordbærsesong! :D |
 |
| Det er lov å unne seg noko varmt til studiene! ;) |
 |
| Vakker musikk! :) |
 |
| Snart er det sesong for peoner! :D |
 |
| Absolutt ein dag for litt luxus! ;) |
 |
| Og du ser ikkje dei skitne vindua når sola ikkje skin. ;) |
 |
| Og det er veldig lov å krype under teppet og nyte ein liten middagslur ;) |
Livet har mykje godt å by på, sjølv på ein regnvêrsdag.
 |
| At det går mot sommar hjelper på det meste! :D |
Det er berre tre veker til påske
og det gledar eg meg til.
Då skal eg heim til Stadt
og etterpå er det vår!
 |
Her havna mange paraplyer i dag som resultat av vinden.
Men lukka er å plassere den der fordi ein ikkje treng den! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar