søndag 23. oktober 2011

Elsk din neste som deg sjølv...

I går var eg på kino og såg ei herleg perle av ein film. Italienske filmar er ikkje noko eg vanlegvis brukar å trakte etter, men det vart liksom beste alternativ i går. Og det er jo ikkje så lenge sidan eg var i Roma, så eg tenkte at eg kom til å overleve uansett.


"Vi har en pave!" var tittelen, og den var svært lun og morsom, men hadde og nokre alvorsord å fortelje oss. Eg anbefaler filmen på det varmaste. Eg trur dette er ein av dei beste filmane eg har sett dei seinare åra! Og eg skal ikkje avsløre korleis den utviklar seg, men ein ting vil eg seie her. For den starta med konklave. Den gamle paven er altså død, og kardinalane er samla for å velge ein ny. Der sat dei ein etter ein og ba til Vår Herre om å sleppe unna oppgåva. Og då den som vart vald ikkje er klar for oppgåva, så prøvar dei, alle som ein, å presse han inn i det. Kva utfall dette gjev får du finne ut ved å sjå filmen. Men det er jo ofte litt sånn, noko eg fekk demonstrert på ein utruleg nærgåande måte i dag.



For eg har vore på gudsteneste i Domkirken i dag. Det var ei flott gudsteneste der mange medvirka. Lanseringa av ny bibeloversetjing vart markert og  Biskopen, min sjef, var også med på moroa der framme.
Dagens preiketekst var frå Markus 12, 26-34. Det handla om kva som er det største bodet. Der Jesus svarar med isralittane si truvedkjenning, at det er å elske Herren din Gud av heile ditt hjarte, av heile di sjel, av alt ditt vit og av all di makt. Og så seier han at det andre er dette: "Du skal elska nesten din som deg sjølv".

Biskopen inntok talarstolen og heldt ei meget bra preike om korleis vi alle er skapt i Guds bilete, uansett kven vi er - om vi er ressurssterke, rike folk, uteligger, papirlaus flyktning eller eit barn som svelt i hel på Afrikas horn. Om vi har plettfritt rulleblad, eller om vi har begått dei grusommaste handlingar så har vi likevel "skapt i Guds bilde"-stempelet på oss.
Og vi sat i benkane og nikka og var enige om at menneske er verdifult og skal behandlast på ein god måte av oss.

Eg møtte dette på eit venterom: Biskopen på framsida av
gatemagasinet Megafon. Syns det passa å illustrere han i dag.

Så skjedde det. Ein av dei lause fuglane i byen kom fram over golvet. I skitten frakk, med hua i handa. Han gjekk sakte, og dei fleste av oss kjenner han nok igjen frå bybildet. Han virka kanskje litt ustabil, han var definitivt annerleis. Og eg ser reaksjonen på dresskledde menn og søndagspynta damer, som for få sekund sidan sat og nikka til talen. Panikk i blikket, eit sterkare grep om handveska og heile kroppspråket fortel at "IKKJE KOM HIT!"

SKAPT I GUDS BILETE!
Og det var lett å dømme, at dei ikkje kunne vere meir åpne og inkluderande! Og så snudde eg peikefingeren mot meg sjølv, for eg sat akkurat som kardinalane i filmen: "Kjære Gud, ikkje la han komme hit!!" Eg sat på nåler og tenkte "tenk om han forstyrrar biskopen! Håpar nokon andre kan ta tak i dette og at alt går roleg for seg!" Og eg var flau over min eigen reaksjon, og eg skammar meg! Det var til slutt nokre unge jenter som ga plass til han - og han sat der ei stund før han gjekk.



Kven er min neste? Er det ikkje menneska som eg møter i kvardagen? Kva betyr det egentlig å elske nesten sin? Eg trur det handlar om val, om å ikkje alltid tenke på eigen komfort, men om å bøye seg ned for å løfte andre opp. Det handlar om å handle, å gje plass i kyrkjebenken for ein som ikkje lever som oss "normale". Det handlar om å gje nokre kroner ekstra til nødhjelpsarbeid, slik at i allefall eitt barn kan gå mett til sengs i kveld. Det handlar om å stoppe opp og sjå seg rundt i blant, gje ein blomst til ein kollega som gjer ein bra jobb, spandere ein kopp kaffe på ein venn, kjøpe ei pølse til ein som er svolten, gje ein klem til nokon som er åleine, tilby å hjelpe naboen når du ser at bæreposane er ekstra tunge og kanskje invitere nokon til middag? Eller kanskje noko så enkelt som å ringe politiet når bilen framfor deg på vegen oppfører seg merkeleg, eller spørre ho som stadig kjem med blåmerker om det er noko du kan gjere for henne, eller bruke ein time på å høyre eit barn fortelle historia det ynskjer å fortelje deg. Det er mange måtar å gjere det på, men det handlar om å sjå og å gjere noko med det ein ser.



Det er definitivt enklare å håpe på at nokon andre vil møte behova ein ser, at nokon andre vil hjelpe. Det er mykje meir behageleg der og då. Men er det like behageleg i lengda? Og kva om det er du som treng at nokon bryr seg? Kva om alle vel å gå forbi?
Det er ubehageleg å tenke på. Eg trur vi må starte med å sjå på kva valg vi tek. For kjærleiken kjem ikkje av seg sjølv..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar