tirsdag 18. oktober 2011

Innhald søkes!

Eg var på møte i går. Det var eit både fint og salig møte. Men eg har blitt gåande og gruble etterpå.

Det var nemleg ein som sa "Nåden bærer deg gjennom dagen!" Det høyres fint ut, ikkje sant? Men kva betyr det egentlig? Eg må ærleg innrømme at eg føler sjeldan at noko ber meg gjennom dagen. Eg forstår jo at dette er i ei overført betydning, men likevel.. Eg syns at nokre dagar går eg berrføtt i blomsterenga medan sola skin, medan andre dagar vassar eg i altfor store sko med piskande motvind og regn.

Det er ikkje lett å velge rette sko alltid..

Og kva er nåde, sidan den skal bere meg? For meg handlar nåde om Guds kjærleik og at eg får komme til Han med alt som gjekk gale, og han lar meg sleppe unna straffa. Ikkje fordi eg fortjenar det, men fordi han elskar meg. Det betyr ikkje at eg slepp konsekvensar av det eg har gjort her og no, men det betyr at eg har eit evig liv i vente. Eg trur faktisk på akkurat det. Det er ikkje nåde som ber meg i tilfelle det er noko som gjer det, men den nådige Gud. Ikkje den guden som ikkje er lunefull eller distansert, men den Gud som bryr seg og har omsorg for meg og alle andre menneske. For meg handlar nåde om ei handlig som Gud utfører. Korleis kan den då bere meg gjennom dagen?

Dette er kva nåde er for meg - kanskje litt svevande sagt... ;)

Eg trur på ein Gud som held alt liv oppe, som sørgar for at det blir ein ny dag i morgon. Ein Gud som har gitt meg gode levereglar, som vil gje meg og menneska rundt meg eit særdeles godt liv om vi vel å fylgje det som står i Boka. Men eg veit at både eg og mine medsammensvorne bryt dei titt og ofte, og at vi har herpa jorda og det som fyller den, i staden for å ta vare på det. Og vi må leve med konsekvensane av det. Likevel trur eg Gud stadig strekker ut hendene til oss og ynskjer å gje oss alt som er godt for oss.


At nåden ber meg gjennom dagen, det er ei meiningslaus setning for meg. Sjølv om eg, dersom eg legg godviljen til, forstår kva han meinte - han som sa det. Og eg syns ofte vi har ein del underlege formuleringar, vi som trur på Gud, også kjent som kristne. Det er som om vi må sveve oppe på ei sky for å forstå det.


Eg syns at det er vanskeleg å forholde meg til det. Eg likar ting som kan bevisast, som kan kjennast på, sjåast og som kan på ein eller annan måte dokumenterast. Og eg likar språk, godt språk. Eg er av dei som irriterar meg grøn over ordelingsfeil og at "og" og "å" ikkje er riktig brukt. Eg forstår sjølvsagt at det ikkje alltid er like lett, så eg prøvar å ikkje kommentere det for ofte.

Sjølv eg kan gjere språkelge bommertar.. 

Men eg syns at kristelige fraser ofte blir litt "skru inn ein spiker" eller "høyre skriften på veggen". Du forstår kva ein vil fram til, dersom ein er inne i sjargongen, men innhaldsmessig er det rimeleg tomt dersom du tek det for det som faktisk blir sagt.

Eg, i likhet med heile min rase, syns ofte det er vanskeleg å finne orda for å beskrive trua. Så på ein måte forstår eg det, men på ein annan måte forstår eg det ikkje. Er det ikkje muleg å beskrive det vi trur på utan å bruke fraser som vert svevande? Og kan det vere at vi litt for ofte tyr til den lettaste utvegen? Gøymer vi oss bak det vi har høyrt andre seie? Stolar vi blindt på predikanten på bedehuset?

Eg har høyrt fleire seie at "dersom du berre tek i mot Jesus.." Eller "du må berre tru..".  Eller "Du må berre be, så skal du få sjå.." Kanskje er det eg som problematiserer, men eg har tenkt mykje på det, og eg får det ikkje til å vere så enkelt.


For ca 10 år sidan sat eg på kafè med ein kamerat. Vi snakka om dette med tru og tvil. Han hadde akkurat vore med meg på gudsteneste i Storsalen. Han lista opp ein gjeng av våre felles vener, alle kristne. Og så kom dilemmaet: "Liv-Helga, vi vaks opp i lag, var på same møter, same leirar. Dei vart kristne, og eg greier ikkje å tru. Eg har bedt og prøvd, men eg greier det berre ikkje. Kvifor er det slik?"
Eg kunne ikkje svare han. Eg kan framleis ikkje svare han.

Og så mange menneske har bedt om ulike ting gjennom livet, og opplevd at dei ikkje får dei svara som ein skulle ynskje. Den sjuke dei var glad i, døde. Livskrisa dei stod i, utløyste eit skred av problem - det kom inga løysing rekande på ei fjøl. Det kom ingen quick-fix-løysing på problemet. Trua ein ynskte seg kom aldri. Og ein sit igjen med tvil, skam og mange "kvifor".


La det vere sagt: Eg trur Gud høyrer når eg ber. Eg trur at det nyttar å be. Men eg trur og på ein Gud som er så utruleg mykje større enn det eg kan fatte, og som har så enormt mykje betre oversikt enn meg - og difor kan eg ikkje diktere Han i kva han skal svare. Men eg trur ikkje på svar som: "Det var nok ei meining med det!" Vondskapen har vi greidd å framdyrke sjølv, og konsekvensane av det er ein del av dette livet. Ikkje alt treng å ha ei meining!

Eg ynskjer å vere ein tydeleg kristen. Eg ynskjer å formulere meg med eit innhald. Eg ynskjer å ta livet og menneske på alvor, og ikkje berre vrenge av meg lettvinte flokser. (uansett kor teologisk korrekte dei måtte vere) Eg har fått ei hjerne som Vår Herre sørga for var sånn passe skarp på enkelte områder. Eg trur Han vil at eg skal bruke den, at eg skal tenke, fundere, argumentere og diskutere. Eg trur ikkje det er verken synd eller gale å tilnærme seg Ordet på ein intelektuell måte. Det er slik eg fungerer. Og det er ikkje alt eg forstår, det er mykje som står i Bibelen som eg ikkje kjem til å forstå på denne sida av evigheta. Det er ein av dei tinga som gjer at eg trur.

Eg stod bakerst i køa då besjedenhet vart utdelt..

Og eg håpar at mine medkristne tek seg sjølv litt i nakken og tenker igjennom kva dei egentlig ynskjer å formidle, og tenker igjennom korleis dei skal seie det. Eg vil i allefall prøve på det. Eg trur det er ei sunn øving for oss alle. Kanskje vil det føre til at liv og lære henge bedre saman også?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar